Skip to main content

Språkreisa – norsk gjennom to tusen år med Sylfest Lomheim

3. - 6. juni 2022.

Vi vil gjerne invitere til temadagar om historia til språket vårt på ærverdige Kviknes Hotel i Balestrand ved Sognefjorden. I foredraga sine inviterer Sylfest Lomheim oss med på ei reise tilbake til opphavet til språket vårt. Reisa startar med røtene til språket som kom frå Afrika via  Midtausten til Europa og Noreg.  Her i landet gjekk språkutvikling gradvis frå urnordisk over til å bli norrønt, språket som vikingane tok med seg ut i Europa,  og  fram til i dag der dagens norsk meir og meir er prega av engelsk. Lomheim viser korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt opp gjennom historia. I den siste forelesinga peiker han på dei utfordringane språket vårt møter i ei globalisert verd, der det i snitt døyr eit språk annankvar veke.

Sylfest Lomheim er ein dugande forelesar. Han har blant anna vore direktør i Språkrådet og professor ved Universitetet i Agder, og er elles kjend frå NRK-programmet Språkteigen og den faste språkspalta i Klassekampen.

 

Velkommen til ei lærerik langhelg i historiske omgivnader ved Sognefjorden!

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 3. juni - Hundre tusen år med språkutvikling

    Transport på eiga hand til Balestrand.

    Vi kjem til Balestrand til ulike tider og møter reiseleiaren frå Fotefar i resepsjonen på vakre Kviknes Hotel frå kl. 15.00. Hotellet si historie går heilt tilbake til 1752 og står i sin praktfulle sveitserstil sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar. Berre ein tur i salongane for å sjå på dei flotte måleria, er som å gå på kunstmuseum.

    Kl. 17.30 møtest vi i eit eige lokale og får informasjon om hotellet og turopplegget. Sjølvaste hotelldirektøren, Sigurd Kvikne, kjem for å fortelje om den spennande historia til hotellet. Han syner oss både bilde og video. Deretter er vi klare for dagens høgdepunkt, den første forelesinga til Sylfest med tittelen: Hundre tusen år med språkutvikling: Opphavet frå Victoriasjøen, bronsealderen, skrift i stein, fram til år 900 e. Kr.

    Etter foredraget blir det tre-rettars middag i spisesalen som har utsikt over Sognefjorden. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 4. juni - I Sylfest Lomheim sitt barndomsrike.

    Denne dagen tilbyr vi ein ekstratur (mot tillegg) som vi har kalla: I Sylfest Lomheim sitt barndomsrike.

    Vi startar frå Balestrand etter frukost og køyrer innover langs Sognefjorden til Leikanger og Sogndal medan Sylfest fortel om desse bygdene. Turen går vidare til Hafslo der han voks opp. Den vakre heimbygda hans ligg rundt Hafslovatnet, og bussen vår køyrer oss opp til garden Lomheim, som har ei flott utsikt over eit skiftande landskap. På garden vil  Sylfest fortelje om gardshistoria og korleis det var å vekse opp her på 50- og 60-talet.

    Vi stoppar for lunsj (inkludert i dagsutflukta) på Eikum Hotel eller på Walaker Hotel. Neste stopp er den sjarmerande tettstaden Solvorn, der vi tek ferja over fjorden for å sjå Urnes stavkyrkje. Dette er landets eldste stavkyrkje, og ho er heilt særeigen både  arkitektonisk og kulturhistorisk på grunn av dei unike utskjeringane og den innvendige dekoren. I 1979 kom kyrkja med på UNESCO si verdsarvliste. Tilbake til Solvorn kan ein ta ein kopp kaffi på historiske Walaker Hotel. Dette hotellet har også eit spennande galleri, som vi får tid til å kikke på før bussen køyrer oss tilbake til Balestrand.

    Om kvelden møtest vi til ein ny tre-rettars middag i spisesalen før vi er klare for den andre forelesinga til Sylfest med tittelen: Tusen år: Internasjonalisering, norrøn stordom, dansketid og dialektblomstring fram til 1900.

    Resten av kvelden kosar vi oss i salongane. Det kan også hende Sylfest tek med seg gitaren og speler nokre songar for oss.
    (F, M)

  • Dag 3: Søndag 5. juni - Med sjumilssteg i ordhistoria frå 1900 og fram på totusentalet.

    Denne dagen nyttar vi i Balestrand.

    Etter frukost blir det ei historisk vandring med reiseleiaren vår langs sjøkanten i idylliske Balestrand. På slutten av 1800-tallet vart bygda populær blant kunstnarar frå heile Europa, og keisar Wilhelm oppheldt seg her fleire somrar frå slutten av 1880-åra og like fram til 1914. Vi får sjå dei mange sveitservillaene med drakestil og den såkalla Engelske kyrkja, som var modell for kyrkja i Disney-filmen Frost.

    Lunsj på eiga hand. Vi tilrår ei utflukt med omvising, sidersmaking og lunsj på Ciderhuset. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver av sider. Lunsjen blir servert i restauranten Glashuset, som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Denne aktiviteten krev påmelding mot tillegg i pris.

    Som alternativ til Ciderhuset kan ein velje å ete lunsj på Kviknes Hotel eller på ein av fleire kaféar i sentrum av bygda. Etterpå er det god tid til å sjå seg meir om i Balestrand. Vi kan anbefale Reiselivsmuseet som ligg rett ved hotellet. Der er det også ein koseleg kafé, så ein kan avslutte museumsbesøket med ein god kopp kaffi.

    Middag i spisesalen på Kviknes.

    Etter middag er vi klare for den tredje forelesinga til Sylfest med tittelen: Hundre år: Med sjumilssteg i ordhistoria frå 1900 og fram på totusentalet.
    (F, M)

  • Dag 4: Måndag 6. juni - Blikk frå fortid til framtid

    Etter bufféfrukost i spisesalen er det klart for det fjerde og siste foredraget til Sylfest Lomheim. Han avsluttar med den moderne tida til språket vårt: Korleis går det? Blikk frå fortid til framtid; oppsummering og spørsmål. Foredraget er ferdig kring kl. 10.00. Lunsj på eiga hand før heimreise.

    Utsjekking frå hotellet og avreise til ulike tider.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
3/6BalestrandMeir enn 88 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
12/2Vandretur på Gran CanariaFrå 17 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo