Öde Nerdrum voks opp omgitt av farens bilete. Ikkje som besøkande i eit galleri, men som ein som levde i same hus som dei, og som over tid lærte å sjå det dei eigentleg seier.
I dag er han sjølv målaren og formidlaren. Han leiar teikneøkter, held foredrag og tek folk med inn i det universet som har forma han heile livet.
Med Öde som guide er Nerdrum ikkje kunsthistorie. Det er ein levande samtale.

