Skip to main content

Tur til Trondheim med «Patriarkatet faller»

16. - 19. september 2021.

Forfattar Marta Breen og litteraturformidlar Anette Garpestad står bak den underhaldande podkasten «Patriarkatet faller». Her diskuterer dei tema som feminisme, kunst og litteratur. Vi tek med oss podkastduoen til Trondheim, og inviterer til ei lærerik og morosam helg i selskap med desse engasjerande damene. 

I løpet av turen får vi høyre spennande historier om lokale heltinner frå Trøndelag som ein av landets største kvinnesaksforkjemparar Fredrikke Marie Qvam, Norges første kvinnelege professor Kristine Bonnevie, samepioner Elsa Laula Renberg og ein av landets første kvinnelege legar, Marie Holst, betre kjent som «Doktor-Marie» på folkemunne i Trondheim. 

Det blir guida byvandring, og foredrag med Marta og Anette. I tillegg arrangerer dei eit live-show med podkasten på turen, der dei tek opp spørsmål som: «Kvifor reagerer folk meir negativt på ei full kvinne enn ein full mann?», «Kvifor ler vi så ofte av menns dårlege vitsar?» og «Kvifor er det nesten berre menn som blir genierklært?».  

Vi skal besøke restauranten til ei av Norges ledande kvinnelege kjøkkensjefar, Heidi Bjerkan, på Jossa. På Rockheim får vi ein guida tur om kvinnelege ikon i norsk populærmusikk og musikalske kvinnerørsler. Vi får også med oss ein intimkonsert med kvinnekoret Svartlamon damekor. Dei rockar om skakkøyrd politikk, kvinnestyrke og om det skeive samfunn med ein god dose humor. Dette er den perfekte turen for deg som er interessert i å vite meir om norsk feminisme og om kvinnene som har gått fremst i denne rørsla. 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 16. september - Velkommen

    Transport på eiga hand til Trondheim. Det er enkelt å ta tog og buss frå både sør og nord. Frå Oslo er det om lag 6-7 timar med tog. Alternativa er å fly eller køyre privatbil. Det kan vere lurt å bestille i god tid før avreise, for å sikre seg billett.

    Denne dagen møtest vi til velkomstmiddag og bli-kjent kveld på hotellet vårt, Scandic Nidelven, saman med fagguidane våre, Marta Breen og Anette Garpestad. Dei presenterer seg sjølve og programmet for helga, samtidig som vi får mogelegheit til å bli betre kjende med både dei og resten av gruppa.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 17. september - Guida tur, foredrag og quizkveld

    Etter frukost på hotellet (som er kåra til Norges beste frukost 13 gonger) får vi ein guida tur i byen. Vi skal bli betre kjent med trønderhovudstaden, og vi går blant anna innom Trondheims eige feministhus. Huset vart etablert i januar 2020, og har som formål å vere ein møteplass for inspirasjon og læring for feministar i alle aldrar og med ulik etnisk bakgrunn. Det skal vere ein stad å samlast for etablerte og nye feminist- og kvinneorganisasjonar. Vi tek også turen innom Litteraturhuset, og ser på andre kjente attraksjonar i byen.

    Etter den guida turen, går vi tilbake til hotellet, der vi får eit foredrag av Marta og Anette: Marta fortel spennande historier om lokale heltinner frå Trøndelag. Kvinnekampen har i stor grad handla om å bryte seg inn i menns lukka rom - det vere seg i arbeidslivet, politikken, utelivet, idretten eller kunsten. Dei kvinnene som har gått i front og sparka inn dørene, har ofte gjort det med store personlege kostnader. Blant kvinnene du får høyre om er ein av landets største kvinnesaksforkjemparar «Statsraadinde» Fredrikke Marie Qvam, Norges første kvinnelege professor Kristine Bonnevie, samepioner Elsa Laula Renberg og ein av landets første kvinnelege legar, Marie Holst, betre kjent som «Doktor-Marie» på folkemunne i Trondheim.

    Marta Breen har skrive ei rekke bøker om feminisme, musikk og kvinnehistorie. Blant dei er tegneserieboka «Kvinner i kamp» (2018), som foreløpig er blitt selt til 28 land.

    Lunsj på eiga hand. Trondheim har eit breitt utval av gode plassar å ete. Vi foreslår Hevd håndverksbakeri dersom det fristar med eit godt smørbrød, Persilleriet for plantebasert lunsj, SOT Bar & Burger for byens beste burger, Una pizzeria e bar for pizza, San Sebastian for tapas eller Sabrura for den som ønskjer sushi.

    Vi møtest ved Rockheim for neste del av programmet. Rockheim er det nasjonale museet for populærmusikk, og ligg på Brattørkaia. Museet samlar inn, tek vare på og vidareformidlar norsk populærmusikk frå 50-talet og fram til i dag. Her får vi ein guida tur med fokus på kvinner i musikkens verd. Vi får blant anna høyre om musikalske kvinnerørsler, kvinnelege ikonar i norsk populærmusikk og mangfald i det nye millenniet. Marta har skrive ei bok om kvinner i norsk pop og rock, «Piker, vin og song», som ho også vil fortelje om.

    Middag på eiga hand denne kvelden. Dersom det er stemning for det, reserverer reiseleiar bord og samlar gruppa for middag. Etter middag går vi samla, eventuelt møtes vi ved, puben Antikvariatet på Bakklandet. Her er det duka for quizkveld!

    Kor mange gonger vann Grete Waitz New York Marathon? Kva er tittelen på Vigdis Hjorths siste roman? Og kven sa «Jeg elsker champagne, og den bør være tørr og gratis!»?

    Sidan fagguidane våre er lei av at historiebøkene og quizkveldane vert dominerte av menn, har Marta difor laga si eiga vetle quizbok: «Hva vet du om damer?» som inneheld 500 spørsmål i eit breitt utval av kategoriar. Her finn du alt frå politikk og vitskap til sport og kultur. Dei spør, vi svarar.
    (F)

  • Dag 3: Laurdag 18. september - Live-show med Patriarkatet faller

    Vi startar dagens program med intimkonsert med Svartlamon damekor på føremiddagen. Dei er eit særdeles politisk og underhaldande kor.

    Lunsj på eiga hand.

    Vi går samla frå hotellet for å delta på liveshow med Patriarkatet faller! Dette skjer i matkultursenteret, som ligg rett ved Jossa mat og drikke, der vi etterpå skal ete middag. Det er mogelegheit for å kjøpe seg ein aperitiff og litt snacks til showet.

    I podkasten sin stiller Marta og Anette blant annet spørsmål som: «Kvifor reagerer folk meir negativt på ei full kvinne enn ein full mann?» «Kvifor ler vi så ofte av menns dårlege vitsar?» «Kvifor er det nesten berre menn som blir genierklært?» Og: «Kor lenge skal vi kvinner eigentleg finne oss i å vere den andre?» Denne kvelden vil dei to fortsette samtalen si om kvinner og menn i kulturlivet, om norsk feminisme i 2021, og dei vil forsøke å oppklare nokre mytar og misforståingar på området.

    Etter live-showet et vi middag i nabobygget, Jossa mat og drikke. Jossa vert driven av ein av Norges ledande kvinnelege kjøkkensjefar og kokkar, Heidi Bjerkan. Ho driv i tillegg restaurantane Edoramen og Credo, der sistnemnte har fått ei Michelin-stjerne. Bjerkan er opptatt av å jobbe berekraftig, med stort fokus på lokale bønder. Ho har i tillegg vunne fleire prisar, som Årets Kjøkkensjef i 2015, Ingridprisen og Matprisen i 2017 og Kokkenes Kokk i 2019.

    Vi deler gode historier og erfaringar rundt middagsbordet denne kvelden.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 19. september - Foredrag og heimreise

    Etter frukost samlast vi for å oppsummere turen. Ein kan stille spørsmål til Marta og Anette, eller dele ei personleg historie, før vi seier på gjensyn til kvarandre.

    Heimreise på eiga hand.
    (F)

Reisekalender
19/11Førjulstur til vakre WienFrå 10 990,-
25/11Vandretur på paradisøya MadeiraFrå 13 975,-
29/12Nyttårsfeiring i RomaFrå 13 950,-
12/2Vandretur på Gran CanariaFrå 17 950,-
12/2Vandretur på Gran CanariaFrå 17 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo