Sjur Hjeltnes er pianist og komikar frå Voss, klassisk utdanna ved Griegakademiet i Bergen og École Normale de Musique i Paris, men med eit repertoar som spenner frå Fartein Valen til Deep Purple.
Det er frå pianokrakken han ser verda, og derifrå serverer han observasjonar som får publikum til å le av ting dei aldri hadde tenkt å le av. Saman med Linda Eide har han laga show der norsk historie vert snudd opp ned på leikande vis, ikkje for å ta det på kornet, men for å finne det som er sant og rart på same tid.
Når Sjur er med på tur, skjer det noko i rommet. Historia kjem tettare på.

