Skip to main content

Vandretur på paradisøya Madeira

25. november - 2. desember 2021.

Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Uansett i kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ei enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store buskar og tre. Madeira er ei dramatisk øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer. I november møter vi sol og varme her!

Vandreturane langs vatningskanalane levadaene, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Dei er relativt lette, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar.

Funchal står i dag fram som ein svært moderne og spennande by, medan jordbruket framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er dei vanlegaste reiskapane, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 25. november - Avreise til Madeira

    Avreise frå Oslo og Bergen med mogeleg tilknyting frå andre byar.

    På flyplassen på Madeira ventar bussen og kontaktpersonen vår, Marco, på oss. Vel framme i vakre Funchal, sjekkar inn på hotellet vårt (4 stjerner), som ligg nokså sentralt til, med ein vakker hage og symjebasseng.

  • Dag 2: Fredag 26. november - Besøk i Funchal

    Etter frukost skal vi gjere oss kjende med den flotte og sjarmerande hovudstaden på Madeira, Funchal. Der tek reiseleiar oss med på ei byvandring til fots. Denne utflukta vil gi eit godt grunnlag for å utforske byen seinare på eiga hand.

    Vi startar med å gå gjennom ein svært vakker park og får elles med oss eit besøk i den flotte katedralen frå 1514 med namnet Sé.  Arkitekturen er ei blanding av hispano-arabisk og gotisk-romanske linjer.

    I den fargerike marknadshallen kan vi beundre mangfaldet av blomster, frukt og grønsaker som er plasserte rundt ein sentral gardsplass. Her er det også smaksprøver på frukter vi aldri har visst om. I same bygning finn vi fiskehallen med dei mange artene som er fanga i denne delen av Atlanterhavet. For oss nordmenn er den svarte, spesielle «Espada-fisken» den mest eksotiske. Denne fisken bør du absolutt ete under opphaldet.

    Vi går vidare til ein broderifabrikk, der vi får omvising og ser på kva utruleg arbeid som ligg bak dei vakre broderia som byen er berømt for. Her får vi sjanse til å kjøpe flott handverk.

    Til slutt på vandreturen besøkjer vi eit madeiravinhus, der vi får lære om historia til denne vinen og korleis den blir produsert og lagra. Her er det mogeleg å få ei smaksprøve.

    Lunsj på eiga hand, men reiseleiarane bestiller bord til heile gruppa på ein koseleg restaurant.

    Resten av dagen til eigen disposisjon, men vi kan anbefale besøk i dei to frodige byhagane med eksotiske blomster, plantar og tre. Transport på eiga hand tilbake til hotellet. Det er svært billig med taxi.

    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 3: Laurdag 27. november - Vandring på levadaen frå Vale Paraiso til Camacha med utflukt til Monte

    Denne morgonen startar vi med tur på ein levada. Desse vatningsvegane er eit særpreg for Madeira. Fra gammel tid har ein gjennom dette kanalsystemet ført vatn rundt om på øya.

    Bussen køyrer oss opp i fjellsida over Funchal, og vandreturen denne dagen går gjennom den grøne Paradisdalen med utsikt over sjarmerande og isolerte landsbyar. Langs turen vil vi oppleve forskjellige lukter som av eukalyptus, gyvel, eiketre, fennikel, kamelia og mange andre, og det er flott å oppleve den rike floraen og det spesielle landskapet. Dette er ein lett vandretur på ca. 7 km, og etter ein velfortent pause med litt mat og forfrisking på ein lokal kafé i Hortensia Garden eller i Camacha, dreg vi med bussen til Monte, fjellet som ligg rett over for Funchal.

    Frå Monte nyt vi ei førsteklasses panoramautsikt over Funchal og den storslegne naturen på Madeira. Vi kikkar på den vakre katedralen der Karl I, den siste keisaren av Austerrike/Ungarn, ligg i jarnkiste. På nedturen frå Monte er det ei stor og populær oppleving å setje seg i ein av dei mange berømte sledane for å skli ned dei bratte vegane. Desse såkalla Monte-sledane var opphavleg eit transportmiddel for å komme raskt ned fjellsidene til sentrum. Desse fletta korgsledane er forma som sparkstyttingar, og dei blir styrde av to menn – carreiros – som er kledde i kvite kle og stråhattar. For dei som ikkje vågar seg ut på denne attraksjonen, kan ein ta bussen ned til endestasjonen for sledekøyringa. Bussen går så til sentrum av Funchal og tilbake til hotellet.

    Middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 4: Søndag 28. november - Levada Do Norte og Camara de Lobos

    Vandringa denne dagen startar med buss frå hotellet og går på den lengste vatningskanalen på øya med vakker utsikt over sørvest-kysten. Dette er ein moderat tur på om lag 10 km i roleg gonge på flat sti.

    Bussen hentar oss i endepunktet av vandreturen og køyrer oss til Camara de Lobos i det landskapet som Winston Churchill måla under opphaldet sitt på øya. Her er det mange fargerike, små fiskebåtar. Om natta legg fiskarane ut for å fange den populære Espada-fisken og andre fiskeslag. Vi organiserer ein stor og velsmakande lunsj med drikke til ca. 20 euro, for dei som ønskjer det. Vi er tilbake på hotellet om ettermiddagen, og det blir fellesmiddag der.
    (F, M)

  • Dag 5: Måndag 29. november - Busstur til ville, vakre, vestre Madeira

    Denne dagen skal vi utforske den ville, vakre og vestre delen av Madeira og startar frå hotellet om  morgonen. Vi dreg langs bananplantasjar og vingardar på sørkysten fram til den berømte klippa, Cabo Girão. Klippa har eit loddrett stup på 580 meter rett ned i havet og er med dette verdas tredje høgste. Her ser vi på utsikta før vi held fram utflukta vår til Ribeira Brava, ein pittoresk kystby der vi får tid til ein spasertur, kikke på fiskebåtane og ta ein kopp kaffi eller eit glas vin. Deretter dreg vi videre oppover mot fjellområdet Encumeada med vakker og skiftande natur og med flott panorama mot Atlanterhavet.

    Gjennom grøne skogar går turen vidare til São Vicente ved nordkysten ut til Ponto. Vi tek ein liten spasertur i byen og får med oss eit besøk i den vakre kyrkja. Deretter følgjer vi kystlinja vidare med ei praktfull utsikt over Atlanterhavet til vi når Porto Moniz. Denne byen er kjend for det naturlege havbassenget, som er forma av stivna lava. Her skal vi nyte ein god lunsj. Deretter blir det tid til å utforske byen litt på eiga hand.

    Om ettermiddagen på veg tilbake til Funchal, set vi først kursen mot Paul da Serra, eit 1400 meter høgt platå med fantastisk utsikt. Bussen køyrer så vidare nedover mot kysten til Ponta do Sol og  Ribeira Brava og tek så motorvegen til Funchal.

    På denne turen vil guiden fortelje litt om historia til Madeira, i tillegg til alt det spennande vi ser og opplever undervegs.

    Tilbake til hotellet slappar vi av og kosar oss før vi møtest til fellesmiddag.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Tysdag 30. november - Levadaen Lombo dos Marinheiros

    Vi startar som vanleg med buss frå hotellet på morgonen. Denne turen langs levadaen er særleg sjarmerande og inneheld ei blanding av lokal flora og fauna og vakker utsikt som vi kan sjå mellom dalar og opne marker. Denne dagen tek vi med oss nistepakke. Etter fotturen på om lag 4-5 timar køyrer bussen oss til ein kjend sukkerrøyrfabrikk, besøkjer elles den vesle byen Calheta og er tilbake til hotellet vårt på ettermiddagen.

    Denne kvelden skal vi oppleve den genuine atmosfæren på Madeira med typisk lokal mat og drikke. Bussen køyrer oss til ein lokal restaurant der vi får servert ein tre-rettars middag der hovudretten er dei berømte grillspyda på ca. ein meter! Under middagen underheld ei lokal folkloregruppe med tradisjonelle songar og lokale dansar. Dei dyktige dansarane er i alle aldrar og vil gjerne at vi blir med i dansen. Bussen køyrer oss tilbake til hotellet etter opplegget der.
    (F, M)

  • Dag 7: Onsdag 1. desember - Levadaen do Rei (Kongens Levada)

    I dag går vi ein heildagstur på ca. 4-5 timar i roleg tempo med gode pausar og piknik. Vi vandrar gjennom dei vakre dalane i São Jorge i dei mest grøderike områda på heile øya. Dette skuldast regnskogen, og vi opplever ei mengd med urter og plantar som blir nytta innan medisinen. Det mest spektakulære er når vi går bak eit fossefall og kjem fram til ein nærmast paradisisk stad som er så vakker at den mest tek pusten frå folk flest. Tilbake til hotellet er det tid for avslapping og kanskje ein tur inn til sentrum av Funchal.

    Middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 8: Torsdag 2. desember – Heimreise

    Etter ein noko tidleg frukost køyrer bussen vår oss til flyplassen i Funchal og turen går via Lisboa og er framme i Oslo tidleg kveld. Tilknyting til andre byar på førespurnad.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
25/11OsloMadeiraMeir enn 813 975,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo