Vi møtest på Rauland Høgfjellshotell. Reisa dit ordnar vi på eiga hand. Treng de hjelp med offentleg transport, ta berre kontakt med Fotefar temareiser på e-post.
Vi byrjar turen med velkomstmøte på hotellet kl. 17.30. Etter informasjon om turopplegg av reiseleiar frå Fotefar Temareiser, vil tidlegare ordførar, forfattar og bonde Arne Vinje halde det første kåseri på turen med tittelen: Presentasjon av kommunen Vinje i Telemark.
Deretter går vi til spisesalen på hotellet og får servert ein god middag. Her kosar vi oss og blir betre kjende med kvarandre.
(M)
Vi ser med glede fram til ein spennande dag der Tarjei Vesaas liv og dikting er i fokus. Etter frukost guidar Arne Vinje oss på bussen på veg til Midtbø. Dette var diktarheimen til Tarjei Vesaas og kona Halldis Moren Vesaas. I dag er det barna deira, Guri og Olav Vesaas, som eig heimen. Dei vil vise oss rundt på staden, fortelje om foreldra, oppveksten og sine eigne personlege minne om livet på Midtbø.
Vi gir oss svært god tid på Midtbø, og et nistepakken frå hotellet før vi dreg vidare til garden Vesås, der Tarjei voks opp. Vel framme der, vil Arne Vinje presentere boka si: Store spel – Soga om Vesås i verda. Her skildrar han verdas utvikling gjennom garden Vesås i fjellbygda Vinje. Grunntemaet er korleis ein tek i bruk eigne ressursar og formar omgjevnadene sine. Spørsmålet er korleis menneska sjølve blir forma av den naturen dei er ein del av? Det er dette vekselspelet Tarjei Vesaas kalla «det store spelet». Arne tek også opp følgjande spørsmålet: Korleis kan eit så materielt fattig samfunn fostre opp talentar som Tarjei Vesaas og Aasmund Olavsson Vinje? Boka er til sals på Vinjesenteret og ein kan sikkert spørje Arne om signatur.
Bussen tek oss med vidare til Vinje Biletgalleri i Smørklepp. Vi finn eit særprega galleri kledd i naturstein der utsikta utover dalen i seg sjølv er eit nasjonalromantisk syn. Inne er det ei stor samling med måleri av kunstnarane Henrik Sørensen og Harald Kihle. Begge kunstnarane har hatt mykje å seie for Telemark, og dei arbeidde saman her i grenda Smørklepp. Vi får ei omvising i galleriet før det blir høve til å sjå seg om på eige hand.
Tilbake på hotellet møtest vi til middag. Etter maten blir det kveldsunderhaldning med lokal song og musikk. Vi syng og kosar oss på hotellet resten av kvelden.
(F, niste, M)
Etter frukost startar vi med eit kåseri av Stein Versto om Halldis Moren Vesaas sitt liv og dikting.
Deretter dreg vi til Vinjar og blir med på programmet til Litteraturdagane. I år er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og Litteraturdagane kjem til å fokusere mykje på livet og diktinga hans. Det ser vi fram til med stor glede.
Dagsprogram kl. 11.00-16.00:
Lunsj (inkludert)
Vesaasforedraget ved Jørgen M. Sejersted, Universitetet i Bergen
Vesaas-antologien – Kjersti Rorgemoen, Morten Langelnad og Karin Haugen i samtale
Gut, jente, juni, juli, Frode Grytten les og samtalar
Eit praktisk menneske, Kjersti Rorgemoen samtalar med Eivind Myklebust
Kveldsforedrag på Vinjar kl. 18.30-22.00 (mot påmelding, inkludert i prisen):
Tarjei Vesaas i lyd, skrift og bilete
Konsert med Frode Grytten Beat Band
Mellom dagsprogrammet og kveldsprogrammet køyrer bussen oss tilbake til hotellet, og vi et middag der. Etter middagen kan ein velje om ein vil slappe av på hotellet eller bli med bussen tilbake til Vinjar og nyte resten av kvelden der. Bussen tek oss tilbake til hotellet etter konserten er slutt.
(F, L, M)
Etter frukost køyrer vi til Vinjesenteret og tek del på Litteraturdagane.
Dagsprogram kl. 11.00-15.30:
Tarjei Vesaas debutantpris
Lunsj (inkludert)
Høgtlesing av Vesaas tekstar
Vesaas i verda - publisering i Danmark og Tyskland
Vesaas i verda - Narve Fulsås om kunsten å kjenne att ein klassikar. Fuglande før Knausgaard
Tore Kvæven og Victoria Kielland i samtale med Kjersti Rorgemoen
Kveldsprogram på Edland kl. 18.30-21.00 (mot påmelding, inkludert i prisen):
Utdeling av Storegutprisen
Store spel. Ei forteljing om A.O. Vinje og Tarjei Vesaas med Arne Vinje
Tarjei i tonar ved Aasmund Nordstoga m. fleire
På same måte som om fredagen, tek bussen oss tilbake til hotellet der vi et middag saman før dei som vil, blir med til Edland for opplevingane der. Buss tilbake til hotellet etter musikkprogrammet.
(F, L, M)
Denne siste dagen på turen kosar vi oss med frukosten, før vi får kåseri av Arne Vinje med tittelen: Aasmund Olavsson Vinje sitt liv og dikting.
Vi køyrer så til Vinjesenteret med Arne Vinje som guide og går den korte gardsvegen til Vinjestoga. Dette var heimen til Aasmund Olavsson Vinje og inneheld framleis mykje av interiøret frå tida Vinje og familien hans budde her. I dag finn vi det vesle huset på tunet til Aasmund Nordstoga. Han underheld oss med vinjesongar saman med Åsmund Reistad på gitar. Vi sit i skråninga utanfor Vinjestoga medan vi høyrer på og et nista vår. Deretter blir det omvising inne i Vinjestoga. Her vart Aasmund Olavson Vinje fødd som ein fattig husmannsgut, men vart ein av våre fremste diktarar. Han skreiv mellom anna «Blåmann», «Du gamle mor» og «Ferdaminne».
Etter omvisinga samlast vi til ei avslutning med oppsummering av det vi har opplevd på denne turen. (F, niste)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
24/8 | Rauland Høgfjellhotell | Rauland Høgfjellshotell | Meir enn 8 | 14 950,- | BestillMer informasjon |