Skip to main content

Smaken av Toscana - Trøffel og Brunello

11. - 15. november 2022.
Med sommelier Anniken England.

Velkommen med på ei reise til vakre Toscana. Her får vi oppleve ein fantastisk trøffelfestival, utsøkt Brunello, lokale rettar og gode ostar. Området er spesielt kjent for nydeleg mat og drikke, så her kan vi verkeleg leve det gode liv. Vi bur i landsbyen San Miniato midt under den årlege trøffelfestivalen, der vi får smake på alt det beste regionen har å by på. Sommelier Anniken England blir med på turen og viser oss noko av dei fantastiske vinane i området.

Anniken står bak selskapa Ypper, Druefin og Tre løk og en Franskmann.

 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 11. november – Framme San Miniato

    Avreise frå Bergen om morgonen (via Oslo) og Gardermoen på formiddag med Lufthansa via Munchen til Firenze. Framme i Firenze køyrer bussen vår oss til den idylliske byen San Miniato i Toscana. Vi sjekkar inn på det 4-stjerners hotellet vårt, Hotel Miravalle, der vi skal bu heile opphaldet vårt i Toscana. Fotefar har brukt dette typisk toscanske hotellet i mange år, og vi likar oss spesielt godt her. Fellesmiddag på hotellet om kvelden. Her får vi smake på trøffel for første gong på turen. Denne helga vert ein av Toscanas største trøffelfestivalar arrangert i byen, og festivalen held til rett utanfor dørene til hotellet. Verdas største kvite trøffel 2520 gram vart funnen her i 1954 og gitt i gåve til president Eisenhower.

    San Miniato er også ein Slow City med vekt på Slow Food – lokal mat laga med tradisjonelle oppskrifter, så her får vi smake på ekte toscanske matrettar med lang historie i regionen.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 12. november - San Miniato og Trøffelfestival

    Denne dagen skal vi bli kjende med San Miniato. Byen har berre 5000 innbyggjarar, så det er oversiktleg og lett å finne fram. Vi startar vandring frå hotellet etter frukost. Først blir det guiding rundt om i byen og ein lett gåtur i skogen og markene rett utanfor bymurane. På vegen går vi forbi klosteret, som Frans av Assisi la ned grunnsteinen til. Frå det høgste punktet i byen får vi også utsyn over den gamle pilgrimsvegen til Roma, Via Francigena.

    Etterpå får vi god tid til å rusle rundt på trøffelfestivalen. Skogane rundt San Miniato har ideelle vekstvilkår for kvit trøffel, og byen er berømt for dette. I marknadsbodene rundt om i byen finn ein ikkje berre trøffel, men alle slags lokale matvarer, så her kan ein kjøpe med seg ost, skinke og brød, og ete lunsj utandørs. Ein kan også kjøpe med seg eit vinglas for nokre få euro, som ein kan bruke til å smake vin frå dei mange vinbodane. Vi har god tid til å rusle rundt i den pittoreske byen og sjå på folkelivet. Vinkjennaren vår Anniken vil vere tilstades på festivalen for spørsmål om vinane vi smakar på og kva mat dei passar til. Vi anbefalar middag på ein av pop-up-restaurantane som det er mange av på festivalområdet.
    (F)

  • Dag 3: Søndag 13. november – Meir San Miniato og Trøffelfestival

    Denne morgonen gir vi oss god tid med frukosten. Vi skal fortsette å utforske og å smake oss gjennom alle bodene i dei smale gatene. Mange har smaksprøvar, så ein kan teste ut kvaliteten før ein kjøper med seg noko heim. Utanfor festivalområdet anbefalar vi også ein tur innom ein liten butikk som lagar sine eigne sjokoladar og kaker etter tradisjonelle toscanske oppskrifter. Her har dei laga nydelege søtsaker etter dei same oppskriftene i fem generasjonar. Innehavaren, Paolo, snakkar godt engelsk og har også eit godt utval av lokale variantar av den søte dessertvinen, Vin Santo.

    Lunsj på eiga hand. Vi anbefaler å kjøpe noko godt frå festivalbodene.

    Om ettermiddagen slappar vi av og kosar oss i San Miniato og på trøffelfestivalen. Reiseleiarane kan anbefale produkt ein kan kjøpe med seg. Mange av salsbodene kan vakumpakke matvarer, så her har ein god sjanse til å få med seg delikatesser heim. Trøffelolje og pecorino-ost kan anbefalast.

    Om kvelden middag på eiga hand. San Miniato har mange innbydande restaurantar, og fleire vil gjerne vere med reiseleiarane på ein koseleg restaurant like ved hotellet.  
    (F)

  • Dag 4: Måndag 14. november – Montalcino og Brunello

    Etter frukost reiser vi i dag sørover til kommunen Montalcino, i provinsen Siena. Vi legg opp til eit par stopp undervegs. Vi skal blant anna vitje landsbyen Montalcino, som ligg vakkert til på ein åskam 567 meter over havet. Her skal vi rusle ein tur og nyte det italienske folkelivet. I dette området lagast også den kjente italienske vinen Brunello. Vinen er laga på drua med same namn, som er ein lokal variant av Sangiovese, den mest brukte drua i Italia. Vi skal vitje Brunello-produsenten Col d'Orcia. Vingarden er frå 1890, og av totalt 140 hektar med vinmarker, har dei 108 hektar brunello-druer. Her får vi omvising, smaking og lunsj. Brunello-vinar lagrar godt, så kanskje er det også nokon som ønskjer kjøpe med noko heim?

    Etter besøket hjå vinprodusenten køyrer bussen oss gjennom det pittoreske toskanske landskapet tilbake til San Miniato.  

    Seinare denne siste kvelden møtest vi til  felles middag på hotellet vårt til meir god vin og mat.
    (F,L,M)

  • Dag 5: Tysdag 12. november - Heimreise

    Etter ein god frukost på hotellet køyrer bussen oss til flyplassen i Firenze for avreise heim til Norge. Vi er framme i Oslo tidleg kveld og i Bergen sein kveld.  
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
11/11OsloToscanaMeir enn 814 950,-BestillMer informasjon
11/11BergenToscanaMeir enn 816 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo