
15. februar – 9. mars 2027.
Bli med Fotefar på eit innhaldsrikt cruise der vi kombinerer vandring, kultur og øyliv.
Turen startar med fly til London, der vi går om bord i cruiseskipet Ambition. Skipet tek oss først til Brest i Bretagne og vidare til El Ferrol i Galicia, før vi kryssar havet mot Madeira, La Palma, La Gomera, Tenerife, Gran Canaria, Fuerteventura og Lanzarote. Her ventar store kontrastar: frodige dalar, levadaer, laurbærskog, svarte lavamarker, furukledde fjell, grøne ravinar, vindforma kystar og utsyn langt ut over Atlanterhavet.
Etter dagane på øyane set vi kursen tilbake mot fastlandet, med stopp i Portimão på Algarve-kysten, Lisboa og Leixões ved Porto. Slik får vi med oss både øylandskap, kystkultur, maritime byar og nokre av dei vakraste hamnene langs Atlanterhavskysten.
Reiseleiar frå Fotefar er med på heile turen og legg til rette for fellesskap og gode opplevingar både om bord og i land. Vi legg opp til ei eiga utfluktspakke, mot tillegg i prisen, med handplukka utflukter og vandringar der vi kjem tettare på naturen, floraen og øylivet. Meir informasjon om utfluktspakka kjem.
































































