Vi seglar med skipet Ambience. Det har 789 gjestelugarar med senger til 1400 passasjerar. Det vart bygd i 1991 med siste oppussing i 2022, og har 11 gjestedekk og 9 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er kasino, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.
På cruise er vi usett for vêr eller andre uforutsette hendingar. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.
Her ser du dekkplanen:
Vi reiser frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger til Reykjavik. Bussen vår tek oss frå flyplassen rett til cruiseskipet som ligg ved hamna (for dei som kjøper reisa med fly). Etter innsjekking er det godt tid til å oppleve bykjernen i Reykjavik før vi samlast til felles middag på cruiseskipets sin restaurant. Vi kan anbefale å vere med Magni og Birger på rusletur gjennom sentrum for å besøke lokale garnbutikkar.
Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum, som rommar fleire garnbutikkar med masse strikkeinspirasjon og lokalt produsert garn. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata.
Nært til bysentrum ligger den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja, er ein heldig, får ein kanskje med seg ein liten orgelkonsert der. Landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2 er også verdt å få med seg. Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar.
For middag samlast vi til foredrag og workshop Magni, temaet blir «Kunsten å halde seg varm» der vi får høre om sjaltradisjonane frå Island, Færøyane og Shetland.
(F, L, M)
Etter frukost er det mogleg å bli med på utflukt rundt «The Woollen Circle» med start fra Reykjavik (mot tillegg i turprisen). The Woollen Circle er inspirert av den populære Golden Circle-ruta som inkluderer spektakulære Gullfoss og Geysir, men på runda vår er det garn og ullproduksjon som blir sentralt. Du vil oppleve Islands unike landskap og islandsk høgkvalitets handverk samtidig. Sør-Island er heim til fleire ambisiøse selskap som alle brukar ull på ein miljøvennleg og berekraftig måte. I løpet av dagen besøker vi tre lokale garnprodusentar/aktørar for å høyre meir om strikkekultur, historia og deira produksjon på Island. Vi er tilbake i Reykjavik i god tid før båten seglar vidare.
Alternativt kan ein fortsette å utforske Reykjavik saman med reiseleiar eller melde seg på andre turar frå cruiseskipet.
Om kvelden lettar vi anker og seglar vidare. Etter to dagar i Reykjavik er vi klare for nye strikkekulturar. Frå Island set skipet kurs mot søraust i retning Færøyane. Fellesmiddagen på restauranten vår om bord.
(F, L, M)
Denne dagen går med til å segle sørover frå Island. Når vi vaknar om morgonen har vi for lengst lagt Island bak oss og er ute i open sjø. Det blir eit foredrag etter lunsj med tittelen: «Fair isle - strikk i alle fargar». Her får vi litt innsikt i Shetlands si strikkehistorie, men hovudvekt på mønsterstrikk og fargebruk.
Elles anbefaler vi å slappe av på dekk, og kanskje ta ein dukkert i symjebassenget, eller ta del i ein av dei mange aktivitetane om bord.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss vi er heldige, får vi med oss ein fin solnedgang denne sommarkvelden med berre ope, blått hav i alle retningar.
(F, L, M)
Vi startar dagen med ein god frukost, før vi møtest for å høyre på Magnis sitt foredrag. Temaet denne dagen blir «Færøysk strikkeklubb». På Færøyene er det vanleg å treffast i strikkeklubbar med kaffi, kakker og strikketøy så her får vi ein introduksjon til færøyske strikketradisjonar.
Om kvelden nærmar vi oss Færøyane, og kanskje kan vi skimte Enniberg, det norligaste punktet på øyane. Enniberg (754 moh) er den nest største havklippen i Europa etter vår eigen Hornelen (860 moh.) i Bremanger i Vestland fylke. Desse delane av Færøyane har få fastbuande, men tiltrekk seg ein del turistar som er interessert i det rike fuglelivet her.
(F, L, M)
Vi kjem fram til vesle Runavik med berre 575 innbyggjarar om morgonen. Sjølv om byen er liten, er det fleire kafear her, og små butikkar med lokalt handverk, garn og ferdige strikkeprodukt.
I Runavík kan de melde dykk på "Knit with a Local" - opplegget (mot tillegg i turprisen) og følgje Magni og Birger til biblioteket for å oppleve ein ekte færøysk strikkeklubb, som Magni har fortalt oss om. På det koselige bygdabiblioteket ventar eit fellesskap med lokale strikkeentusiastar, strikkeutstyr, ei forelesing om strikking på Færøyane, pluss kaffi og kaker. Ei varm og minnerik oppleving for alle strikkeglade!
Viss ein ønskjer å besøke hovedstaden Torshavn ligg den berre 15 min køyring unna Runavik. Dit kan ein ta seg på eiga hand eller på utflukt med cruiseselskapet (mot tillegg i prisen). I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Torshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen. I Torshavn anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.
Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.
(F, L, M)
Denne dagen passerer vi Shetland, og er vi heldige får vi sjå den grøne kysten frå skipet. Shetlandsøyane består av over hundre øyar, men berre fjorten av dei er busette. Dei ligg omtrent to hundre mil utanfor kysten av Noreg.
Handstrikking på øyane har vore dokumentert sidan tidleg på 1500-talet, berre nokre få år etter at Noreg overdrog øyane til Skottland. Handelsrutene frå Sør-Europa, Baltikum, Skandinavia, Færøyane og Island møtest her – noko som har hatt stor innverknad på utviklinga av ein sterk strikkekultur. Shetland sine populære teknikkar, Fair Isle og Unst blondestrikk, har gitt øyane ein solid plass på strikkekartet.
Etter lunsj blir det eit nytt foredrag og workshop med Birger og Magni. Denne dagen er temaet: «Hjelp, vi skal klippe!». Det blir kurs i klipping og stolpestrikk til kofter utan bruk av symaskin (steeking).
(F, L, M)
Dette er den siste heile dagen om bord, og vi avsluttar med et siste foredrag og felles strikkeøkt saman med Birger og Magni – temaet for denne dagen blir: Britiske fiskartrøyer frå Shetland til Essex.
Elles anbefaler vi at ein får med seg noe av dei mange aktivitetane på skipet. I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det, som nemnt tidlegare, shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gåløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og særleg ein tradisjonell engelsk «afternoon tea» kan anbefalast. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til symjebasseng og badestampar.
(F, L, M)
Tidleg om morgonen denne siste dagen seglar skipet inn utløpet av Themsen til hamna ved Tilbury. Vi seier farvel til båten vår og alle dei nye menneska vi har blitt kjende med på denne lange, innhaldsrike reisa i vesterled. Buss til flyplassen, og fly tilbake til Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.
(F)