Skip to main content

Smaken av Campania og Sorrento

15. - 19. april 2024

Bli med Fotefar på ein unik tur til historiske og vakre Sør-Italia. På denne turen skal vi få oppleve den ekte smaken av Campania og folkelivet på den italienske landsbygda. Vi bur i Benevento der fleire monument er frå Romarriket. Mest kjend er Arco di Traiano eller Trajanbogen, som vart oppført i åra 114–117 til ære for keisar Trajan.  Eit anna monument er Teatro romano di Benevento, eit godt verna romersk amfiteater med plass til rundt ti tusen tilskodarar og vart først bygd under keisar Hadrian i år 126.

Det er italienske Giovanni og norske Nils Johan som er vertskapet vårt desse dagane. Dei skal ta oss med til sin eigen olivengard Uliveti Castel San Martino ved landsbyen Solopaca. Vi vil få smake på det beste av olivenolje, ost, pasta vin og skinke frå området - alt frå handplukka småprodusentar. Det er viktig for Giovanni og Nils Johan at vi får møte menneska som produserer maten, så på denne turen kjem vi tett på folka og kulturen i landsbyane. Det vert også litt tid til å senke skuldrane og nyte det gode livet i Italia.

I tillegg vert det høve til å bli med på ei dagsutflukt til vakre Sorrento, som er kjend for solmodne appelsinar og sitronar. På Sorrento-halvøya møter dei bratte klippene azurblått hav, og legendene fortel om havfruer som brukte å sole seg på klippene i Sorrento og lokke til seg mang ein sjømann.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 15. april - «Gullet i Sannio» olivengarden Uliveti Castel San Martino

    Fly til Napoli frå Gardermoen om morgonen.

    Framme i Napoli ventar bussen på oss for å ta oss med ut til landsbygda utanfor Napoli, eit sjarmerande område der det endå er lite turistar. Når vi kjem inn til den vesle landsbyen Solopaca, vert vi ønskt velkomen av Nils Johan og Giovanni. I tillegg møter vi Luigi, som er tidligare leiar av Slow-food organisasjonen i området. Desse tre vil vere vertskapet vårt desse dagane i Campania.

    Første punkt på programmet er ein tradisjonell lunsj i det fri, La Cofana. La Cofana er lunsjen arbeidarane har ute i olivenlunden i perioden dei haustar oliven. Etter lunsjen skal vi ned til byen for ein rusletur og inn på kommunehuset for å lære meir om olivenolje.  

    Om ettermiddagen køyrer vi til det 4-stjerners hotellet vårt i Benevento for innsjekking. Hotellet har symjebasseng, og på bestilling kan ein nytte badstove, boblebad og kanskje ein god massasje.

    Om kvelden ruslar vi ein tur for middag på ein lokal restaurant.
    (L, M)

  • Dag 2: Tysdag 16. april - «Smaken av Sannio»

    Etter frukost går turen til den vesle landsbyen Pietraroja, som ligg 818 moh. i Sannio, i eit område i provinsen Benevento. Programmet i dag har Giovanni og Nils Johan kalla for Sapori del Sannio, altså smaken av Sannio. Det blir ein dag med fokus på lokalmat og gode smakar.

    I Pietraroja skal vi møte Rosa, som skal vise oss korleis ho lagar den lokale pasta-typen Carrati. I tillegg er Pietraroja vide kjend for skinkeproduksjon. I fleire hundreår har skinkene i Pietraroja vore kjende og rekna for av dei aller beste. Vi skal innom eit heilt spesielt museum der vi får innsyn i ein av løyndomane bak den framifrå gode smaken på skinkene. På museet vil vi få ein aperitiff og ein smak av den lokale skinka.

    Vi dreg vidare til den vesle nabolandsbyen, Cusano Mutri, der vi skal ete lunsj hos Giovanni, dagens leier av områdets slow-food-organisasjon.

    Etter lunsj skal vi rusle ein tur rundt i den vakre vesle byen, men sine trange sjarmerande gater. Vi endar opp hos Roberto og vil få smake på «gelato» og kaker frå konditoriet hans. Kanskje er dette verdens beste is?

    Tilbake i Benevento kan ein nytte tida som ein sjølv ønsker. Middag på eiga hand. Reiseleiar kjem gjerne med tips til restaurantar.
    (F, L)

  • Dag 3: Onsdag 17. april – Fridag

    Etter ein god frukost på hotellet kan ein nytte dagen som ein vil eller ein kan bli med reiseleiar på ei dagsutflukt til vakre Sorrento, området med solmodne appelsinar og sitronar.

    Om ein ønsker å gjere noko på eiga hand, er Benevento ein triveleg by med fleire monument frå Romarriket. Mest kjend er Arco di Traiano eller Trajanbogen, som vart oppført i åra 114–117 til ære for keisar Trajan. Den er 15,6 meter høg og 8,6 meter brei og rikt dekorert. Eit godt verna romersk amfiteater med plass til rundt ti tusen tilskodarar vart først bygd under keisar Hadrian i år 126. Benevento har også eit rikt og variert utval av butikkar.

    Det går elles fleire daglege tog til Napoli (togbyte i Caserta). Grekarane kom til dette fruktbare området omkring 500 år f. Kr., og Napoli er ein av dei aller eldste byane i Europa som ikkje har vorte utsett for øydeleggingar. Universitetet i byen, Frederici II, vart grunnlagd i 1224 og er truleg verdas eldste ikkje-kyrkjelege universitet. Frå 1282 til samlinga av Italia i 1861 var Napoli hovudstaden i eit kongedømme i Sør-Italia og Sicilia. I fleire hundreår til 1800 var Napoli ein av dei mest folkerike byane i Europa. Sentrum i byen er som eit levande museum med palass, kyrkjer, kloster og  museum. Storbyområdet har omkring 3 millionar innbyggjarar og ligg vakkert til ved Napolibukta.

    Utflukt saman med Uliveti til Sorrento
    Vi startar dagen med buss frå Benevento til Sorrento-halvøya, der vi skal vitje ein sitronfarm. Her skal vi få lære om korleis dei foredlar og brukar sitronar til både mat og likør. Det er også sitronar frå Sorrento som vert brukt som smakstilsetjing i olivenoljen til Uliveti. Vidare går turen utover halvøya og til byen Sorrento. Her vert det både lunsj og byvandring, i tillegg til tid på eiga hand. Kanskje er det nokon som vil ha seg eit bad? Her møter i alle fall azurblått hav, bratte klipper, og legendene fortel om havfruer som brukte å sole seg på klippene i Sorrento og lokke til deg mang ein sjømann. På sein ettermiddag køyrer vi tilbake til Benevento. Pris for utflukta inkl. lunsj er kr. 2550,- pr. person.

    Middag på eiga hand. Reiseleiar kjem gjerne med tips til restaurantar.
    (F)

  • Dag 4: Torsdag 18. april – Middelalderbyen Guardia Sanframondi

    Etter frukost kan du anten bruke delar av dagen på hotellet og i nærområdet rundt hotellet.  

    På tidleg ettermiddag er det tid for avreise til den mindre middelalderbyen Guardia Sanframondi. På vegen dit stoppar vi hos vinprodusenten Aia del Colombi for ei lita omvisning. Framme i Guardia Sanframondi, ruslar vi ein tur i den sjarmerande byen. Her er gatene bratte og fulle av karakter. På ei høgde i den gamle delen av sentrum, ligg borga Castel of Guardia Sanframondi. Vi skal besøke takterrassen på borga som gir ei fantastisk utsikt over vinranker og olivenlundar i Valle Telesina. Denne delen av byen er også blitt ettertrakta blant napolitanarar, og fleire og fleire av husa er i seinare tid kjøpt og renovert til ferieformål . I ei av smågatene i rota av borga ligg restauranten Casa Palladino. Det er her vi skal ha avslutningsmiddagen vår.  
    (F, M)

  • Dag 5: Fredag 19. april - Heimreise

    Etter ein tidleg frukost på hotellet, køyrer bussen oss frå Benevento til flyplassen for heimreise.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
15/4OsloCampaniaMeir enn 822 950,-BestillMer informasjon
15/4Campania
Utan flyreise
219 990,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo