Vandretur på makelause Azorane

4. - 10. mars 2026.

Bli med oss på vandretur på Azorane, og opplev det særeigne landskapet med dramatiske vulkanformasjonar, frodige dalar og imponerande utsiktspunkt. Øygruppa ligg ute i Atlanterhavet og byr på opplevingar utanom det vanlege. Gjennom historia har Azorane vore eit viktig knutepunkt for skipsfarten mellom Europa og Amerika, og mange norske sjøfolk har besøkt øyane for å skaffe forsyningar og reparere båtane. Under andre verdskrig spelte Azorane ei særs viktig rolle som strategisk base for dei allierte styrkane. Mange nordmenn var ein del av dei allierte konvoiane som kryssa Atlanterhavet og nytta øya som ein trygg tilfluktsstad.

Azorane har mykje å by på når det gjeld historie, natur og kultur.  Øygruppa er kjend for sitt vulkansk opphav, og under vandringane våre vil vi oppleve imponerande formasjonar som Caldeira Velha og Sete Cidades - to massive krater fylte med krystallklare innsjøar. Desse dannar ei spektakulær scene for dei daglege utfluktene våre.

Vi flyr til São Miguel, den største av øyane på Azorane, og skal bu på eit flott hotell i hovudstaden Ponta Delgada.

Pris frå:
22 950,-
Dagar: 7
Inkludert i reisa:
  • Flyreise Oslo – Ponta Delgada t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell på Azorane
  • Busstransport som vist i programmet
  • 6 overnattingar på 4-stjerners hotell
  • 6 frukostar
  • 3 middagar
  • 3 lunsj
  • 1 nistepakke lunsj
  • 1 vin og ost smaking
  • Reiseleiar frå Fotefar med på heile turen
  • Lokal guide

Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 2990,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips

  • Minimum tal deltakarar: 20 personar

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 04. mars – Velkommen til Azorane

    Avreise frå Oslo på formiddagen. Vel framme på flyplassen i São Miguel på kvelden blir vi møtt av den lokale guiden vår. Bussen tek oss til det firestjernes hotellet vårt som ligg sentralt i Ponta Delgada. Hotellet tilbyr restaurant, bar, treningsrom, spa og symjebasseng.

  • Dag 2: Torsdag 05. mars – Byvanding i Ponta Delgada

    Vi et ein god frukost før vi skal ut og oppleve Ponta Delgada, ein by med rik historie og arkitektur frå ulike epokar. På byvandringa vil vi sjå bygningar laga av tradisjonell vulkansk stein side om side med kyrkjer og palass i barokkstil. Byen speglar av både lokal byggeskikk og viktige europeiske trendar. Vandringa inkluderer smak av vin og ostar frå  det lokale kjøkkenet.

    Etter byvandringa blir det god tid til ein lunsj på eiga hand, og vi kan halde fram med  å utforske dei sjarmerande gatene. Byen har mange koselege kafear og butikkar der ein kan finne lokale handverksprodukt og suvenirar. Guiden vår kjem med forslag og tips.

    Vi møtest igjen om kvelden for ein felles middag på ein god restaurant i nærleiken av hotellet.

     (F, M)

    Torsdag 05. mars – Byvanding i Ponta Delgada
  • Dag 3: Fredag 06. mars – Naturparken Ribeira dos Caldeirões

    Etter ein god frukost skal vi på ei heildagsutflukt til den nordaustlege delen av øya. Bussen tek oss til naturparken Ribeira dos Caldeirões, ein av dei mest sjarmerande og frodige plassane på São Miguel. Parken ligg i kommunen Nordeste og er kjend for sine fossefall, gamle vassmøller og grønt landskap.

    I parken finn vi fleire restaurerte vassmøller frå 1700- og 1800-talet, som tidlegare blei brukte til å male korn. Nokre av desse er i dag opne for publikum, og vi får eit innblikk i korleis dei arbeidde før i tida. Mellom dei bratte åsane og frodige dalsøkka veks det eksotiske plantar som hortensia og trepapegøyer, og det er ikkje uvanleg å sjå fargerike fuglar i tretoppane. Vi tek oss tid til å vandre gjennom stiane, og ein kan også kjøpe lokale produkt og handverk.

    Vi fortset med buss til Achada der vi får servert ein god buffelunsj og får smake på lokale delikatesser.

    Vidare køyrer vi til landsbyen Nordeste. Her får vi ein kort guida vandring gjennom dei pittoreske gatene, der vi blir betre kjende med historia til staden og får høyre om dei gamle handelsrutene og korleis innbyggjarane har levd i takt med naturen. Landsbyen er særleg kjend for sine velstelte hagar og vakre kyrkjer. Etter vandringa tek vi oss god tid til å rusle rundt på eiga hand, nyte den rolege atmosfæren og kanskje ta ein kopp kaffi på ein av dei små kafeane langs hovudgata.

    Vi avsluttar dagens utflukt med ein roleg køyretur langs kysten, med stopp ved fleire vakre utsynspunkt, før vi er tilbake til hotellet på ettermiddagen.

    Om kvelden for ein felles middag på hotellet.

    (F, L, M)

  • Dag 4: Laurdag 07. mars – Lagoa do Fogo og bading i Caldeira velha.

    Denne dagen står ei halvdagsutflukt til Lagoa do Fogo og Caldeira velha på programmet.

    Første stoppen er ved Pico da Barrosa. Her ifrå går vi en rolig tur på om lag 15 min. til Lagoa do Fogo, eller "Ildsjøen" på norsk. Dette er ei av dei mest imponerande naturperlene på São Miguel, der kratersjøen ligg på toppen av ein vulkan og er omgitt av frodig grøn natur og høge klipper. Området er kjent for sine mange endemiske planteartar.

    Tilbake til bussen, køyrer vi til Caldeira Velha, eit naturreservat med varme kjelder midt i den frodige regnskogen. Vi et lunsjpakken som vi tek med oss frå hotellet, og dei som vil kan ta eit avslappande bad i det mineralrike vatnet som renn frå fjellsidene. Temperaturen held seg rundt 38 gradar, og opplevinga gir ei kjensle av å bade i ein naturleg spa.

    Tidleg på ettermiddagen er vi tilbake til hotellet og har tid til å slappe av og nytte fasilitetar på hotellet. Resten av dagen på eiga hand.

    (F, L)

  • Dag 5: Søndag 08. mars – Terra Nostra-parken

    Den dagen er dedikert til den berømte Terra Nostra-parken. Avreisa frå Ponta Delgada til Vila Franca do Campo, den første hovudstaden på øya. Denne byen vart hardt råka av eit jordskjelv i 1522 som førte til store øydeleggingar. Som eit resultat av dette, vart hovudstaden flytta til Ponta Delgada. Landsbyen har i dag gamle kyrkjer, sjarmerande gater og ein levande lokal marknad. Her går vi ein roleg spasertur og besøker ein tradisjonell bakeri.

    Bussen tek oss vidare til startspunkt for dagens vandretur. Vandreturen denne dagen er nokså lett, vi går i om lag ein time til Caldeiras. Her ser vi vulkanske svovelgassar som fungerer som naturlege varmekjelde der den kjende retten cozido das Caldeiras blir laga. Vi tek en kort bussturen der vi får den spesielle retten servert til lunsj.

    Etter lunsj besøker vi Terra Nostra-parken, ein imponerande park med innsjøar, stiar, endemiske blomar og treslag og eit termisk bad.

    På ettermiddagen returnerer vi til Ponta Delgada, men før det gjer vi ein stopp i Vila das Furnas. Her får vi ei kort omvising i det geotermiske området og høve til å smake på det mineralrike vatnet.

    Middag på eiga hand om kvelden.

    (F, L)

  • Dag 6: Måndag 09. mars – Sete Cidades

    Etter ein god frukost på hotellet dreg vi på ein halvdagsutflukt til Sete Cidades.

    Sete Cidades er kjend for sine to imponerande kratersjøar, Lagoa Azul og Lagoa Verde, som betyr "blå sjø" og "grøn sjø". Desse sjøane ligg i eit gammal vulkansk krater og skaper eit dramatisk landskap med intense fargar og spektakulær utsyn.

    Vi stopper på fleire stader for å få ei panoramautsikt som strekker seg over både nord- og sørkysten av øya, noko som gjev eit unik perspektiv over landskapet på São Miguel.

    Dagens vandring går frå Vista do Rei til Sete Cidades. Turen er nokså lett på om lag 7,7 km og tek ca. 2,5 timer i roleg gange. På vegen ser ein ned på dei to kratersjøane, der Lagoa Azul skil seg ut med sin djupe, blå farge, medan Lagoa Verde har ein grønleg tone på grunn av algevekst.

    Vel fram på Sete Cidades er det tid til ein felles lunsj.

    Tidleg på ettermiddagen besøker vi Pineapple Greenhouses, eit ananasdrivhus for å lære om dyrking av ananas. Dei unike ananasdrivhusa viser korleis denne tropiske frukta har blitt ein del av Azoranes jordbruk. Etter besøket kan ein spasere tilbake til hotellet.

    Vi samlast om kvelden for vår siste felles middag på hotellet.

    (F, L, M)

    Måndag 09. mars – Sete Cidades
  • Dag 7: Tysdag 10. mars – Heimreise

    Tidleg på morgonen tek bussen oss frå hotellet til flyplassen. Fly frå Ponta Delgada til Lisboa om morgonen, og vidare til Oslo. Vi er framme i Oslo om ettermiddagen.

    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
4/3OsloAzoraneMeir enn 822 950,-BestillMer informasjon