Skip to main content

Vandretur på Færøyane

15. - 20. august 2022.

Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Den storslegne naturen på øygruppa er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet, med knapt 50 000 innbyggjarar, har også meir enn særeigen natur å by på. Folket på Færøyane er opne og hyggelege, og øygruppa har ei spennande historie og eit rikt kulturliv.

Vandreturane går til Kirkjubøur, vest på Streymoy, Trælanípan og frå Bøur til Gásadalur.

Vi skal vandre mellom høge fjell, langs innsjøar og i dalar med spesielt landskap. På turen får vi sjå ruinar av gamle busetjingar, og vi kjem tett inn på naturen, som det færøyske folket fortel soger og mytar om. Dei har lange tradisjonar med historieforteljing knytt til naturen, og dette gir opplevingane på vandreturane ein ekstra dimensjon.

Nivået på vandreturane er frå nokså lette til middels tunge. Store delar av stiane går på gras- og gardsvegar, medan nokre få strekningar inneheld litt brattare og meir ulendt terreng.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 15. august – Avreise til Færøyane

    Fly frå Oslo og Bergen. Bussen hentar oss på flyplassen og køyrer oss til hotellet vårt i Tórshavn, der vi skal bu under heile opphaldet.

    Middag på eiga hand. Det er mogeleg å ete middag på hotellet. Elles kan ein bli med reiseleiar på ein av restaurantane som ligg i Tórshavn. Den vesle byen har eit rikt utval av restaurantar, som er spesialistar på lokal mat og kulinariske opplevingar.

  • Dag 2: Tysdag 16. august - Vandring til Kirkjubøur

    Etter frukost køyrer bussen oss til Havnadal, og derifrå skal vi gå til Kirkjubøur.

    Frå Kirkjubøur får vi god utsikt mot Tórshavn og Nólsoy. På vegen dit ser vi også fleire små innsjøar med sjøfugl. Vi går langs vardar og stoppar ved ein samlingsplass bygd av stein. Her hadde dei før i tida politiske møte, og folk kom blant anna for å høyre på kongsbonden og politikaren Jóannes Patursson. Slike arrangement og tradisjonar blir framleis halde på Færøyane, blant anna under Olavsøka i juli kvart år.

    Vandreturen denne dagen er nokså enkel og middels tung og går for det meste på stiar med gras og stein. Undervegs får vi god utsikt mot Sandoy, Hestur, Koltur og Vágar. Legenda fortel om ein ung mann med namn Magnus. Han var frå Koltur og forelska seg i ei jente frå Hestur. Faren hennar skulle ikkje vite om dette, så dei møttest i løynd. Magnus sumde frå Koltur med tidvatnet sørover, møtte så jenta i Hestur, og sumde tilbake med tidvatnet, då det snudde. Ein dag oppdaga faren til jenta dette og stod klar med ei øks på stranda då Magnus nådde fram. Han vart tvinga til å symje tilbake med ein gong. Sidan vart han aldri sett, og legenda fortel at han vart dregen ut i det opne havet med ein havstraum. Dette førte til at folk har hevda at det var såleis malstraumen Grísarnir i Koltursundet oppstod, som ein hemn frå Magnus. Straumen der kan vi få auga på den dag i dag.

    Når vi nærmar oss Kirkjubøur, ser vi holmen Kirkjubøurhólmur, som før var ein del av fastlandet og bygda. Kirkjubøur har vore det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her voks kong Sverre opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå Mururin, ruinen av Magnus-katedralen og elles Olavskirkjan som skriv seg frå 1100-talet. Kyrkja er framleis i bruk, og vi går inn og kikkar (inngang inkludert). Elles er Kirkjubøur ein svært sjarmerande stad med fleire gamle, vakre hus og bygningar. Til slutt hentar bussen oss og køyrer tilbake til hotellet vårt.

    Middag på eiga hand.
    (F, matpakke)

  • Dag 3: Onsdag 17. august – Vandring vest på Streymoy

    Etter frukost køyrer bussen oss til Mjørkadalur. Derifrå går vi til Norðadalur, der bussen plukkar oss opp seinare på dagen. Vandreturen denne dagen er til dels både enkel og middels tung. Det meste av stien går på gras og grus, men har parti med meir stein, og terrenget kan vere noko bratt.

    På den gamle vegen mot Norðadalur får vi ei av dei mest storslegne utsiktene i landet. Turen startar i Mjørkadalur, der steinvardane leiar oss vidare mot vestsida av Streymoy. Vi kjem tidleg ut på det flate området Skeiðsskarð, der utsikta er spektakulær. For 50 millionar år sidan var dette området ein del av eit stort basaltplatå, eit platå danna av ein lavabergart. Sidan har erosjon skapt dei unike fjellformasjonane som omkransar området.

    Turen går vidare langs desse høge fjella, og vi får vid utsikt mot øya Vágar. Her ser vi mot den 313 meter høge fjellformasjonen som blir kalla Trøllkonufingur (Trollkvinnefingeren) som står ved sjøen. Seinare får vi også utsikt mot øyane Koltur og Hestur. Vi går vidare og får auga både på Skælingur, eit av Færøyanes høgste fjell, og Sornfelli, eit imponerande fjell utstyrt med militærradarar på toppen. NATO installerte desse for å overvake luft- og sjøfartstrafikken i Nord-Atlanteren. Dette militære nærværet har i fleire tiår ført til motstand og politiske konfliktar på Færøyane.

    Vandreturen denne dagen har også ei geologisk interessant rute, då vi kan sjå Streymoyarsollin. Dette er ein stor vulkansk terskel som deler heile landskapet i to. På andre sida av Skorðadalsegg kjem vi inn i ei «ny» verd. Her er det grøne grassletter mest utan stein. Det kviler ei spesielt roleg og stille stemninga over landskapet, som berre blir brote av lyden frå fuglar og sauer og gjerne ein einsleg fiskebåt på fjorden. Utsikta frå Vatndalsegg er slåande der vi kan sjå dei storslegne fjellformasjonane både på Likkureyn og på Núgvan.

    Landskapet er skiftande under heile turen. Vi går mellom høge fjell og gjennom djupe dalar, har framifrå utsikt mot fjordar og betraktar dei interessante geologiske fenomena. Undervegs fortel den lokale guiden om historiske hendingar og forklaringar på naturfenomena. Færøyane har lange tradisjonar med historieforteljing, der mange av sogene er assosierte med landskapet. Desse gir oss innsikt i historia til områda tilbake i tid, og naturopplevingane får såleis ein ekstra dimensjon. Guiden på turen har vakse opp med desse sogene, og formidlar dei hjarteleg vidare til oss.

    Vi blir plukka opp av bussen i Norðadalur og køyrde tilbake til hotellet.

    Middag på eiga hand.
    (F, matpakke)

  • Dag 4: Torsdag 18. august – Vandretur på Trælanípan

    Etter frukost køyrer bussen oss til Miðvágur, og derifrå går vi mot sjøklippene Trælanípan.

    Denne vandreturen er relativt lett og går for det meste i flatt terreng. Det er berre dei siste 200 metrane som er i oppoverbakke. Til saman skal vi gå om lag ei mil denne dagen. Trælanípan er eit område med eventyrleg landskap rundt Færøyanes største innsjø Vatnið, som ligg heilt på kanten av eit stup mot sjøen. Derifrå kan vi kikke 142 meter rett ned i Atlanterhavet. Frå same staden kan vi også sjå den sørlegaste delen av Streymoy med stadene Hestur, Koltur, Sandoy, Skùvoy og Suðuroy. I det fjerne kan vi skimte fugleklippene på Sørvágsbjørg, Mykines og Mykineshólmur.

    Dette landskapet har forma mange myter, blant anna om «Nykur», altså nykken. Dette er eit skummelt vesen som lever i vatnet, og som eig ein vakker hest. Han lurer folk nær vatnet, tek så tak i dei og dreg dei ut i vatnet og ned til botnen. Det er også mytar om det gløymde folket, som driv med hekseri og trolldom. Til slutt har vi myta om sjølve odden, som blir kalla for Slavefjellet. Dette namnet meiner ein kjem frå vikingtida. Slavane skal ha blitt dytta utfor her, når det ikkje var bruk for dei meir.

    Turen går tilbake til Miðvágur, der bussen hentar oss og køyrer tilbake til hotellet.

    Middag på eiga hand.
    (F, matpakke)

  • Dag 5: Fredag 19. august – Vandretur frå Bøur- Gásadalur

    Denne dagen blir vi køyrde til Bøur, der utgangspunktet for dagens vandretur startar. Vi skal gå derifrå til Gásadalur, der vi opplever den mektige fossen Múlafossur. Dette er eit av dei mest fotograferte motiva på Færøyane. Turen byrjar like vest for bygda Bøur og går langs kanten på fjella der. Første del av turen er ganske bratt, men utsikta er ekstraordinær. Vi får sjå Sørvágsfjørður, Tindhólmur, Gáshólmur og Mykines. Denne vandreturen er litt krevjande sidan han har nokre bratte parti, men han går for det meste på gras og til dels med nokre få parti med stein som underlag.

    Gásadalur ligg heilt ytst i fjorden Mykines og er omgitt av dei høgste fjella på Vágar. Her kan vi sjå Árnafjall i nord med sine 722 m.o.h. og Eysturtindur i aust med sine 715 m.o.h. Gásadalur har vore ei av dei mest isolerte bygdene på Færøyane, heilt til det vart bygd ein underjordisk tunnel i 2004, som kopla bygda til resten av vegnettet på øya.

    Vi går tilbake til Bøur, der bussen hentar oss og køyrer tilbake til hotellet vårt.

    Middag på eiga hand.
    (F, matpakke)

  • Dag 6: Laurdag 20. august – Heimreise

    Denne dagen har vi litt fritid på føremiddagen, før bussen køyrer oss frå hotellet til flyplassen. Heimreise med fly til både Oslo og Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
15/8BergenFærøyaneMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon
15/8OsloFærøyaneMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo