Strikk på Seinen

7. - 13. oktober 2026. 

Det er noko avslappande og mediterande med å vere med på elvecruise. Fotefar har gleda av å  ønske velkomen til ei roleg og innhaldsrik strikkereise langs Seinen, frå lysande Paris til kysten av Normandie. Om bord på elvebåten glir vi gjennom eit kulturlandskap forma av handel, handverk og historie, medan vi koser oss med strikking som både teknikk og uttrykk. 

På denne turen knyter vi saman masker, mønster og materiale med stadene vi besøker. Gjennom foredrag og verkstader får du innblikk i europeisk strikkehistorie, blondestrikk og fiskartrøyer. I tillegg får du tid og rettleiing til å utvikle eigne strikkeprosjekt inspirerte av reisa. Dette er ein tur for deg som ønsker fagleg fordjuping utan stress, i eit fellesskap prega av ro, nysgjerrigheit og delte opplevingar. Mellom strikkeøktene ventar gode måltid, konsertinnslag, utflukter og landskap som sakte glir forbi utanfor panoramavindauga. 


 

Pris frå:
32 950,-
Dagar: 7
Inkludert for alle:
  • 6 netter i dobbellugar
  • All inclusive om bord på elvebåten - Nydeleg mat og drikke inkludert
  • Strikke- foredrag og Workshop med Magni Flyum
  • Transport som vist i programmet
  • Kveldsunderhaldning
  • Reiseleiar frå Fotefar
Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo – Paris t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-elvebåt
  • Busstransport elvebåt-flyplass
Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 6 530,-
  • Lugartillegg for oppgraderingar
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke utover det som gjeld som standardpakke
  • Tips


  • Minimum tal deltakarar: 14 personar
  • Tal lugarar MS Seine Princess: 67
  • Fotefar har heile båten for seg sjølv

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg. 

Om båten

MS Seine Princess

MS Seine Princess er ein hyggeleg elvebåt med 67 utvendige lugarar. Dei har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition, og elles er mat og drikke om bord inkludert i turprisen. 

 

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 7. oktober - Paris

    Utreise frå Gardermoen, Trondheim, Stavanger eller Bergen til Paris. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Frå flyplassen i Paris blir vi henta med buss (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise) til elvebåten, MS Seine Princess. Innsjekking på båten om ettermiddagen.  

    Fotefar har heile båten for seg sjølv, så vi vil vere her saman med andre Fotefar-grupper.  

    Under velkomstcocktailen helsar kapteinen på oss, og mannskapet vert presentert før vi et middag i restauranten. Om ver og vassnivå tillet det, vil vi kunne vi oppleve «Paris by night» etter middagen. Dette er ei stemningsfull oppleving der vi seglar gjennom byen med sine mange lyssette bruer og monument. Deretter held båten vidare fram mot La Roche-Guyon.  

    Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og dansegolv. Soldekket har både vanlege stolar og liggestolar, og er den ideelle staden å nyte utsikta til landskapet, som sakte glir forbi. Det er gratis Wi-Fi om bord.  
    (M) 

  • Dag 2: Torsdag 8. oktober - La Roche-Guyon

    Om morgonen er det frukost, og  denne føremiddagen startar strikkereisa for alvor med det første føredraget.  

    Tema i dag vil vere: Strikking som fag – Paris, laug og profesjonelle strikkarar. Strikking har lenge vore eit handverk knytt til heim, men i mellomalderen og tidleg moderne tid var strikking også eit profesjonelt handverk, regulert gjennom laug, meisterprøver og strenge krav til kvalitet. I dette føredraget følgjer vi spora i den europeiske strikkehistoria til tidlege strikka tekstilar, dei organiserte strikkarane og bonnetierane i Paris. Her var luer, strømper og andre strikkevarer ein del av ein urban mote- og handverksøkonomi. Føredraget gir eit europeisk bakteppe for strikkereisa langs Seinen og viser korleis maskene våre heng saman med handel, mote, kjønn, teknologi og handverk. 

    Kva er ein bonnetierar? Ein bonnetier er ein person som produserer eller handlar med strikkevarer, særleg småe plagg som strømper, huer og underkle. 

    Om ettermiddagen kan du bli med på utflukt til Claude Monet sitt hus og hage i Giverny (valfri utflukt mot tillegg). Hagen og heimen står framleis som eit levande kunstverk med sterke fargar, rytmar og detaljar som gir rike tekstile impulsar. 

    Om kvelden seglar vi vidare mot Caudebec-en-Caux.  
    (F, L, M) 

  • Dag 3: Fredag 9. oktober - Caudebec-en-Caux

    Vi startar dagen med frukost om bord på elvebåten. I dag står Caudebec‑en‑Caux for tur. Den vesle byen, som i dag har mellom 2000 og 3000 innbyggarar, ligg vakkert til ved Seinen og ber tydelege spor av ei lang historie prega av handel, sjøfart og handverk. Brusteinsgater, elvepromenade og den storslegne gotiske kyrkja Église Notre‑Dame minner oss om korleis denne delen av Normandie har vore knytt til både europeiske straumdrag og lokale tradisjonar gjennom hundreåra. 

    Denne dagen står blondestrikk i sentrum med lette maskar, opne mønster og europeiske spor. Blondestrikk er noko av det mest poetiske ein kan gjere med garn og pinnar; små kast, fellingar og rytmar som til saman skaper luftige mønster, kantar og flater. Vi legg opp til ein strikkeverkstad.  

    I denne verkstaden ser vi på blondestrikk som teknikk og uttrykk, med blikk for både europeiske tekstiltradisjonar og dei nordatlantiske blondetradisjonane som mange kjenner frå Shetland og andre kystområde. Deltakarane får prøve enkle blondemønster som kan brukast i skjerf, sjal, pulsvarmarar eller som dekorative detaljar i andre plagg. Vi arbeider med kast, fellingar, rapportar og mønsterlesing, og snakkar om korleis ein kan få blondestrikk til å kjennast lett og rytmisk å strikke. Verkstaden passar for deg som kan strikke rett og vrangt, og som har lyst til å bli tryggare på enkle holmønster. 

    For dei som ønsker det, er det mogleg å besøke Muséo Seine (valfri utflukt mot tillegg), eit museum som formidlar historia om livet langs elva frå fiske og båtbygging til handel og kvardagsliv. 

    Lunsj og middag om bord. 
    (F, L, M) 

  • Dag 4: Laurdag 10. oktober - Caudebec-en-Caux til Honfleur

    Om morgonen seglar vi inn mot Honfleur, der Seinen møter Den engelske kanal. Overgangen mellom elv og ope hav har gjort denne byen til eit viktig knutepunkt for handel, fiske og kystkultur. 

    Denne dagen er temaet; Frå Guernsey til Gansey – fiskartrøyer langs Den engelske kanal. Den engelske kanal bind saman kystsamfunn, handel, fiske og tekstiltradisjonar. I dette føredraget ser vi nærare på fiskartrøya – ganseyen – som både praktisk arbeidstøy og levande mønstertradisjon. Kvifor vart trøyene strikka tett og saumlaust? Kva fortel strukturmønstera om arbeid, stad og identitet? Og kva er eigentleg samanhengen mellom Guernsey, Jersey og Gansey? Føredraget følgjer trådane frå Kanaløyane til britiske og nordeuropeiske fiskarsamfunn. 

    Lunsj om bord på båten. Denne dagen får vi også andre minikonsert med Herborg Kråkevik.  

    Om ettermiddagen kan du bli med på busstur langs Côte Fleurie, med besøk i Deauville og Trouville og vidare til Château du Breuil for omvising og Calvados-smaking (valfri utflukt mot tillegg). Dei som ønsker ein rolegare dag, kan utforske Honfleur på eiga hand. Og over alt kvar vi er, gjerne med eit strikketøy i handa.  

    Middag om bord. 
    (F, L, M) 

  • Dag 5: Søndag 11. oktober – Honfleur

    Denne dagen startar vi roleg med litt fritid i Honfleur. Etter lunsj om bord blir det ny strikkeverkstad, der temaet er: Strukturstrikk inspirert av fiskartrøyer. Vi prøver enkle gansey-inspirerte mønster med rette og vrange maskar, små fletter, riller og geometriske former. Deltakarane kan lage ein prøvelapp, starte på pulsvarmarar eller hente idear til eit eige reiseprosjekt. Verkstaden passar for deg som kan strikke rett og vrangt, og som vil lære meir om korleis små strukturgrep kan skape nytt og rikt uttrykk. 

    For den historieinteresserte vil det også vere mogleg å melde seg på båten si heildagsutflukt til D-dagstrendene (valfri utflukt mot tillegg), med besøk til mellom anna Pointe du Hoc, Omaha Beach, den amerikanske krigskyrkjegarden ved Colleville-sur-Mer og Arromanches. Dei som er på denne utflukta, har lunsj på lokal restaurant undervegs. 

    Før middag møtest vi til nytt føredrag i strikkekonseptet. Seint på kvelden seglar vi vidare mot Rouen og passerer den imponerande Normandiebrua. 
    (F, L, M) 

    Søndag 11. oktober – Honfleur
  • Dag 6: Måndag 12. oktober - Rouen

    Vi vaknar i Rouen, ein by med ei sentral rolle i utviklinga av fransk tekstilindustri, farging og vidareforedling av materiale. Magni vil gå i land denne dagen, og vi planlegg både museum og garnbutikk.  

    Tilbake på båten er det lunsj.  

    Frå idé til strikkeprosjekt – slik samlar du inspirasjonen. Medan vi seglar mot Paris, samlar vi trådane frå reisa og ser på korleis inntrykk, teknikkar og små idear kan bli til konkrete strikkeprosjekt. Korleis går ein frå ein fargepalett, eit mønster, ein prøvelapp eller eit reiseminne til noko som faktisk kan strikkast? I denne økta får deltakarane øve seg på å utvikle eigne prosjekt frå idé og materialval til form, teknikk og enkel prosjektplan. 

    Vi ser på korleis ein kan velje rett prosjektstorleik, kombinere fargar og struktur, bruke prøvelappar aktivt og avgrense ideane slik at dei vert mogelege å gjennomføre. Deltakarane kan arbeide vidare med inntrykk frå Paris, blondestrikk, fiskartrøyer, gansey-struktur eller tekstile spor frå Rouen, og omsetje dette til ein hals, eit sjal, pulsvarmarar, ei lue eller ein dekorativ kant. 

    Om kvelden samlast vi til gallamiddag om bord – ei fin avslutning på reisa, det vert også ny minikonsert med Herborg Kråkevik i Lounge baren. 
    (F, L, M) 

    Måndag 12. oktober - Rouen
  • Dag 7: Tysdag 13. oktober - Heimreise

    Etter ein god frukost om bord i båten, er det tid for utsjekking. Bussane våre køyrer oss frå båten til flyplassen i Paris (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise). Flyreise til Oslo og Bergen for dei som bestiller det. Tilknyting til andre byar på førespurnad.  
    (F)

  • Kveldsunderhaldning

    Fotefar har heile båten MS Seine Princess for seg sjølv, og det vil vere ei anna Fotefar-grupper om bord. Vi vil ha tilgang til å delta på Herborg Kråkevik sine tre mini-konsertar.  

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/10BergenMS Seine Princess 2633 950,-BestillMer informasjon
7/10OsloMS Seine Princess 2Meir enn 832 950,-BestillMer informasjon
7/10Stavanger MS Seine Princess 2434 950,-BestillMer informasjon
7/10TrondheimMS Seine Princess 2434 950,-BestillMer informasjon