St. Petersburg og Moskva med Hans-Wilhelm Steinfeld

21. - 28. mai 2021.

Vi er så heldige å få med oss Hans-Wilhelm Steinfeld som kjentmann til vakre St. Petersburg og storslegne Moskva. Han har vore korrespondent i Moskva i fleire periodar og kjenner det russiske samfunnet svært godt. Kvar dag på turen vil Steinfeld halde eit foredrag på hotellet der han auser av kunnskapane sine om russisk historie og politikk. I tillegg viser han oss både dei største attraksjonane og meir ukjende sider ved dei to byane, til fots og med buss. Med Steinfeld som kjentmann får vi verkeleg eit unikt innblikk i denne stormakta si skiftande historie og kultur.

Pris frå:
29 950,-
Dagar:8
Flyreisa Oslo/Bergen–St. Petersburg med retur Moskva–Oslo/Bergen (tilknyting frå andre byar ved førespurnad)
Busstransport og guiding på heile rundturen.
Togreisa frå St. Petersburg til Moskva.
3 overnattingar med frukost på sentralt og godt hotell i St. Petersburg.
4 overnattingar med frukost på sentralt og godt i Moskva.
6 lunsjar/middagar som vist i programmet.
Inngangsbillett til alle fellesattraksjonar og museum i følgje programmet.
Billett til ein konsert/ballett eller liknande.
Hans-Wilhelm Steinfeld er med på heile turen som guide og held daglege kåseri.
To norske turleiarar frå Fotefar Temareiser er med på heile turen. I tillegg nyttar vi lokale skandinavisktalande guidar.

Ikkje inkludert:
Tilknyting til andre byar i Norge
Enkeltromstillegg
Måltid utover det som står i programmet
Tips
Drikke


Minimum tal deltakarar er 25 personar
Maksimum tal deltakarar er 50 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Fredag 21.  mai - Avreise til St. Petersburg og guiding i byen
Avreise frå Oslo og Bergen om føremiddagen til St. Petersburg. Når vi er framme på flyplassen i St. Petersburg, tek bussen vår oss inn til sentrum medan Hans-Wilhelm guidar oss. Vi opplever den svært vakre byen, der Dostojevski og Gogol skreiv sine meisterverk.  Vi bur sentralt til på 4-stjerners hotell.  Velkomstmøte i eige rom på hotellet med fellesmiddag på hotellrestauranten etterpå.
(M)

Laurdag 22. mai - Peter Paulus-festninga, Kazankatedralen, Vinterpalasset og Eremitasjen
Vi startar dagen med ein god frukost før vi møtast i resepsjonen for dagens foredrag med Hans-Wilhelm Steinfeld: Russland sett frå innsiden.

Denne morgonen blir det først busstur til Peter Paulus-festninga, som vart oppført under Den store nordiske krigen for å verne byen mot svenskane. Vi får også med oss Bronseryttaren, som er statuen av Peter den store og Kazan-katedralen der den siste tsaren med familie er gravlagd. Deretter er det tid for felleslunsj.

Etter lunsjen blir det omvising på det imponerande Vinterpalasset og Eremitasjen med si store kunstsamling av kjende europeiske kunstnarar som Rembrandt, Leonardo da Vinci, Matisse, Van Gogh og Picasso. Vi har med oss ein lokal norsktalande guide og ein engelsktalande guide. Tilbake til hotellet et vi middag på eiga hand, og reiseleiarane vil vise til gode restaurantane i nærleiken.
(F, L)

Søndag 23. mai - Sankt Isaac-Katedralen og Peterhof
Etter frukost held Hans-Wilhelm Steinfeld som vanleg foredrag. Denne dagen er tittelen: Den nye kalde krigen.

Med foredraget friskt i minne køyrer vi til Sankt Isaac katedralen. Dette er ein av dei mest kjende landemerka i St. Petersburg og er ein svært flott dom.  Etter felleslunsj dreg vi så til Peterhof, det storslegne slottet og parken utanfor sentrum.  Peter den store bygde dette fantastiske anlegget på byrjinga av 1700-talet etter modell av slottet i Versailles, og mange meiner det er meir imponerande enn Versailles. Vi reiser så attende, truleg med hydrofoilbåt om veret er bra. På hotellet slappar vi litt av før vi går ut for å ete middag på eiga hand.
(F, L)

Måndag 24. mai - Avreise til Moskva
Vi et frukost og høyrer så Hans-Wilhelm Steinfeld sitt foredrag: Russlands bitre ord.

Etter foredraget har vi tid på eiga hand til å rusle rundt i området ved hotellet. Her er det også fleire varehus om ein ønskjer å handle litt. Vi tek så hurtigtoget til Moskva. På toget får vi servert lunsjpakke.

Vi er framme på togstasjonen i Moskva om ettermiddagen og bussen vår køyrer oss like etterpå til Hotel Metropol (2 Teatralny prospect). Dette hotellet har 5 stjerner og ligg berre eit steinkast frå Den røde plass og Bolshoi teateret. Det vart bygd i 1901, under Tsar-tida, og er eit landemerke i Moskva. Her har alt frå russiske aristokratar til sovjetiske toppleiarar budd, og i tillegg har det husa vestlege tilreisande som Bernard Shaw og Bertold Brecht.

Vi sjekkar inn og får tid til litt avslapping før vi møtest i resepsjonen. I kveld har vi fellesmiddag i eigen bankettsal på hotellet.
(F, L, M)

Tysdag 25. mai - Guiding i Moskva, Danilovmarkedet og Tretyakov-galleriet
I dag vaknar vi opp i Moskva og går til frukost på dette fasjonable hotellet. Deretter kl. 08.30 held Hans-Wilhelm Steinfeld held denne morgonen foredraget: Tillitens visittkort. Norge-Russland og det som skiller oss.

Etterpå tek Hans-Wilhelm oss med på ein guida rundtur i Moskva med stopp på Danilov klostertet der han held eit foredrag om kyrkja sin lagnad under Stalin. Deretter går vi til eit bognande marknad, Danilovmarkedet, der ein kan kjøpe lunsj og elles få eit inntrykk av alt ein kan kjøpe på ein stor marknad.

Etter lunsj tek vi bussen til Tretyakov galleriet med sine 14000 kunstverk. Ved sida av Eremitasjen i St. Petersburg er dette verdas største smling av russisk kunst. Her får vi omvising av dei to guidane våre.

Buss tilbake til hotellet og ettermiddagen og kvelden til fri disposisjon.  Middag på eiga hand der ein kan velje blant fleire gode restaurantar i nærleiken av hotellet. Vi kan også anbefale middag på hotellet vårt med svært god kvalitet og service.
(F)

Onsdag 26. mai - Æreskyrkjegarden og klassisk russisk førestilling
Etter ein utsøkt frukost i den storslegne spisesalen på hotellet held Hans-Wilhelm Steinfeld foredraget: Den store Fedrelandskrigen.

På formiddagen køyrer bussen frå hotellet, og Steinfeld tek oss med til den store æreskyrkjegarden for kjende russarar, der vi blant anna finn Khrutsjov si grav og minnesmerket over Jeltsin. Steinfeld fortel om Jeltsin og revolusjonen og om Gorbatsjov og kona hans Raisa. Ho har også grava si her på Æreskyrkjegarden. Steinfeld kjende personleg både Jeltsin og Gorbatsjov, og han fortel oss levande om omveltinga i Russland. Kjende forfattarar og kunstnarar vert også presenterte framfor gravene deira.

Deretter blir det sein lunsj når vi er tilbake til hotellet. Ettermiddag på eiga hand. Vi tilrår å ta tidleg middag før vi går på ein klassisk russisk førestilling som er inkludert i turprisen. Russland er rekna for å ha eit svært høgt nivå i innan musikk, ballett og opera.
(F)

Torsdag 27. mai - Den røde plass, Kreml og Moskva-metroen
Vi startar som vanleg dagen med frukost og foredrag av Hans-Wilhelm Steinfeld. Tittelen på kåseriet denne dagen er: Revolusjonen i Russland.

Etterpå tek Steinfeld gruppa med til Den røde plass. Her er han på skikkeleg heimebane som tidlegare NRK-reporter, og gruppa kan glede seg til ei spennande innføring i kommunistleiarane si historie. Her gjev vi oss god tid, før vi tek lunsj på eiga hand og gjerne ruslar litt i handlegatene i området, før vi går mot Kreml. Kreml er kanskje Moskvas mest kjende landemerke og vart bygd som ei festning, men er i dag eit svært flott og kjent museum med blant anna mange kyrkjer. Her har vi norsktalande guidar som viser oss rundt på området i to grupper.

Denne ettermiddagen vil vi prøve å leggje opp til tur med den fantastiske metroen i Moskva. Der kan vi få sjå store hallar med statuar og måleri på veggane i tillegg til at vi får oppleve «innsida» av Moskva.

Om kvelden møtest vi til avslutningsmiddag i eit klassisk vakkert rom på hotellet. Her underheld vi kvarandre med song, gode historier og ymse innslag.
(F, M)

Fredag 28. mai - Vår Frelsar-katedralen og retur til Norge
På avreisedagen blir det tid til eit siste foredrag av Hans-Wilhelm Steinfeld der han oppsummerer: Mitt liv som Moskva-korrespondent for NRK.

Fram til utsjekkinga har vi tid på eiga hand. På veg til flyplassen guidar Hans-Wilhelm, og vi stoppar og går innom Vår Frelsar -katedralen, som vart øydelagd av Stalin, men er atterreist nøyaktig slik den var i nyare tid. Her blir det også høve til eit lett måltid på ein kafe i nærleiken. Deretter buss til flyplassen og innsjekking med fly til Oslo og Bergen.
(F)

 

 Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
21/5BergenSt. Petersburg og Moskva med Hans-Wilhelm SteinfeldMeir enn 829 950,-Bestill
21/5OsloSt. Petersburg og Moskva med Hans-Wilhelm SteinfeldMeir enn 829 950,-Bestill