Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 3. september – Til Longyearbyen

    Avreise frå Gardermoen om morgonen og framme i Longyearbyen om føremiddagen.

    Vi sjekkar inn på hotellet vårt og samlast til lunsj der. Etterpå blir det gåtur med reiseleiarane for å bli kjende med den vesle norske byen lengst mot nord.

    Longyearbyen er hovudstaden på Svalbard og ligg inne ved Adventfjorden på øya Spitsbergen. Byen har knapt 2100 innbyggjarar der dei fleste er nordmenn, men heile 40 nasjonalitetar er representerte. Ei av årsakene til denne internasjonale busetnaden er at alle borgarar frå land som underskreiv Svalbardtraktaten, kan busetje seg i øysamfunnet.

    Etter gåturen held Hans-Wilhelm Steinfeld det første foredraget med tittelen: Norges historiske forhold til russarane på Svalbard. Her tek han for seg Svalbardtraktaten og legg vekt på forholdet mellom Sovjetsamveldet og Norge under den kalde krigen. Vidare fortel han om gruveulukkene på Svalbard der Kings Bay-ulukka var den verste gruveulukka i historia vår med 21 personar omkomne, og som førte til regjeringskrise. I tillegg får vi høyre om den store flyulukka i 1996 då eit russisk jetfly styrta med 141 personar i Operafjellet nær Longyearbyen.

    Middag på eiga hand på kvelden. Det er mogeleg å kjøpe seg mat på hotellet. Elles har Svalbard fleire spennande restaurantar der ein kan ete eit godt måltid, og elles kome i kontakt med lokalbefolkninga. For eksempel Funktionærmessen restaurant i 2. etg på Funken Lodge. Her serverer dei både kongekrabbe frå Finnmark og Svalbard-rein frå nabolaget, og dei har champagnesmaking på Det gamle Nordpolet. Det var her gruvearbeidarane tidlegare henta kvoten sin med alkohol. Eit anna forslag er restauranten Huset, der dei i tillegg har Nord-Europas største vinkjellar. Gruvelageret er ein anna unik restaurant, som er eit tidlegare gruvelager. Det kan vere lurt å reservere bord i god tid på desse restaurantane, då dei nokså fort blir fullbooka.
    (L)

  • Dag 2: Laurdag 4. september – Svalbard Museum og det globale frøkvelvet

    Etter frukost vil Hans-Wilhelm halde følgjande foredrag: Spitsbergens militære betydning under andre verdskrig. Her vil Steinfeld særleg komme inn på konvoiane som ein viktig del av Lend & Lease-politikken til dei allierte.

    Svalbard Museum er den første attraksjonen vi skal besøkje. Det er lokalisert i Forskningparken og ligg midt i sentrum. Museet er vinnar av Europarådet sin museumspris i 2008, som tyder på høg fagleg kvalitet. Her får vi innblikk i den rike historia, den heilt spesielle naturen og dei vanskelege levevilkåra i øygruppa i nord. Etter ei kort innføring, vandrar vi på eiga hand gjennom museet, med gode illustrasjonar på alle gjenstandane. Der kan vi fordjupe oss i mange foto i eit rikhaldig historisk arkiv. Museet er levandegjort ved at vi kan krype gjennom ein mørk gruvegang, kikke inn i ei fangsthytte, helse på den utstoppa isbjørnen og elles vandre på tundraen og mellom isflaka. Vi går på eiga hand og vel sjølve kor mykje vi vil få med oss ved å lese, kikke og sanse i dette svært gode museet. I Forskningsparken er også UiT Norges arktiske universitetsmuseum stasjonert. Hit kjem studentar frå heile verda for å tileigne seg kunnskap innan fagområda biologi, geologi og geofysikk.

    Frå museet går vi tilbake til hotellet og får servert lunsj.

    Etter lunsjen blir det busstransport den korte vegen til den nye, store turistattraksjonen, nemleg Svalbard Globale frøhvelv. Bygget er teikna av Snøhetta og vart opna i 2008. Her ligg verdas største lager av frø. Det er plass til 4,5 millionar frøprøver frå nytteplantar frå heile verda. Hit blir det sendt kassevis med frø for trygg og sikker lagring i kalde og tørre magasin. Målet med frøkvelvet er å ta vare på dei store genetiske variasjonane innan matplantane i verda og vere til stor nytte når ein skal produsere mat til ei aukande befolkning. Det er ikkje mogeleg for besøkjande å komme inn i lageret, men vi får sjå og høyre om den spesielle bygninga frå utsida.

    Svalbard har verdas nordlegaste bryggeri. Vi organiserer omvising og ølsmaking av fem ulike øltypar på Svalbard Bryggeri på ettermiddagen, for dei som ønskjer å vere med på det. Det heile tek 1,5 time og kostar kr 499,- per person. Dette er eit tilleggsval som må leggjast til ved bestilling av turen.

    Om kvelden blir det middag på eiga hand.
    (F, L)

  • Dag 3: Søndag 5. september – Ekstratur til Barentsburg

    Denne dagen er det eit tilbod om ekstratur som dagsutflukt til Barentsburg med båt – kr 1950,- per person. Dette er eit tilleggsval som kan leggjast til ved bestilling av turen. Denne båtturen er eksotisk. Vi går ut frå den norske Longyearbyen, og opplever alt frå ein mektig og imponerande natur frå sjøen til eit lokalsamfunn med russisk kultur og arkitektur i den arktiske villmarka.

    Etter ein tidleg frukost blir vi henta på hotellet og køyrde til kaia. Der går vi om bord i MS Polargirl og har med ein lokal guide på heile turen. . Båten går først over Isfjorden til Ymerbukta og Esmarkbreen. Heile tida er vi på utkikk etter kvalar. Er vi heldige, får vi truleg sjå belugakval og vågekval, og kanskje til og med spekkhoggar, finnkval og blåkval.

    Om bord på båten blir det servert varm lunsj (inkludert) medan vi passerer Colesbukta på veg inn til Barentsburg. Der vil guiden vår ta oss med rundt om i den vesle “russiske” byen. Den har om lag 500 innbyggjarar, der dei aller fleste er frå Russland og til dels frå Ukraina. Barentsburg har framleis aktiv gruveverksemd, som er eigd av det russiske selskapet Trust Arktikugol. På overfarten vidare blir det servert varm lunsj. Vel framme i Barentsburg tek den lokale guiden oss med rundt om i den vesle byen. Den har om lag 500 innbyggjarar, der dei aller fleste er frå Russland og til dels Ukraina. Barentsburg har framleis ein levande og aktiv gruveaktivitet, som er eigd av det russiske selskapet Trust Arktikugol.

    I Barentsburg får vi tid til å setje oss ned og nyte ein kaffi eller noko godt i glaset, og vi møter gjerne den russiske lokalbefolkninga. Vi er tilbake på hotellet seint om ettermiddagen.

    Dei som vel å ikkje vere med til Barentsburg, disponerer dagen på eiga hand. Spør oss om mogelege aktivitetar.

    Middag på eiga hand.
    (F)

  • Dag 4: Måndag 6. september – Gruvebesøk og middag med lokal gjest

    Denne morgonen kan vi bli med på eit guida besøk i Gruve 3 der maskiner og utstyr framleis ligg att frå då drifta slutta i 1996. Denne gruva ligg like utanfor byen og er ei såkalla lågdriftsgruve der arbeidshøgda var låg og gammaldagse metodar vart nytta for å få ut det verdfulle kolet.

    Eit besøk i denne gruva er ei heilt unik oppleving der vi lyser oss gjennom dei tronge gruvegangane inne i fjellet. På denne måten får vi kjennskap til norsk industri på ein spesiell måte. Dette er eit tilleggsval som kostar kr 890,- per person, og kan leggjast til ved bestilling av turen.

    Etter felles lunsj på hotellet får vi eit foredrag med Hans-Wilhelm Steinfeld. Tittelen på dette foredraget er: Faren for Norges isolasjon i strategisk samanheng på grunn av vårt syn på havretten og nordområda. I dei siste åra har nordområda vorte meir og meir i fokus, og russarane med blant andre utanriksminister Sergej Lavrov har til dels skapt uro med omsyn til norsk suverenitet på Svalbard.

    Vi inviterer nokon frå lokalsamfunnet til middag denne kvelden for å fortelje om korleis dei opplever Svalbard-samfunnet i dag.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Tysdag 7. september - Heimreise

    Denne siste morgonen på Svalbard vil Hans-Wilhelm Steinfeld halde foredraget: Norske polfararar og Thor Heyerdal som har vorte tiljubla både i sovjetisk og russisk media.

    Denne føremiddagen har vi eit par timar til rådvelde på eiga hand, før bussen køyrer oss frå hotellet til flyplassen. Vi kan gjerne bruke litt tid på shopping eller besøk på ein attraksjon vi enno ikkje har fått med oss. Lunsj på eiga hand.
    (F)