Vandretur på paradisøya Madeira

22.-29. mars 2021.

Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Uansett kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ein enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store busker og tre. Madeira er ei «dramatisk» øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer.

Vandreturane langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Dei er relativt lette, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar.

Funchal står i dag fram som ein svært moderne og spennande by, medan jordbruket framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er dei vanlegaste reiskapane, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene.

Pris frå:
13 975,-
Dagar:8
Inkludert:
Flyreise Oslo - Madeira t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
All busstransport, guiding og fellesutflukter som vist i programmet
7 overnattingar på 4-stjerners hotell
7 frukostar
7 middagar og 1 stor lunsj
Kulturkveld med musikk, song og folkedans
Prøvesmaking av vin, ost, tropiske frukter og anna
Jan Harald Revheim er guide og reiseleiar frå Fotefar
Lokal guide på vandreturane
Ikkje inkludert:
Tilknyting frå/til andre byar i Norge
Enkeltromstillegg
Måltid utover det som står i programmet
Tips
Drikke

Minimum tal deltakarar er 20 personar
Maksimum tal deltakarar er 30 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Måndag 22. mars - Frå Norge til Madeira
Avreise frå Oslo. Direkte fly frå Oslo til Madeira der vi er framme tidleg om ettermiddagen.

På flyplassen på Madeira ventar bussen og kontaktpersonen vår på oss. På køyreturen til hotellet i Funchal får vi guiding av Jan Harald Revheim. Han har hatt ansvaret for grupper til Madeira mange gonger tidlegare og er guiden vår på heile turen. Vel framme i vakre Funchal, sjekkar inn på hotellet vårt (4 stjerner), som ligg nokså sentralt til, med ein vakker hage og to symjebasseng. Etter litt avslapping på rommet eller ute i hagen, samlast vi på møterommet for å bli kjende med kvarandre og få orientering om turopplegget.

På kvelden møtest vi til middag på hotellet.
(M)

Tysdag 23. mars - Besøk i Funchal
Etter frukost skal vi gjere oss kjende med den flotte og sjarmerande hovudstaden på Madeira, Funchal. Der tek Jan Harald oss med på ei byvandring til fots. Denne utflukta vil gi eit godt grunnlag for å utforske byen seinare på eiga hand.

Vi startar med å gå gjennom ein svært vakker park og får elles med oss eit besøk i den flotte katedralen frå 1514 med namnet Sé.  Arkitekturen er ei blanding av hispano-arabisk og gotisk-romanske linjer.

I den fargerike marknadshallen kan vi beundre mangfaldet av blomster, frukt og grønsaker som er plasserte rundt ein sentral gardsplass. Her er det også smaksprøver på frukter vi aldri har visst om. I same bygning finn vi fiskehallen med dei mange artene som er fanga i denne delen av Atlanterhavet. For oss nordmenn er den svarte, spesielle «Espada-fisken» den mest eksotiske. Denne fisken bør du absolutt ete under opphaldet.

Vi går vidare til ein broderifabrikk, der vi får omvising og ser på kva utruleg arbeid som ligg bak dei vakre broderia som byen er berømt for. Her får vi sjanse til å kjøpe flott handverk.

Til slutt på vandreturen besøkjer vi eit madeiravinhus, der vi får lære om historia til denne vinen og korleis den blir produsert og lagra. Her er det mogeleg å få ei smaksprøve.

Lunsj på eiga hand, men reiseleiarane bestiller bord til heile gruppa på ein koseleg restaurant.

Resten av dagen til eigen disposisjon, men vi kan anbefale besøk i dei to frodige byhagane med eksotiske blomster, plantar og tre. Transport på eiga hand tilbake til hotellet. Det er svært billig med taxi.

Middag på hotellet om kvelden.
(F, M)

Onsdag 24. mars - Vandring på levadaen frå Vale Paraiso til Camacha med utflukt til Monte
Denne morgonen startar vi med tur på ein levada. Desse vatningsvegane er eit særpreg for Madeira. Fra gammel tid har ein gjennom dette kanalsystemet ført vatn rundt om på øya.

Bussen køyrer oss på i fjellsida over Funchal, og vandreturen denne dagen går gjennom den grøne Paradisdalen med utsikt over sjarmerande og isolerte landsbyar. Langs turen vil vi oppleve forskjellige lukter som av Eucalyptus, Gyvel, eiketre, fennikel, kamelia og mange andre, og det er flott å oppleve den rike floraen og det spesielle landskapet. Dette er ein lett vandretur på ca. 7 km, og etter ein velfortent pause med litt mat og forfrisking på ein lokal kafé i Hortensia Garden eller i Camacha, dreg vi med bussen til Monte, fjellet som ligg rett over for Funchal.

Frå Monte nyt vi ei førsteklasses panoramautsikt over Funchal og den storslegne naturen på Madeira. Vi kikkar på den vakre katedralen der Karl I, den siste keisaren av Austerrike/Ungarn, ligg i jarnkiste. På nedturen frå Monte er det ei stor og populær oppleving å setje seg i ein av dei mange berømte sledane for å skli ned igjen dei bratte bakkane. Desse såkalla Monte-sledane var opphavleg eit transportmiddel for å komme raskt ned fjellsidene til sentrum. Desse fletta korgsledane er forma som sparkstyttingar, og dei blir styrde av to menn – carreiros – som er kledde i kvite kler og stråhattar. For dei som ikkje vågar seg ut på denne attraksjonen, kan ein ta bussen ned til endestasjonen for sledekøyringa. Bussen går så til slutt til sentrum av Funchal hotellet og tilbake til hotellet.

Middag på hotellet.
(F, M)

Torsdag 25. mars - Levada Do Norte og Camara de Lobos
Vandringa denne dagen startar med buss frå hotellet og går på den lengste vatningskanalen på øya med vakker utsikt over sørvest-kysten. Dette er ein moderat tur på om lag 10 km i roleg gonge på flat sti.

Bussen hentar oss i endepunktet av vandreturen og køyrer oss til Camara de Lobos i det landskapet som Winston Churchill måla under opphaldet sitt på øya. Her er det mange fargerike, små fiskebåtar. Om natta legg fiskarane ut for å fange den populære Espada-fisken og andre fiskeslag. Vi organiserer ein stor og velsmakande lunsj med drikke til ca. 20 euro for dei som ønskjer det. Vi er tilbake på hotellet om ettermiddagen, og det blir fellesmiddag der.
(F, M)

Fredag 26. mars - Busstur til ville, vakre, vestre Madeira
Denne dagen skal vi utforske den ville, vakre og vestre delen av Madeira og startar frå hotellet på morgonen. Vi dreg langs bananplantasjane og vingardane på sørkysten fram til den berømte klippa, Cabo Girão. Klippa har eit loddrett stup på 580 meter rett ned i havet og er med dette verdas tredje høgste. Her ser vi på utsikta før vi held fram utflukta vår til Ribeira Brava, ein pittoresk kystby der vi får tid til ein spasertur, kikke på fiskebåtane og ta ein kopp kaffi eller eit glas vin. Deretter dreg vi videre oppover mot fjellområdet Encumeada med vakker og skiftande natur og med flott panorama mot Atlanterhavet.

Gjennom grøne skogar går turen vidare til São Vicente ved nordkysten ut til Ponto. Vi tek ein liten spasertur i byen og får med oss eit lite besøk i den vakre kyrkja. Deretter følgjer vi kystlinja vidare med ei praktfull utsikt over Atlanterhavet til vi når Porto Moniz. Denne byen er kjend for det naturlege havbassenget, som er forma av stivna lava. Her skal vi nyte ein god lunsj. Deretter blir det tid til å utforske byen litt på eiga hand.

Om ettermiddagen på veg tilbake til Funchal, set vi først kursen mot Paul da Serra, eit 1400 meter høgt platå med fantastisk utsikt. Bussen køyrer så vidare nedover mot kysten til Ponta do Sol og  Ribeira Brava og tek så motorvegen til Funchal.

På denne turen vil guiden fortelje litt om historia til Madeira, i tillegg til alt det spennande vi ser undervegs.

Tilbake til hotellet slappar vi av og kosar oss før vi samlast til middag der.
(F, L, M)

Laurdag 27. mars - Levadaen Lombo dos Marinheiros
Vi startar som vanleg med buss frå hotellet på morgonen. Denne turen langs levadaen er særleg sjarmerande og inneheld ei blanding av lokal flora og fauna og vakker utsikt som vi kan sjå mellom dalar og opne marker. Denne dagen tek vi med oss nistepakke. Etter fotturen på om lag 4-5 timar køyrer bussen oss til ein kjend sukkerrøyrfabrikk, og vi besøkjer den vesle byen Calheta. Vi er tilbake til hotellet vårt på ettermiddagen.

Denne kvelden skal vi oppleve den genuine atmosfæren på Madeira med typisk lokal mat og drikke. Bussen køyrer oss til ein lokal restaurant der vi får servert ein tre-rettars middag der hovudretten er dei berømte grillspyda på ca. ein meter! Under middagen underheld ei lokal folkloregruppe med tradisjonelle songar og lokale dansar. Dei dyktige dansarane er i alle aldrar og vil gjerne at vi blir med i dansen. Bussen køyrer oss tilbake til hotellet etter opplegget her.
(F, M)

Søndag 28. mars - Levadaen do Rei (Kongens Levada)
Dette er ein heildagstur på rundt 4-5 timar i roleg gange med gode pausar og piknik. Vi går gjennom dei vakre dalane i São Jorge i dei mest grøderike områda på heile øya. Dette skuldast regnskogen, og vi opplever ei mengd med urter og plantar som blir nytta innan medisinen. Det mest spektakulære er når vi går bak eit fossefall og kjem fram til ein nærmast paradisisk stad som er så vakker at den mest tek pusten frå folk flest. Tilbake til hotellet etter dette, og tid for avslapping og kanskje ein tur inn til sentrum av Funchal.

Avslutningsmiddag på hotellet.
(F, M)

Måndag 29. mars - Retur til Norge
Etter frukost har vi nokre timar før bussen køyrer oss til flyplassen. Vi foreslår at vi nyttar denne tida til dei flotte fasilitetane på hotellet og kanskje ein lett lunsj. Direktefly til Oslo.
(F)

 

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
22/3OsloVandretur på paradisøya MadeiraMeir enn 813 975,-Bestill