Merete Bø er vinjournalist og sommelier, og ein av dei fremste vinjournalistane i Noreg. Ho er ein av to programleiarar i podkasten «Jeg kan ingenting om vin» saman med Thomas Giertsen, og ho har gitt ut ei rekkje bøker om vin og mat.
Ho opnar dører
Dette er det viktigaste å vite om vinreisene med Merete: ho kjenner folk.
I vindistrikta vi reiser til har ho bygd opp kontaktar gjennom mange år, og det gjer at vi kjem inn stader ei vanleg gruppe ikkje kjem inn. Vi møter produsentane sjølve, ikkje ein tilsett i ein smakssal. Vi får smake på ting som ikkje står på lista, og som eigentleg gjerne kostar titusenvis, kanskje hundretusenvis, av kroner.
Slike reiser lar seg rett og slett ikkje setje opp utan ein som Merete.
Alle får smake
Ein detalj som betyr meir enn ein skulle tru: på vinreisene våre er det alltid nokon som køyrer gruppa til og frå vingardane.
Det høyrest smått ut, men det er heile poenget. Ingen treng å sitje over. Alle kan smake på alt, heile dagen, utan å tenkje på korleis dei kjem seg tilbake til hotellet.
Kva slags reiser?
Merete er fagguide på vinreisene våre, til klassiske vindistrikt i Europa.


