Om Eirik Bergesen

Eirik Bergesen er journalist, kommentator og ein av dei mest tydelege formidlarane av amerikansk og internasjonal politikk i Noreg. Mange kjenner han frå podkasten Det store bildet, der han set dagsaktuelle hendingar inn i større historiske og politiske samanhengar, saman med Sofie Høgestøl.

Som fagguide kombinerer Bergesen solid kunnskap med ein levande og inkluderande formidlingsstil. Han er oppteken av å forklare kviforverda ser ut som ho gjer – ikkje berre kva som skjer. Med klare analysar, opne samtalar og god pedagogisk teft skaper han rom for refleksjon og engasjement undervegs på reisa.

Å reise med Eirik Bergesen er å få betre oversikt, djupare forståing og nye perspektiv på historia og samtida – fortalt på ein måte som gjer dei store spørsmåla både relevante og forståelege.