Skip to main content

Sicilia med Sturla Ellingvåg

2. - 9. oktober 2021.

Bli med på ein spennande tur til den store, eksotiske øya Sicilia. Vi er så heldige å ha med oss historikaren Sturla Ellingvåg, som er ekspert på DNA i historieforskinga. Han bruker kunnskapane sine til å finne ut meir om det normanniske kongedømet som vart skapt på Sicilia i mellomalderen. I 2018 fekk Ellingvåg opna ei grav til den mest berømte normannarfamilien på øya. Det vart teke DNA frå beinrestar, og det store spørsmålet er om ein kan finne ut om normannarane er direkte etterkommarar av Gange-Rolv og vikingane frå Norge og Danmark. Dette og meir om normannarane vil vi høyre mykje om på denne turen. 

I tillegg får vi mange og rike opplevingar denne veka i haustvarmen i sør. Med guiding blir vi godt kjende med hovudstaden Palermo, som er på UNESCO si verdsarvliste for eineståande arkitektur i arabisk-normannisk stil. Her ligg også Palazzo dei Normanni som var slottet til dei normanniske kongane. Vi besøkjer elles dei sjarmerande og idylliske småbyane Monreale, Cefalù, Corleone og feriestaden Giardino Naxos. Den venteleg største opplevinga er eit besøk på vulkanen Etna, der vi kjem opp til eit av dei viktigaste kratera og får ei storarta utsikt. 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 2. oktober - Reisa til Palermo

    Avgang frå Oslo om føremiddagen med mogeleg tilknyting frå andre byar ved bestilling. Flybyte i Zurich og framme i Palermo utpå ettermiddagen.

    Sicilia har hatt ei svært sentral plassering i Middelhavet alt frå oldtida, og dette ber Palermo preg av. Byen vart grunnlagd av fønikarane for om lag 3000 år sidan. Dei kalla den Panormos som tyder hamn. Fram til ca. år 800, under herredømmet til arabarane, vart Palermo sett på som den vakraste byen i verda ved sida av Kairo og Cordobla i Andalucia.

    Etter ein liten busstur sjekkar vi inn på det enkle og koselege hotellet vårt som ligg i sentrum av byen.

    Vi møtest så i resepsjonen for eit kort informasjonsmøte før vi går ut til felles middag på ein typisk italiensk restaurant.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 3. oktober - Opphald i Palermo

    Etter frukost startar vi dagen med vandretur i Palermo med ein engelsktalande guide. På vandringa vår går vi til den gamle, vakre bydelen, som står fram med eit arkitektonisk mangfald frå fleire kulturar og erobrarar. Vi kikkar på kyrkjene San Giovanni Eremit frå 1148 og San Cataldo frå 1154 og går vidare til Palazzo dei Normanni. Der finn vi også den vesle kyrkja Cappella Palatina, som har ei blanding av arabisk, normannisk og bysantisk stil. Det vakre interiøret er dekka av gullmosaikk. Til slutt får vi med oss Palazzo dei Normanni, som var slottet til dei normanniske kongane. Bygginga starta opp på 800-talet av emiren av Palermo, men vart seinare og på 1100-talet bygd vidare ut av dei normanniske kongane, og då særleg av Roger II. Det blir ein føremiddag med mykje spennande historie, men vi får også med oss folkelivet og atmosfæren i den moderne storbyen med knapt 670 000 innbyggjarar. Elles kan vi nyte ein typisk siciliansk lunsj i gamlebyen, gjerne saman med reiseleiarane.

    Etter lunsjen har vi noko tid på eiga hand, før vi møtest på hotellet til den første forelesinga med Sturla Ellingvåg. Då snakkar han om krossferdene til Jerusalem, og kva dei hadde å seie for maktstillinga i Middelhavet.

    Om kvelden blir det fellesmiddag på ein god restaurant.
    (F, M)

  • Dag 3: Måndag 4. oktober – Utflukt til Monreale

    Etter frukost startar vi med ei forelesing på hotellet av Sturla Ellingvåg. Deretter køyrer bussen vår oss til den vesle og koselege byen Monreale for blant anna å oppleve den storslegne katedralen der. Den er ein av de mest besøkte bygningane på Sicilia og står i dag heilt intakt med heile si prakt. Kong William II av Sicilia kom i konflikt med den mektige erkebiskopen av Palermo. Difor starta kongen arbeidet med katedralen i år 1174 i Monreale, og ikkje i Palermo. Berre etter kort tid vart dette ein av dei aller vakraste mellomalderbygningane i heile Italia. Inne i katedralen finn vi fantastiske mosaikkkunstverk som skildrar både karakterar og episodar frå Bibelen.

    Monreale byr elles på appelsinhagar, galleri med moderne kunst, grotter og eineståande utsikt over Oreto-dalen. Vi tek oss god tid i byen, slik at dei som har lyst til å gå inn i klosteret eller rusle ein tur rundt i Monreale, får høve til det.

    På vegen tilbake til Palermo stoppar bussen ved borga Castello delle Ziza, som var normannarkongane sin sommarresidens og står oppført på UNESCO si verdsarvliste. Dei som har lyst til å bli med Sturla Ellingvåg på ei lita omvising her, får høve til det (billett ca. 6 euro). Elles kan ein følgje bussen tilbake til hotellet. Dei som blir att, får ein fin spasertur på om lag ein halv time tilbake til hotellet.

    Denne kvelden er det middag på eiga hand, og reiseleiarane kjem med forslag på gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 4: Tysdag 5. oktober – Fritid

    Denne dagen får vi høve til å oppleve Palermo på eiga hand. Vi kan blant anna foreslå eit besøk på matmarknadene Ballerò og Mercato Il Capo. På veg til desse stadene går vi gjennom sentrale delar i byen. Inne på marknadene møter vi ei framand verd for oss med angen av sjeldne krydder. Vi får smake på typiske lokale produkt som darancine, panelle og crocchè. Elles bognar det av alle typar eksotiske frukter, sjeldne grønsaker, kjøtt, fisk og skaldyr og mykje meir. Like i nærleiken av desse attraksjonane ligg loppemarknaden Mercato della Pulci, der det er eit yrande folkeliv. Vi må også nemne all gatematen som blir bydd fram i området.

    Dersom du vil sjå meir av Palermo, kan du oppleve mykje av byen frå ein sightseeingbuss, eller du kan ta ein tur til dei kjende handlegatene Via Ruggero Settimo og Via Libert. Dessutan har du også sjansen til å unne deg ein dagstur til dei eoliske øyane med hurtigbåt frå hamna i Palermo. Om du ønskjer å sjå på fleire vakre kyrkjer, kan vi absolutt anbefale Martorana (Santa Maria dell ‘Ammiraglio).

    Middag på eiga hand.
    (F)

  • Dag 5: Onsdag 6. oktober - Utflukt til Corleone

    Mafiaen har dominert på Sicilia sidan 1800-talet. Dei er berykta for kriminell aktivitet, og ikkje minst angrep på medlemmer av den italienske påtalemakta. Byen Corleone, med sine 12 000 innbyggjarar, har i mange år levd i skuggen av det som var fødestaden til den tidlegare mafiabossen, Salvatore Riina. Namnet på byen vart også nytta som etternamn på tittelkarakteren i den verdskjende filmen «Gudfaren». I dag tek Sturla Ellingvåg oss med inn i historia om røtene til mafiaen på Sicilia.

    Denne dagen dreg vi til Corleone for blant anna å besøkje Anti Mafia-museet der. Det vert sagt at både byen og kulturen der er forma av mafiaen, som i generasjonar har dominert bysamfunnet. Først i den seinare tida har innbyggjarane byrja å ta opp kampen mot korrupsjonen og valden. På museet får vi ta del i historia til denne kriminelle organisasjonen. Sterke foto gjer til at vi verkeleg får ei forståing av kva mafia har vore, og korleis den står fram i det italienske samfunnet i dag.

    Vi får også besøkje katedralen i byen, Chiesa di San Domenico, nyte ein god lunsj og elles ei fantastisk fin utsikt frå trappegangen ved munkeklosteret. Middag på eiga hand når vi er tilbake på hotellet i Palermo.
    (F, L)

  • Dag 6: Torsdag 7. oktober – Frå Palermo via Cefalù til Giardini Naxos

    Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet og køyrer langs den vakre kysten til Cefalù. På bussturen dit foreles Sturla om den fleire tusen år gamle byen og normannarkatedralen der. Det blir fortalt at normannarkongen Roger II fekk bygd katedralen nettopp i Cefalù som takk fordi han på ei sjøreise vart redda i ein storm og bles i land ved byen.

    Vi startar med å besøkje den vakre katedralen, som står like under den ruvande klippen, La Rocca. Bygninga er majestetisk og utsmykka med to massive tårn på kvar side av fasaden. Interiøret er godt bevart og dekorert med spissbogekvelvingar som er fletta saman i normannisk stil. Overalt i Cefalù blir vi minna om byen si lange historie frå grekarane grunnla den til den i 1063 vart erobra av normannarane, noko den framleis ber tydeleg preg av. Busetnaden er nokså tett rundt katedralen og strekkjer seg heilt ned i strandkanten der vi finn romantiske restaurantar som serverer typiske sicilianske rettar. Vi vandrar rundt i dei smale, pittoreske gatene før det er tid for lunsj på eiga hand.  Byen har ei fin badestrand, og det er gode tilhøve for eit bad i sjøen.

    Etter opphaldet i Cefalù køyrer bussen oss til austkysten av Sicilia til feriestaden Giardino Naxos, som ligg like i nærleiken av vulkanen Etna. Der skal vi overnatte på eit enkelt og koseleg hotell.

    Middag på eiga hand.
    (F)

  • Dag 7: Fredag 8. oktober – Vulkanen Etna og besøk på vingard

    Etter frukost på hotellet vårt i Giardino Naxos køyrer bussen oss mot Europas største vulkan, Etna. Dette området er dominert av store krater, ville fjellparti og ei høgde på rundt 3330 moh. Vulkanen har ført til ei grøderik jord der ein produserer vin, ost, honning og frukt. Guiden vår gir oss eit historisk oversyn om denne fantastiske og aktive vulkanen. Vi skal beundre den flotte utsikta på veg opp til besøkssenteret, reise vidare med gondolar og nyte utsikta frå terrengbussar, før vi går til toppen på eit av dei sentrale kratera på Etna. Her får vi kjenne på dei enorme kreftene som er like under skoa våre. Varmen frå vulkanen merkar vi godt berre ved å leggje handflata på bakken. Dette er ei oppleving vi seint vil gløyme!

    Reisa held fram med gode opplevingar på ein vingard og viser kva Etna kan bidra med både når det gjeld mat og drikke. Vi får også vinsmaking og omvising, før vi returnerer til hotellet vårt i Palermo.

    Denne kvelden møtest vi til felles avslutningsmiddag på ein restaurant like ved hotellet.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Laurdag 9. oktober – Heimreise

    Etter ein tidleg frukost sjekkar vi ut av hotellet og tek bussen mot flyplassen utanfor Palermo. Fly med mellomlanding i Frankfurt til Oslo og tilknyting til andre byar i Noreg på førespurnad.
    (F)

Reisekalender
19/11Førjulstur til vakre WienFrå 10 990,-
25/11Vandretur på paradisøya MadeiraFrå 13 975,-
29/12Nyttårsfeiring i RomaFrå 13 950,-
12/2Vandretur på Gran CanariaFrå 17 950,-
12/2Vandretur på Gran CanariaFrå 17 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo