Skip to main content

Turar med Sturla Ellingvåg

Sturla Ellingvåg er ein historikar som samarbeider med Max Planck Institute i Leipzig og Schreinersamlingen ved UiO. Han har sidan 2005 arbeidd mest med prosjekt innan DNA og historieforsking, blant anna på Påskeøya, i Kaukasus og Sentral-Asia. I tillegg er han medforfattar til fleire DNA-studiar. I 2017 og 2018 fekk han opna graver i Normandie og Sør-Italia for DNA-undersøkingar. Desse tilhøyrde dei to mest kjende normannarfamiliane, og det store spørsmålet er om ein kan finne ut meir om slektskapet tilbake til Gange-Rolv og vikingane.

Sturla er aktuell i tv-serien American Runestone med Peter Stormare på Viaplay og i ein ny tv-dokumentar om vikingane med Kristofer Hivju (kjem snart). Han held ofte foredrag i inn- og utland og har eigen Youtube-kanal: Viking Stories. 

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo