Skip to main content

Tysklands vestlege hjarte med Erik Fosnes Hansen

2. - 5. mai 2024.

Fotefar Temareiser er svært glade for å tilby ein spennande tur til Köln, Koblenz og Bonn med forfattaren Erik Fosnes Hansen. Han er kjend og kritikarrost for romanane sine, og bøkene hans er omsett til 30 språk. I den siste boka Tyskland på 200 sider – historien om mange land som ble ett, skriv han om dette store landet som har påverka verdshistoria på godt og vondt. Få andre kjenner historia, kulturen og litteraturen i Tyskland så godt frå innsida som Fosnes Hansen. På denne flotte turen vil han med forteljarglede halde kåseri på hotellet og på utfluktene der han vil ause av sine store kunnskapar om det vi ser og opplever.

Vi bur sentralt til i gamlebyen i Köln med si rike historie heilt tilbake til romartida, men byen står i dag fram i eit fascinerande samspel mellom gamalt og nytt. I tillegg ligg byen idyllisk plassert langs elva Rhinen. Vidare blir det utflukter til Bonn og Koblenz. Fleire av dei viktigaste attraksjonane vi skal besøke, står oppførde på UNESCOs verdsarvliste. Vi skal sjølvsagt få med oss fødestaden til den store komponisten Ludvig van Beethoven i Beethovenhaus i Bonn.

På ekskursjonane vil vi oppleve mykje vakker natur som der elvane Mosel og Rhinen møtest, og der keisar Wilhelm I tronar på den 37 meter høge ryttarstatuen. Vi skal også nyte den strålande utsikta over Rhinen og Koblenz etter å ha teke gondol opp i 118 meter høgde.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 2. mai - Frå Oslo til Köln

    Avreise frå Oslo om morgonen. Vi landar i Düsseldorf, og etter ca. ein times busstur er vi framme ved hotellet vårt i Köln. Først blir det tid til å nyte ein lunsj på eiga hand og kanskje smake på det lokale og gode ølet, Kölch.

    Etter lunsj går vi ut i Kölns gater saman med Erik Fosnes Hansen der han fortel oss om “Landet bortenfor folkeskikken”.

    På vandreturen får vi blant anna sjå den imponerande Kölnerdomen som tronar med sine to tårn 156 meter opp i lufta. Grunnsteinen vart lagd alt i 1248, og fram til 1884 var dette verdas høgaste byggverk, og det er også oppført på UNESCOs verdsarvliste. Katedralen vart bomba og sterkt skada under krigen, men bygd opp att og vakkert restaurert. Elles er det funne restar av kristne byggverk på staden, som er datert heilt tilbake til 300-talet.

    Vi skal også besøke kyrkja St Maria im Kapitol, som er kjend for både den imponerande arkitekturen og den rike historia.

    Etter byvandringa går vi tilbake til hotellet for litt avslapping, før vi om kvelden møtest til felles middag.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 3. mai - Til Koblenz og kryssar Rhinen i gondol

    Etter ein god frukost køyrer vi til Koblenz, og denne dagen held Erik Fosnes Hansen kåseriet undervegs på bussen. Han vil blant anna snakke om dei mange statane Tyskland tidlegare var oppdelte i, om Preussen si sentrale rolle og Tysklands samling.

    Vel framme skal vi møte den lokale guiden vår på Das Deutsche Eck eller «Tysklands hjørne». Dette er staden der elvane Rhinen og Mosel møtest, og der vi finn monumentet til ære over keiser Wilhelm I. Deutsche Eck og monumentet er eit symbol på tysk nasjonal eining og ein viktig del av historia til landet. Mykje av dette vil vi høyre meir om på denne utflukta.

    Guiden vår tek oss vidare med i gondol opp til festninga Ehrenbreitstein. Vi kryssar Rhinen på veg opp, og det blir ei spektakulær oppleving med utsikt utover både Rhinen og byen Koblenz.

    På festningen Ehrenbreitstein blir vi guida rundt, før vi tek heisen ned og vandrar vidare til ein felles lunsj på det historiske Weindorf Koblenz fra 1925. Ideen bak huset var å bygge ein autentisk vinhuslandsby som skulle representere dei fire vinregionane i nærleiken. I dag er Weindorf Koblenz ein moderne stad med historisk karakter. God mat og typiske, lokale vinar kjenneteiknar dette måltidet.

    Etter måltidet blir det litt tid på eiga hand i Koblenz, før vi dreg tilbake til hotellet vårt. I Köln er det eit myldrande liv med butikkar, kafear og mange restaurantar, og ein god stad å ta middagen på eiga hand.
    (F, L)

  • Dag 3: Laurdag 4. mai - Til Bonn

    Etter ein god frukost køyrer bussen oss til Bonn som truleg er mest kjend for å ha vore hovudstad i Vest-Tyskland frå 1949 til 1999. På reisa til Bonn vil forfattaren fortelje om Tysklands sitt nederlag i krigen, gjenreisinga og forholdet mellom aust og vest i landet.

    Bonn er også berømt for at ein av verdas største komponistar, Ludwig van Beethoven. Han var fødd der og levde dei 17 første åra i familiehuset til han drog til Wien for å studere i 1787. Vi besøker Beethoven Haus som i dag er eit museum og ein kulturinstitusjon. Når vi går inn her, blir vi dregne inn i den historiske atmosfæren som fører oss tilbake til Beethovens tid. Det er over 100 originale utstillingar som speglar livet til Beethoven og komposisjonane hans. Familiehuset på Bonngasse er i dag eitt av dei få husa i Bonn som vart bygd på 1700-tallet. 

    På veg til lunsj passerer vi det gamle rådhuset, Altes Rathaus. Denne storslegne bygningen var administrasjonssetet då Bonn var Vest-Tysklands provisoriske hovudstad. Rådhuset er i rokokkostil og fleire berømte personar har halde tale på trappa her, som John F. Kennedy (1963) og Mikhail Gorbatsjov (1989). Bygningen er ikkje open for allmenta, men vi kan beundre den frå utsida.

    Etter lunsj i historiske omgivnader blir vi henta av bussen og køyrt til Altes Wasserverk som var vassverket til Bonn frå 1873 til 1958. Det gamle pumpehuset på vassverket blei mellom 1986 til 1993 nytta som plenumssalen til Den tyske forbundsdagen, som var parlamentet i Vest-Tyskland med Bonn som hovudstad

    Deretter spaserer vi vidare den korte veien for å vitje Haus der Geschichte der Bundesrepublik Deutschland, som er eit museum for samtidshistorie. Dette er eitt av dei mest besøkte musea i Tyskland og husar blant anna Willy Brandt si nobelprisutmerking frå 1971. Etter å ha vandra rundt på museet, blir vi henta av bussen og køyrt tilbake til hotellet.

    Tilbake i Köln kan vi gjerne gå ut saman for å ete middag på ein koseleg restaurant.
    (F, L)

  • Dag 4: Søndag 5. mai - Dagens Köln med Erik Fosnes Hansen og Helga Frese-Resch

    Etter ein god frukost får vi det siste kåseriet i konferansesalen med Erik Fosnes Hansen med tittelen Store land, hva nå? Her vil han ta for seg dagens Tyskland med moderne, kunstnariske straumdrag, det valdsame spennet mellom den vanskelege fortida og rolla i dag som ei europeisk stormakt. Han vil også komme inn på Angela Merkel som Europas leiar og arven etter henne.

    Etter kåseriet sjekkar vi ut og set bagasjen på bagasjerommet før vi går ut i for å møte Helga Frese Resch. Fosnes Hansen vil samtale med henne om fleire sider ved dagens Köln.

    Helga Frese Resch er vikarierande forlagssjef og redaksjonssjef hos Kiepenheuer & Witsch, eitt av dei viktigaste forlaga i Tyskland. I 1999 gav ho ut boka «Der Karnevalsknigge» (skikk og bruk for karnevalet) som tek for seg alt ein bør og ikkje bør gjere når ein deltar i det berømte karnevalet i Köln, det aller største i Tyskland.

    Etter møte med Hela Frese-Resch er det lunsj og tid på eiga hand fram til vi skal møtast om ettermiddagen for heimreise.

    Under turen til flyplassen vil Erik Foss Hansen oppsummere det vi har sett og opplevd på reisa vår til Tysklands vestlege hjarte.

    Fly til Oslo, og vi er framme tidleg om kvelden.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
2/5OsloTysklandMeir enn 819 990,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo