Skip to main content

Slaget i Hafrsfjord med Torgrim Titlestad

22.-25. april 2021.

Det er snart 1150 år sidan Harald Hårfagre i slaget i Hafrsfjord samla Norge til eitt rike. Stavangerhalvøya og Karmøy hadde ei særleg viktig strategisk og geopolitisk rolle ved Norskekysten i mellomalderen. Dette vil vi fokusere på i denne turen. Vi er så heldige å få med professor Torgrim Titlestad som guide og foredragshaldar. Han er ein av våre aller fremste ekspertar på vikingtida og er ein ypparleg formidlar.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 22. april – Stavanger

    Transport på eiga hand til Stavanger. Vi startar turen med oppmøte på hotellet og med ein vandretur kl. 15.15 til Gamle Stavanger med ein spesialguide. Første stopp er Viking House ved Skagenkaien som er eit Virtual Reality-basert opplevingssenter om vikingtida. Vi går om bord i «skipet» og blir med på eit eventyr tilbake i tid, der vi får oppleve den spennande historia og kulturarven vår på ein unik måte.

    Vidare går vegen til Stavanger Museum og vi får høyre om krossen til minne om Erling Skjalgson som er plassert i vestibylen der. Denne krossen blir av fleire fagfolk rekna som Norges eldste rikshistoriske monument. Ein kopi av krossen er reist ved Sola Kulturhus. Til slutt går turen til den vakre og storslegne Stavanger domkyrkje frå første halvdel av 1100-talet. Denne domkyrkja er den einaste i landet vårt som har vore i kontinuerleg bruk sidan 1300-talet.

    Før middag får vi det første foredraget av Titlestad: Det tapte Hafrsfjordriket, Harald Hårfagre og bakgrunnen for rikssamlinga.

    Middag på hotellet om kvelden.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 23. april – Hafrsfjord

    Denne dagen blir det busstur rundt Hafrsfjord der vi får med oss dei historiske attraksjonane. Vi besøkjer det nybygde Jernaldermuseet og den nyrestaurerte jernaldergarden på Ullandhaug. Det er eit rekonstruert gardsanlegg frå folkevandringstida, ca. 350-550 e.Kr. Garden har eit flott utsyn over Nord-Jæren og Hafrsfjord. Som det einaste i sitt slag i Norge, er garden atterreist på tuftene etter ein bondegard frå folkevandringstida.
    På haugen like ved garden ligg den siste av dei tre stjernegravene frå før vikingtid. Vi går vidare den korte vegen opp på utsiktsplassen Ullandhaug med dei historiske minnesteinane om slaget ved Hafrsfjord.

    Vi køyrer så rundt Hafrsfjord frå nordsida og får med oss minnesmerket Sverd i fjell, som har fått karakter som riksmonument og står like ved innløpet til fjorden. Det er laga av bildehoggaren Fritz Røed og vart avduka av kong Olav V i 1983. Det er tre store sverd som er sett ned i berget. Det største på 9,2 meter representerer den sigrande kongen, medan dei to andre symboliserer dei tapande småkongane. Sverda er sett ned i fjellet for at dei aldri meir skal brukast. Såleis representerer monumentet også eit fredssymbol. Deretter køyrer vi til Gausel og ser restane etter Gauseldronninga (død ca. 850), som er eit av dei rikaste gravfunna i Norge etter Oseberg-funnet.

    Turen går vidare til Sola, der det først blir lunsj på eiga hand før vi får med oss Bygdeborga ved Ytraberget, som var ein viktig stad under slaget ved Hafrsfjord i 872. Ved 1100-årsjubileet i 1972 avduka kong Olav V ein bauta her. Til slutt dreg vi vidare til Sola ruinkyrkje frå 1100-talet, som no er restaurert. På vegen tilbake til hotellet besøkjer vi området til Erling Skjalgson.

    Før middagen på hotellet får vi nytt foredrag av Titlestad: Sjølve slaget i Hafrsfjord og verknaden av det.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 24. april - Avaldsnes og Haugesund

    Etter frukost på hotellet i Stavanger køyrer vi med buss til Haugesund med guide undervegs. Vi køyrer direkte til riksmonumentet Haraldshaugen, lokalt også kjent som Haraldsstøtta. Dette monumentet er til minne om Harald Hårfagres samling av Norge i 872. Støtta vart avduka i 1872 i samband med tusenårsjubileet for slaget i Hafrsfjord. Monumentet står på ruinane av steinkyrkja på Gard nord for Haugesund på staden der ein meiner Harald Hårfagre vart gravlagd.

    Minnesmerket er teikna av arkitekt Christian Christie og forma som ein stor gravhaug omkransa av ein granittmur med 29 bautasteinar, ein frå kvar av dei gamle norske fylka. På toppen av haugen står ein 17 meter høg granittobelisk.

    Etter lunsj køyrer vi vidare til Bukkøy der Vikinggarden ligg. Denne attraksjonen er atterreist på grunnlag av arkeologiske funn gjort i Rogaland. På vikinggarden kan vi besøkje Langhuset, Rundhuset, Grophuset og Leidangernaustet. Desse tradisjonstru omgjevnadene gir oss ei sterk kjensle av å vere attende til vikingtida.

    Vi dreg så til sentrum av Haugesund og tek inn på hotellet vårt der. Her får vi foredrag av Titlestad: Kvifor Karmøy var eit spesielt strategisk viktig område i vikingtida?

    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 25. april - Haugesund og heimreise

    Etter frukost får vi det siste foredraget av Titlestad på turen: Kvifor har slaget i Hafrsfjord og Avaldnes med kongsgarden til Harald Hårfagre komme så i skuggen av Stiklestad og heilag Olav?

    Før lunsj får vi ein guida vandretur i Haugesund med vekt på den gamle delen av byen, og kva som gjorde at det vaks fram ein by akkurat her.

    Frivillig lunsj på hotellet. Heimreise på eiga hand.
    (F

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
22/4Stavanger og HaugesundMeir enn 812 950,-Bestill
  • RGF Logo