Slik er eit elvecruise
Dei fleste som vurderer elvecruise for første gong, ser for seg dei store havskipa med tusenvis av passasjerar, basseng og kveldsshow. Eit elvecruise er noko heilt anna.
Skipet er lite
Eit elveskip må kome under bruene og gjennom slusene, så det kan ikkje vere stort. Du går frå baugen til hekken på eit par minutt, og etter to dagar kjenner du att dei fleste om bord.
Nettopp fordi skipet er lite, legg det til kai midt inne i byane. Du går i land til fots, rett ut i gata. Ingen tenderbåtar, ingen buss frå ei hamn langt utanfor sentrum.
Du blir ikkje sjøsjuk
Dette er spørsmålet vi får oftast. Ei elv har ingen dønningar. Skipet ligg stille i vatnet, og mange som har stått over havcruise av frykt for sjøsjuke, reiser elvecruise heilt utan problem.
Ein dag om bord
Du vaknar som regel i ein ny by. Formiddagen går til utflukt eller til å gå rundt på eiga hand, og så seglar skipet vidare medan du et lunsj.
Ettermiddagane er den beste delen for mange. Landskapet glir forbi i gangfart, så nært at du ser folk i hagane sine. Det er ein roleg måte å reise på, og du pakkar ut når du kjem om bord og ned igjen når du skal heim.
Nokon fortel deg kva du ser på
På turane våre er det alltid minst ein norsk reiseleiar og ein fagguide om bord. Fagguiden held foredrag medan vi seglar, og er med i land.
Det er skilnaden på å sjå ei borg og å forstå kvifor ho står akkurat der. Fagguiden gjer at du lærer noko på vegen, og bidrar med underhaldning, kunnskap og forståing.
Vi leiger heile båten
Dette skil turane våre frå dei fleste andre. Vi leiger heile skipet, så det er ingen andre turistar om bord. Alle du møter er på same tur som deg.
Mannskapet er på jobb for éi gruppe i staden for fire reisefølgje på fire språk, og mat og drikke er inkludert. Det gjer noko med stemninga. Folk et saman, og dei same ansikta går igjen heile veka. Den tilbakemeldinga vi oftast får etter eit elvecruise er at dei fleste har funne seg nye vener om bord, og at det har vore veldig sosialt og kjekt.
Kvar vi seglar
Rhinen og Mosel er den klassiske. Tett med borger, bratte vinmarker, og korte avstandar mellom stoppa.
Donau går austover gjennom fleire hovudstader. Byane her er bygde med fasaden mot elva, så du ser dei slik dei var meint å bli sett.
Nilen liknar ikkje på nokon av dei. Her ligg tempel og gravkammer langs breiddene, og ørkenen startar rett bak den grøne stripa.
Seinen tek deg frå Paris og ut mot Normandie. Den set vi opp med jamne mellomrom.
Passar det for meg?
Eit elvecruise passar godt om du vil sjå mykje utan å flytte bagasjen, og om du set pris på at nokon forklarar det du ser.
Det passar dårlegare om du vil ha basseng, nattklubb og mange menneske å velje mellom. Dei fleste gjestane våre er mellom seksti og åtti år, men vi har folk i alle aldersgrupper med på kvar einaste tur, og alle er like nøgde og forbausa over kor fint det har vore. Veldig mange kjem att året etter for å bli med på ei ny reise.

.jpg)



