Öde Nerdrum voks opp omgitt av bileta til faren. Ikkje som besøkande i eit galleri, men som ein som levde i same hus som dei, og som over tid lærte å sjå det dei eigentleg seier.
I dag er han sjølv målaren og formidlaren.
Slik er det å reise med Öde
Öde leiar teikneøkter, held foredrag og tek folk med inn i det universet som har forma han heile livet.
Du treng ikkje kunne teikne for å bli med. Poenget er ikkje resultatet, men at du ser annleis på eit måleri etter at du sjølv har prøvd å setje ein strek.
Med Öde som guide er kunsten ikkje kunsthistorie. Det er ein levande samtale.
Kva slags reiser?
Öde er fagguide på kunstreisene våre, til byar og museum i Europa der dei store målarane arbeidde.



.jpeg)