Skip to main content

Strikkecruise til Færøyane, Orknøyane og rundt Island med Birger Berge & Magni Flyum

4. - 21. juli 2025. 

Bli med på eit inspirerande strikkecruise med strikkeentusiastane Birger Berge og Magni Flyum til dei vakre øyane i vest!

Birger Berge, kjend frå sosiale media og boka Nordisk mønsterstrikk, deler sine unike strikkedesign som kombinerer tradisjonell norsk strikkekunst med ein moderne vri. Han har skapt mange populære mønster, inkludert sokkar, genserar, vottar og mykje meir.

Magni Flyum, kjend som MagFly på sosiale media, har omsett fleire strikkebøker, etablert strikkefestivalar og designa ei rekke strikkeplagg. Etter den svært populære strikketuren til Shetland er vi begeistra for å tilby nok ein strikketur med Magni.

No har du moglegheita til å bli med desse fantastiske strikkeentusiastane til øyane i vest som har så sterke garn- og strikketradisjonar. Vi startar med fly til London, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambience. Derifrå går turen til Invergordon i det skotske høglandet, vidare til Kirkwall på Orknøyane, og deretter nordover til Seydisfjordur på Island. Vi besøker også byane Akureyri, Isafjordur og Reykjavik, der vi ligg til land i to dagar, før vi seglar sørover igjen til Runavik på Færøyane og til slutt returnerer til London.

Undervegs blir det spennande foredrag og strikkeworkshops med Birger og Magni, samt besøk hjå lokale garnprodusentar og aktørar på land. I mange hundre år har strikking vore ein viktig del av kulturen på alle øyane vi vitjar. Difor har dei utvikla eigne metodar, mønster og garntypar, og alle desse skal vi bli kjende med. Denne fantastiske reiseruta kombinerer det beste av strikkekultur med historia til det skotske høglandet, øyane i vest og den naturskjønne sagaøya Island. Vi gler oss veldig til å ha deg med på denne reisa!

Foto av Birger: Tovelise Mossestad

Søk

Bildegalleri

Om skipet

Ambience

Vi seglar med skipet Ambience. Det har 789 gjestelugarar med senger til 1400 passasjerar. Det vart bygd i 1991 med siste oppussing i 2022, og har 11 gjestedekk og 9 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er kasino, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.

Ein god del av av passasjerane reiser med Fotefar. Vi blir mange som reiser for å sjå denne fantastiske reiseruta og høyre foredraga saman.

Verd å vite:
På havcruise er vi usett for vêr eller andre uforutsette hendingar. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.

Her ser du dekkplanen:

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • DAG 1: Fredag 4. juli - Vi reiser til London

    Vi reiser frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger til London. Det blir fleire grupper frå ulike avreisestader på dette cruiset. Det er ikkje så mange cruise som tek heile denne reiseruta, så vi er heldige som får denne sjansen.

    Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet (for dei som kjøper reisa med fly). Etter innsjekking samlast vi for felles middag på hotellet eller på ein restaurant i nærleiken.

  • DAG 2: Laurdag 5. juli - London og om bord på cruiseskipet Ambience

    Etter ein god frukost på hotellet har vi litt tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn på båten. Den går frå kaien i London (Tilbury) seint på ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambience, er nyoppussa i 2022 og tilbyr ei cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.

    Etter avgang frå Tilbury i utløpet av Themsen møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar ut Themsen og svingar nordover langs Englands austkyst. Resten av kvelden og natta går med til å segle mot det skotske høglandet.
    (F, L, M)

    Laurdag 5. juli - London og om bord på cruiseskipet Ambience
  • DAG 3: Søndag 6. juli - Ein dag til sjøs

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og legg opp til eit informativt møte med reiseleiar og det første foredraget er av Birger Berge; «Strikk over nordsjøen».

    Etter foredrag frå Birger klør det nok i strikkefingrane, så vi samles til en workshop for å øve oss på den Islandske strikkemetoden «Islandsk intarsia»

    Elles er det mange ting å gjere om bord. Ambience er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar. Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. (Nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gåløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til symjebasseng og badestampar.

    Om kvelden møtest vi for middag i avdelinga vår i hovudrestauranten, der vi har eigne bord for gruppa vår.
    (F, L, M)

  • DAG 4: Mandag 7. juli – Invergordon på det skotske høglandet

    I løpet av natta har vi segla heilt til det skotske høglandet og ankra opp ved den vesle hamnebyen Invergordon med ca. 4000 innbyggjarar. Byen har vore base for The Royal Navy, og er i dag ein sjarmerande småby med trivelege gater, butikkar og typiske skotske pubar.

    Frå cruiseskipet har du moglegheit til å vere med reiseleiar til Invergordon Naval Museum & Heritage Centre, som ligg rett ved hamna.

    Elles kan vi anbefale ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseselskapet (ikkje inkludert i turprisen). Tidlegare år har ein enten kunne vere med til verdskjende Loch Ness eller til whisky-destilleriet Glenmorangie, der dei lagar single malt whisky av beste kvalitet.

    Om bord igjen blir det eit nytt foredrag med Birger Berge før middag: «Frå heimeproduksjon til næring».
    (F, L, M)

    Mandag 7. juli – Invergordon på det skotske høglandet
  • DAG 5: Tysdag 8. juli – Kirkwall, Orknøyane

    Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til sein ettermiddag i byen.

    I Kirkwall er det mogleg å melde seg på ei tilleggsutflukt der vi, saman med Birger og reiseleiar, besøker verkstaden til den lokale ull- og garnprodusenten Isle of Auskerry (mot tillegg i pris). Øya Auskerry ligg ein halv time utanfor Kirkwall, og her held den sjeldne sauerasen North Ronaldsay til, som lever godt på øya sidan det finst mykje av favorittmaten deira – tang! Ulla frå sauene blir klipt for hand og selt gjennom familiebedrifta som har hatt sin base på denne øya i 35 år.

    Vi kan anbefale å ta gåturen frå cruiseskipet gjennom sentrum og over til garnbutikken The Tree Shop. Inspirert av det Birger så langt har vist oss, finn ein her garn i forskjellige fargar og ull som ein kan bruke til strikking av turmønsteret – eller andre prosjekt.

    Om ein vil oppleve noko anna kan ein delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget (ikkje inkludert i turprisen). Alternativt kan ein ta ein rusletur bort til den imponerande St. Magnus-katedralen som dominerer bybiletet. Rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Vi kan også anbefale ein annan attraksjon, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet som i dag husar Orkney Museum, eit museum med innblikk i øyane si historie frå steinalder til dags dato.

    Etter middag set skipet kurs mot nord. Vi sit som vanleg saman i hjørnet “vårt” i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • DAG 6: Onsdag 9. juli - Til sjøs

    Skipet tek oss med nordover mot Island denne dagen, og ruta vi følgjer har nok blitt brukt heilt frå vikingtida og vidare i mellomalderen. På vegen oppover seglar vi vest for Shetland og har etterkvart Færøyane aust for oss. Vi legg opp til foredrag av Birger Berge også denne dagen. Temaet blir «Kunne vikingane strikke?»

    I tillegg til felles strikkesamling på dagen er det mange ting å gjere om bord. Vi satsar på fint vér denne sommardagen og anbefaler å nyte det ute på dekk, kanskje også i symjebassenget. Viss ein ønskjer ei strikk og drikk-økt, er det heile 11 tilbod om bord, inkludert cocktail- og vinbarar og fleire pubar. Utvalet av restaurantar er også stort, med alt frå gourmetrestaurantar med kvite dukar til enklare bistroar.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten, og etterpå kan ein oppleve kveldsunderhaldinga om bord viss ein ønskjer det. Det er sang og musikk i den store showloungen nesten kvar kveld.
    (F, L, M)

    Onsdag 9. juli - Til sjøs
  • DAG 7: Torsdag 10. juli – Til sjøs mot Seydisfjordur

    Vi nærmar oss Island og første stopp på rundturen rundt Island, Seydisfjordur. Vi legg opp til foredrag og workshop med Birger Berge også denne dagen. Temaet blir «Frå fiskartrøyer til den ikoniske Lopapeysa».

    Vi har møtepunkt i stamkafeen vår, så ein kan slå av ein prat eller samlast for felles strikkeøkt med kvarandre der utover dagen. Her vil ein også finne reiseleiarane til faste tidspunkt både på formiddagen og ettermiddagen. Vi anbefaler elles å nytte seg av dei mange tilboda og aktivitetane om bord, eller nyte livet ved symjebassenget viss veret tillet det.

    Om kvelden møtest vi til middag, og kanskje kan vi skimte Island langt der framme før vi legg oss denne julikvelden.
    (F, L, M)

  • DAG 8: Fredag 11. juli - Seydisfjordur, Island

    Om natta har vi ankrar opp i vesle Seydisfjordur med berre 800 innbyggjarar. Byen vart bygd av norske fiskarar på 1800-talet, og mange av dei gamle trehusa er bevarte. Her har vi god tid til å gjere oss kjende i byen, og rusle rundt i dei koselege gatene. Sjølv om byen er liten, finst det fleire kafear, og her er også butikkar som sel typiske islandske strikkegenserar og anna handverk.

    Aust-Island har fantastisk natur, og cruiseselskapet legg opp til ulike utflukter denne dagen. Meir informasjon om desse turane kjem seinare (ikkje inkludert i turprisen).

    Avreise seint om ettermiddagen. Før middag får vi eit nytt foredrag av Birger Bergr: «Eskimo, Grønlender, Islender, vandrande tradisjonar».

    Vi legg Seydisfjordur bak oss og set kursen nordvestover mot Akureyri. Kysten er barsk og vakker her, og det bur svært få menneske langs desse strendene.
    (F, L, M)

    Fredag 11. juli - Seydisfjordur, Island
  • DAG 9: Laurdag 12. juli - Akureyri, Island

    Om natta har skipet teke seg langs nordkysten av Island. Det er lyse netter på sommaren, så viss ein er ein morgonfugl, kan ein få med seg utsynet mot den spektakulære kysten. Tidleg denne morgonen er vi framme i Akureyri, Islands fjerde største by med 17 000 innbyggjarar. Hovudnæringane her er fiske og jordbruk, og byen har også universitet.

    Akureyri blir kalla Nord-Islands hovudstad, og innbyggjarane meiner dei har det beste veret på Island. Det har blitt ein trend i sosiale media å leggje ut solskinsbilde frå byen på taggen #alwaysgoodweatherinakureyri. Når ein er i Akureyri, bør ein få med seg eit av dei mange galleria og kunstmusea i sentrum. Eit besøk i den modernistiske kyrkja i byen kan også anbefalast.

    Frå Akureyri har de høve til å melde dykk på ei tilleggsutflukt (mot tillegg i pris) for eit besøk til Kaðlín Handverkshús i Húsavík. Butikken er full av lokalt handverk og utallige flotte strikkegenserar de kan bli inspirerte av.

    Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar til ulike attraksjonar i området rundt byen (ikkje inkludert i turprisen). Vi sender ut informasjon om desse seinare. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i Akureyri, ta ein tur på kafé eller besøke ein av dei koselege butikkane i byen.

    Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.
    (F, L, M)

  • DAG 10: Søndag 13. juli - Isafjordur, Island

    Isafjordur har 2600 innbyggjarar og har lenge vore eit handelsentrum i vestfjordane, den delen av Island som liknar mest på dei norske fjordane. Isafjordur var ein av seks handelsstader på Island som fekk kjøpstadsrettar i 1786, og er no den største bygda i området. Heile vestfjordane-regionen har berre 9500 innbyggjarar, og det er den spektakulære naturen som trekk til seg besøkande. Blant dei mest kjende attraksjonane er vakre Arnafjördur og den imponerande fossen Dynjandi.

    Vi har god tid til å rusle rundt i den vesle byen, gå på kafé eller besøke Westfjords Heritage Museum som syner fram historia til vestfjordane. Ein kan også velje å melde seg på ekskursjonar i regi av cruiseskipet (ikkje inkludert i turprisen) til attraksjonar i nærleiken.

    Avgang om kvelden. Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sør i retning Reykjavik.
    (F, L, M)

  • DAG 11: Mandag 14. juli - Til Reykjavik

    Tidleg denne lyse morgonen kjem vi fram til hovudstaden, Reykjavik.

    Denne dagen har vi god tid til å oppleve bykjernen i Reykjavik. Her får vi selskap av Magni Flyum, og vi kan anbefale å vere med Magni og Birger på rusletur gjennom bykjernen i Reykjavik for å besøke lokale garnbutikkar.

    Har ein ikkje vore på Island før og ønskjer å sjå meir av denne fantastiske øya, er det mogleg å melde seg på utflukter arrangert av cruiseselskapet (mot tillegg i turprisen).

    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum, som rommar fleire garnbutikkar med masse strikkeinspirasjon og lokalt produsert garn. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata.

    Nært til bysentrum ligger den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja, er ein heldig, får ein kanskje med seg ein liten orgelkonsert der. Landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2 er også verdt å få med seg. Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar.

    For middag samlast vi til foredrag og workshop Magni, temaet blir «Kunsten å halde seg varm» der vi får høre om sjaltradisjonane frå Island, Færøyane og Shetland.
    (F, L, M)

    Mandag 14. juli - Til Reykjavik
  • DAG 12: Tysdag 15. juli - Reykjavik

    Etter frukost er det mogleg å bli med på utflukt rundt «The Woollen Circle» med start fra Reykjavik (mot tillegg i turprisen). The Woollen Circle er inspirert av den populære Golden Circle-ruta som inkluderer spektakulære Gullfoss og Geysir, men på runda vår er det garn og ullproduksjon som blir sentralt. Du vil oppleve Islands unike landskap og islandsk høgkvalitets handverk samtidig. Sør-Island er heim til fleire ambisiøse selskap som alle brukar ull på ein miljøvennleg og berekraftig måte. I løpet av dagen besøker vi tre lokale garnprodusentar/aktørar for å høyre meir om strikkekultur, historia og deira produksjon på Island. Vi er tilbake i Reykjavik i god tid før båten seglar vidare.

    Alternativt kan ein fortsette å utforske Reykjavik saman med reiseleiar eller melde seg på andre turar frå cruiseskipet.

    Om kvelden lettar vi anker og seglar vidare. Etter to dagar i Reykjavik er vi klare for nye strikkekulturar. Frå Island set skipet kurs mot søraust i retning Færøyane. Fellesmiddagen på restauranten vår om bord. 
    (F, L, M)

  • DAG 13: Onsdag 16. juli - Til sjøs

    Denne dagen går med til å segle sørover frå Island. Når vi vaknar om morgonen har vi for lengst lagt Island bak oss og er ute i open sjø. Det blir eit foredrag etter lunsj med tittelen: «Fair isle - strikk i alle fargar». Her får vi litt innsikt i Shetlands si strikkehistorie, men hovudvekt på mønsterstrikk og fargebruk.

    Elles anbefaler vi å slappe av på dekk, og kanskje ta ein dukkert i symjebassenget, eller ta del i ein av dei mange aktivitetane om bord.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss vi er heldige, får vi med oss ein fin solnedgang denne sommarkvelden med berre ope, blått hav i alle retningar.
    (F, L, M)

  • DAG 14: Torsdag 17. juli – Til sjøs mot Færøyane

    Vi startar dagen med ein god frukost, før vi møtest for å høyre på Magnis sitt foredrag. Temaet denne dagen blir «Færøysk strikkeklubb». På Færøyene er det vanleg å treffast i strikkeklubbar med kaffi, kakker og strikketøy så her får vi ein introduksjon til færøyske strikketradisjonar.

    Om kvelden nærmar vi oss Færøyane, og kanskje kan vi skimte Enniberg, det norligaste punktet på øyane. Enniberg (754 moh) er den nest største havklippen i Europa etter vår eigen Hornelen (860 moh.) i Bremanger i Vestland fylke. Desse delane av Færøyane har få fastbuande, men tiltrekk seg ein del turistar som er interessert i det rike fuglelivet her.
    (F, L, M)

    Torsdag 17. juli – Til sjøs mot Færøyane
  • DAG 15: Fredag 18. Juli – Runavik Færøyane

    Vi kjem fram til vesle Runavik med berre 575 innbyggjarar om morgonen. Sjølv om byen er liten, er det fleire kafear her, og små butikkar med lokalt handverk, garn og ferdige strikkeprodukt.

    I Runavík kan de melde dykk på "Knit with a Local"-opplegget (mot tillegg i turprisen) og følgje Magni og Birger til biblioteket for å oppleve ein ekte færøysk strikkeklubb, som Magni har fortalt oss om. På det koselige bygdabiblioteket ventar eit fellesskap med lokale strikkeentusiastar, strikkeutstyr, ei forelesing om strikking på Færøyane, pluss kaffi og kaker. Ei varm og minnerik oppleving for alle strikkeglade!

    Viss ein ønskjer å besøke hovedstaden Torshavn ligg den berre 15 min køyring unna Runavik. Dit kan ein ta seg på eiga hand eller på utflukt med cruiseselskapet (mot tillegg i prisen). I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Torshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen. I Torshavn anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.

    Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.
    (F, L, M)

    Fredag 18. Juli – Runavik Færøyane
  • DAG 16: Laurdag 19. Juli - Til sjøs forbi Shetland

    Denne dagen passerer vi Shetland, og er vi heldige får vi sjå den grøne kysten frå skipet. Shetlandsøyane består av over hundre øyar, men berre fjorten av dei er busette. Dei ligg omtrent to hundre mil utanfor kysten av Noreg.

    Handstrikking på øyane har vore dokumentert sidan tidleg på 1500-talet, berre nokre få år etter at Noreg overdrog øyane til Skottland. Handelsrutene frå Sør-Europa, Baltikum, Skandinavia, Færøyane og Island møtest her – noko som har hatt stor innverknad på utviklinga av ein sterk strikkekultur. Shetland sine populære teknikkar, Fair Isle og Unst blondestrikk, har gitt øyane ein solid plass på strikkekartet.

    Etter lunsj blir det eit nytt foredrag og workshop med Birger og Magni. Denne dagen er temaet: «Hjelp, vi skal klippe!». Det blir kurs i klipping og stolpestrikk til kofter utan bruk av symaskin (steeking).
    (F, L, M)

  • DAG 17: Søndag 20. Juli – Til sjøs sørover austkysten av England

    Dette er den siste heile dagen om bord, og vi avsluttar med et siste foredrag og felles strikkeøkt saman med Birger og Magni – temaet for denne dagen blir: Britiske fiskartrøyer frå Shetland til Essex.

    Elles anbefaler vi at ein får med seg det ein ikkje har fått gjort tidlegare av dei mange aktivitetane på skipet. I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det, som nemnt tidlegare, shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gåløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og særleg ein tradisjonell engelsk «afternoon tea» kan anbefalast. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til symjebasseng og badestampar.
    (F, L, M)

  • DAG 18: Måndag 21. Juli - Heimreise

    Tidleg om morgonen denne siste dagen seglar skipet inn utløpet av Themsen til hamna ved Tilbury. Vi seier farvel til båten vår og alle dei nye menneska vi har blitt kjende med på denne lange, innhaldsrike reisa i vesterled. Buss til flyplassen, og fly tilbake til Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.
    (F)

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
4/7BergenAmbience2Meir enn 839 950,-BestillMer informasjon
4/7OsloAmbience2Meir enn 839 950,-BestillMer informasjon
4/7OsloAmbience2Meir enn 839 950,-BestillMer informasjon
4/7StavangerAmbience2Meir enn 838 950,-BestillMer informasjon
4/7TrondheimAmbience2Meir enn 839 950,-BestillMer informasjon
4/7Hotell LondonAmbience2
Ikkje inkludert flyreise
Meir enn 835 450,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo