Skip to main content

Tradisjonsrike Rørosmartnan

 

20. - 23. februar 2023.

Røros har ei magisk tiltrekkingskraft, og mange reiser dit både sommar og vinter. I 1980 vart byen ført opp på UNESCO si liste over verdsarvstader på grunn av fleire hundreår med gruvedrift og byjordbruk, som skapte ein særeigen tettstad på fjellvidda. I tillegg har byen også ein av dei eldste trehusbusetnadane i Europa. Mange som opplever Røros let seg bergta av all sjarm og historie byen har.

Handelsstaden har sterke tradisjonar langt tilbake i tid. Sjølv om den første offisielle martnan ikkje vart arrangert før i 1854, har handelsmenn bytt til seg varer minst eitt par hundre år før dette. Etter at Røros Kobberverk starta opp drifta si i 1644, var det mange som skjønte at det var behov for tilførsel av ulike varer. Mat, kle og anna naudsynt utstyr vart førde inn til Bergstaden og omsett i kol, ved og tømmer. Vinteren var sesongen for marknader, då dette var tida det var mogleg å frakte varene med hest og kjerre over fjellviddene inn til Røros. Dei såkalla lasskøyrara som frakta varene, har vore heilt sentrale i historia om Røros som ein travel og attraktiv handelsstad.

Sjølv om Rørosmartnan tidlegare har hatt nokre tyngre år, er den vorte ein stor folkefest i dag og må berre opplevast. Folk kjem strøymande til frå fjern og nær, og lasskøyrartradisjonane vert halde i hevd. Kvart år kjem over 80 ekvipasjar til martnan fordelt på åtte køyrelag. Desse følgjer dei gamle leiene både frå Sverige og Norge.

Saman med reiseleiar Anne frå Sandane blir vi med på opningsdagane på Rørosmartnan, og får med oss det yrande folkelivet og den magiske stemninga på Bergstaden.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 20. februar - Velkommen til Røros

    På denne turen kan du anten møte gruppa på Røros (reisa ikkje inkludert) eller du kan bli med i turbuss frå Sogn og Fjordane. Bussen går frå Førde kl. 08.00. Reiserute Førde - Skei - Stryn - Strynefjellet – Lom – Dombås – Dovrefjell – Hjerkinn - Røros. Det er høve til å stige på bussen langs heile ruta, og det vert lagt inn stopp for lunsj undervegs. Vi brukar tida i bussen til å slappe av, prate med naboen og bli litt kjende med kvarandre. Kanskje syng vi ein song eller to også? Det vert i tillegg til lunsj lagt inn nokre små beinstrekk.

    Framme på Røros sjekkar vi inn på Røros Hotell. Felles middag på hotellet, før vi nyter kvelden saman i ein av salongane med ein kaffikopp eller noko godt i glaset.
    (L inkludert i turpris med transport frå Sogn og Fjordane)
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 21. februar - Opning av den 168-ande Rørosmartnan

    Etter ein god frukost kler vi oss etter veret og ruslar til sentrum for å få med oss opninga av martnan, der mykje folk er samla. Alle køyrelaga vert heia «over målstreken», og det vert underhaldning og stor stemning med musikk, song og dans.

    Vi opplever at martnan er i full gang med eit yrande folkeliv. Lunsj på eiga hand, og byen har fleire restaurantar og kafear som serverer spennande lokale rettar.

    Det blir også tid til eigen disposisjon om ettermiddagen. Røros har eit levande kunst- og handverksmiljø med kunstgalleri, keramikkverkstader og porselensmåling. Du finn også små særeigne butikkar som sel lokale produkt.

    Ein av dagane vil det bli organisert kanefart for dei i gruppa som ønskjer å få med seg denne attraksjonen. Pris kr. 890,-

    Felles middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 3: Onsdag 22. februar - Rørosmartnan og Bergstadsvandring

    Etter ein god frukost kler vi oss på nytt for vinterver på Røros. Denne dagen står du fritt til å nyte Røros og alt Rørosmartnan har å by på, og ordne lunsj på eiga hand.

    Som eit alternativ kan du mot tillegg i prisen vere med på ei spennande vandring gjennom dei sjarmerande gatene i Bergstaden med ein dugande lokal guide og avslutte med besøk i Røros kirke eller Bergstaden Ziir som ho også tidlegare vart kalla. Mange “kjenner” nok kyrkja gjennom dei meisterlege romanane til Johan Falkberget som i Den fjerde nattevakt med presten Benjamin Sigismund i hovudrolla. Kyrkja er bygd i glanstida til koparverket, stod ferdig i 1784 og ruver majestetisk over dei små trehusa i byen. Ho er ei av dei mest profilerte og største kyrkjene i landet vårt med 1600 sitjeplassar.

    På denne guida turen får vi også med oss det rikhaldige Rørosmuseet med omvising. Museet er lokalisert til Smelthytta og har levandegjort det tidlegare gruvesamfunnet og byjordbruket i byen på ein framifrå god måte. Lunsj inkludert i ekskursjonsprisen. Pris totalt kr. 990,-

    Ettermiddagen til eigen disposisjon for alle.

    Avslutningsmiddag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 4: Torsdag 23. februar – Heimreise

    Etter ein god frukost og innhaldsrike dagar på Røros set vi oss i bussen for turen heim. Vi køyre i varierande vinterlandskap same ruta som vi kom, med små stopp undervegs og felles lunsj.

    Vi er tilbake i Førde på kvelden.
    (F)
    (L inkludert i turpris med transport frå Sogn og Fjordane)
     

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
20/2Røros
Pris inkl. avreise med buss t/r Sogn og Fjordane.
Meir enn 811 950,-BestillMer informasjon
20/2RørosRørosMeir enn 89 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
30/12Nyttårsfeiring i ParisFrå 13 990,-
30/12Nyttårsfeiring i ParisFrå 12 990,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo