Skip to main content

Språkreisa - norsk gjennom to tusen år med Sylfest Lomheim

13.-16. juni 2021.

Vi vil gjerne invitere til temadagar om historia til språket vårt på ærverdige Kviknes Hotel i Balestrand ved Sognefjorden. I foredraga sine inviterer Sylfest Lomheim oss med på ei reise tilbake til norskens opphav. Reisa startar i det dramatiske tusenåret då urnordisk gradvis gjekk over til å bli norrønt, språket som vikingane tok med seg ut i Europa,  og ho endar med dagens norsk som er meir og meir prega av andre språk. Lomheim viser korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt opp gjennom historia. I den siste forelesinga peiker han på dei utfordringane språket vårt møter i ei globalisert verd, der det i snitt døyr eit språk annankvar veke. Sylfest Lomheim har blant anna vore direktør i Språkrådet og professor ved Universitetet i Agder, og han er kjend frå NRK-programmet Språkteigen og den faste spalta si i Klassekampen.

 

Velkommen til ei lærerik langhelg i historiske omgivnader ved Sognefjorden!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 13. juni - Velkommen til Balestrand

    Transport på eiga hand til Balestrand. Ta gjerne kontakt viss du treng assistanse med bestilling av kollektivtransport.
    Sidan deltakarane kjem fram til ulike tider, blir det lunsj på eiga hand på hotellet. Etter lunsj er det god tid til å bli kjende med Kviknes Hotel og den vakre bygda Balestrand. Reiseleiaren frå Fotefar er tilgjengeleg i resepsjonen på hotellet.
    Kl. 17.00 samlast vi i eit eige lokale og får informasjon om hotellet og turopplegget. Deretter er vi klare for dagens høgdepunkt, den første forelesinga til Sylfest med tittelen: Steinalder og skrift i stein.
    Etter foredraget blir det buffétmiddag i spisesalen som har utsikt over Sognefjorden. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar.
    (M)

  • Dag 3: Måndag 14. juni

    Vi startar dagen med ein god frukost før det blir ein guida rundtur langs sjøkanten i idylliske Balestrand. På slutten av 1800-tallet vart bygda populær blant kunstnarar frå heile Europa, og keisar Wilhelm oppheldt seg fleire somrar her tidleg på 1900-talet. Vi får sjå dei mange sveitservillaene med drakestil og den såkalla Engelske kyrkja som var modell for kyrkja i Disney-filmen Frost.

    Lunsj på eiga hand. Vi foreslår ei utflukt med historisk vandring, omvising, sidersmaking og lunsj på Ciderhuset. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver både av sider og fruktbrennevin. Lunsjen blir servert i restauranten, Glashuset, som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Denne aktiviteten krev påmelding mot tillegg i pris.
    Kl. 17.00 er vi klare for den andre forelesinga til Sylfest med tittelen: Norrønt og internasjonalisering.
    Etter forelesinga går vi til buffétmiddagen i den tradisjonsrike spisesalen.
    (F, M)

  • Dag 3: Tysdag 15. juni

    Denne dagen tilbyr vi ein ekstratur (mot tillegg) som vi har kalla: I Sylfest Lomheim sitt barndomsrike.
    Vi startar frå Balestrand etter frukost og køyrer innover langs Sognefjorden til Leikanger og Sogndal medan Sylfest fortel om desse bygdene. Turen går vidare til Hafslo der han voks opp. Den vakre heimbygda hans ligg rundt Hafslovatnet, og bussen vår køyrer oss opp til garden Lomheim som har ei flott utsikt over eit skiftande landskap. På garden vil Sylfest fortelje om gardshistoria og korleis det var å vekse opp her på 50- og 60-talet.
    Deretter køyrer vi vidare til idylliske Marifjøra som i tidlegare tider var ein sentral handelsstad, og som i dag er kjent for det historiske Tørvis Hotel. Her blir det lunsj i eige rom på hotellet.
    Neste stopp er den sjarmerande tettstaden Solvorn, der vi tek ferja over fjorden for å sjå Urnes stavkyrkje. Dette er landets eldste stavkyrkje, og ho er heilt særeigen både arkitektonisk og kulturhistorisk på grunn av dei unike utskjeringane og den innvendige dekoren. I 1979 kom kyrkja med på UNESCO si verdsarvliste. Tilbake til Solvorn kan ein ta ein kopp kaffi på historiske Walaker Hotel. Dette hotellet har også eit spennande galleri som vi får tid til å kikke på før bussen køyrer oss tilbake til Balestrand.
    Lunsj på eiga hand for dei som ikkje er med på heildagsturen med Sylfest Lomheim. I tillegg til restauranten på Kviknes Hotel finst det fleire kafear i sentrum av bygda. Etterpå er det god tid til å sjå seg meir om i Balestrand. Vi kan anbefale Reiselivsmuseet som ligg rett ved hotellet. Der er det også ein koseleg kafé, så ein kan avslutte museumsbesøket med ein god kopp kaffi.
    Kl. 17.00 er vi klare for den tredje forelesinga til Sylfest med tittelen: Dansketida og dialektrikdomen
    Middag i spisesalen på Kviknes. Sylfest tek fram gitaren etter middag og inviterer til allsong.
    (F, M)

  • Dag 4: Onsdag 16. juni - Heimreise

    Buffétfrukost i spisesalen.
    Etter frukost er det klart for det fjerde og siste foredraget til Sylfest Lomheim. Han avsluttar med den moderne tida i språket vårt: Med sjumilsteg frå 1900 til 2020.
    Utsjekking frå hotellet og avreise til ulike tider.
    (F)

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
13/6BalestrandMeir enn 88 950,-Bestill
  • RGF Logo