Skip to main content

Vandretur på Gran Canaria

16. - 23. februar 2022.
Spektakulære vandreturar på det indre av øya.

Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? På denne turen får vi oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen på nordsida og i innlandet av øya. Her er det et godt terreng for fotturar i grøne, frodige landskap med fantastisk utsikt på godt merka turstiar. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen og bur på spesielt utvalde hotell undervegs. Det blir fotturar kvar dag med guide, og dei passar såleis for folk som er i normalt god form og er vande med å gå på turar i kupert landskap. I følgje DNT si gradering  fell vandreturane her innunder grøn og blå farge som blir karakteriserte som middels og til dels noko krevjande. Gode sko med solide solar er nødvendig, og stavar kan vere ei god støtte nedover. 

 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 16. februar - Avreise til Gran Canaria

    Avreise med fly frå Oslo og Bergen. Tilknyting frå andre byar på førespurnad ved bestilling.

    Vel framme på flyplassen ved Las Palmas, tek bussen vår oss opp til den pittoreske fjell-landsbyen Santa Brigida, ca. 17 km frå hovudstaden på øya. Der skal vi bu i tre netter på eit fire stjerners hotell, som ligg fint til i eit frodig område med flott utsikt.

    Etter innsjekkinga og litt avslapping blir det tre rettars velkomstmiddag med vin på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Torsdag 17. februar - Caldera de Bandama

    Etter ein god frukost startar vi dagen med eit informasjonsmøte på hotellet om turopplegget. Deretter blir det ein kort busstur til Caserio de Bandama. Vi startar turen med å gå rundt kanten av krateret, der vi får eit utruleg flott utsyn ned i Calderaen (gryta) og utover landskapet. Den delen av turen tek om lag to timar, og guiden fortel bakgrunnshistoria til dette naturfenomenet.

    Vi får ein god stopp med lunsjpakke som ein kan bestille og betale ved påmeldinga. Deretter skal vi gå ned i det berømte Bandama krateret (Caldera de Bandama), som var den første turistattraksjonen i Gran Canaria på 1800-talet. Hit kom geografar, geologar, botanikarar og vulkanspesialistar frå heile verda for å studere dette krateret. Turen er på 6,6 km og har ein høgdeskilnad på totalt 500 meter, både ned og opp. Det er litt bratt ned til krateret, og det kan ligge små runde partiklar i stien, så det kan vere litt glatt. Vi anbefaler at deltakarane tek med stavar på turen.

    Til slutt går vi innom ein restaurant og får oss nokre forfriskingar. Etterpå tek bussen oss tilbake til hotellet.

    Middag på eiga hand om kvelden. Vi foreslår middag på ein koselege restaurant som ligg rett ned frå hotellet vårt. Vi kan gjerne møtast i baren der før middagen.
    (F)

  • Dag 3: Fredag 18. februar - Pico de Las Nieves – Degollada de Cruz Grande

    Denne morgonen tek bussen oss frå hotellet oppover i dei vakre dalføra til Pico de Las Nieves, den høgste fjelltoppen (1949 m.o.h.) og det geografiske senteret på øya. På vegen opnar ei fantastisk panoramautsikt seg til Caldera de Tejeda. Vi får også med oss ei slåande utsikt til vulkanfjella Roque Nublo og Roque Bentayga og dei sjarmerande gamle landsbyane Tejeda og Artenara. Tejeda er omringa av 1000 m høge klipper og er kåra til ein av dei vakraste landsbyane i Spania. Turen opp tek om lag ein time.

    Vi vandrar vidare på «The Silver Path», ein steinsett sti som går frå den vakre furuskogen Los Llanos de La Pez til San Bartolome de Tirajana. Turen endar opp i Degollada de Cruz Grande. Dette er rekna som «turen over alle turar» på øya, og her får vi verkeleg sjå det autentiske Gran Canaria! Heile turen er på 8,5 km, og vi reknar ca. 4-5 timar vandring. Vi skal ned 763 meter og 94 meter opp. Turen er litt krevjande med noko nedstigning, men vegen og stiane er flotte, spesielt siste delen som slyngjer seg nedover på same måte som den kjende Vindhellavegen i Lærdal.

    Om ettermiddagen køyrer bussen oss tilbake til hotellet vårt i Santa Brigida. Denne kvelden møtest vi til tre retters middag med vin på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 4: Laurdag 19. februar - Cruz de Tejeda – Artenara

    Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet, og set oss i bussen som køyrer oss til Cruz de Tejeda, der vi startar vandreturen denne dagen. Turen er på 8,4 km, er moderat tung og tek om lag 5 timar. Det er stigning på 408 meter og 670 meter nedover. Vi går oppover gjennom furuskog til kanten av vulkankrateret Caldera de Tejeda og får eit spektakulært utsyn over det fantastiske landskapet i Gran Canaria. Det er skildra av den kjende forfattaren Unamuno som «Petrified Storm» eller på norsk, «forsteina storm», alt dette på grunn av dei spesielle formene på fjella, kløftene, monolittane og kraterkantane. Vi går på kanten av krateret, og det er bratt skråning på utsida av stien. Deltakarar med høgdeskrekk går lengst frå kanten, så går det bra.

    Vel framme i Artenara kan vi kjøpe forfriskingar på ein koseleg kafé. Bussen køyrer oss til byen Agaete, der vi tek inn på det herlege hotellet vårt med 4 stjerner. Det har eit stort symjebasseng, spa-avdeling og ligg fint til med utsikt over Atlanterhavet.

    Fellesmiddag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 5: Søndag 20. februar - Dette er fridagen vår!

    Denne dagen har vi fri og kan slappe av på hotellet og nyte spa-delen og symjebassenget der. Elles kan vi vandre i den koselege småbyen Agaete og kikke på folkelivet. Kanskje du har lyst å handle litt? Det er også gode turstiar langs Atlanterhavet, så om ein vil, kan ein få rikeleg med trim denne dagen og. Lunsj på eiga hand i byen eller på hotellet.

    Om kvelden middag på eiga hand, men reiseleiaren legg opp til at vi går samla frå hotellet til den svært koselege restauranten El Capita, som serverer sjømat og andre rettar.
     (F)

  • Dag 6: Måndag 21. februar - San Pedro (Agaete dalen)

    Denne morgonen tek bussen oss til San Pedro landsbyen. Vi startar turen relativt flatt, så blir det ein del stigning, men vi går i roleg tempo med fleire kvilepausar. Etter kvart får vi dei første glimta av sjøen som ligg nedanfor. Vi opplever det imponerande synet av Roque Faneque, den høgaste sjøklippa i Europa og den 7. høgste i verda! Denne vandreturen går så nedover langs stiar som kryssar eit vilt og vakkert landskap, lune fureskogar og til slutt slyngjer seg nedover ein fjellrygg til Agaete.

    Turen er moderat tung, og vi vandrar ca. 8 km med 500 meter i høgde oppover og 700 nedover. Vi går heilt tilbake til hotellet og på vegen stoppar vi for ei god forfrisking.

    Fellesmiddag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 7: Tysdag 22. februar - Fagagesto – El Sao – El Hornillo – San Pedro

    Etter frukost blir det avreise frå hotellet med buss til Fagagesto, som tek ca. ein time. Turen startar frå Fagagesto og går ned ein spektakulær ravine til den vesle bygda El Sao. På vegen går vi forbi ei kjend gamal mølle og ei vulkanboble og endar opp i grottelandsbyen El Hornillo. Etter å ha utforska denne heilt spesielle byen, der bustadene er gravne ut av det vulkanske fjellet, går vi vidare til vakre San Pedro, ein landsby midt i hjarta av Agaete-dalen. Her besøkjer vi Los Berrazales vinkjellar og smakar på den gode lokale vinen, den kjende geitosten og får ein kaffikopp av kaffibønner produserte der. Turen denne dagen er på 4,5 timar og er på 8,5 km i relativt lett terreng, men med ein god del bratte parti nedover. Det er 200 meter stigning og 600 meter nedover.

    Om kvelden blir det avslutningsmiddag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 8: Onsdag 23. februar - Heimreise

    Litt tidleg frukost denne siste dagen før bussen køyrer oss til Las Palmas, som er hovudstaden og ligg ca. 40 min med buss frå Agaete. Der legg vi opp til litt guiding og disponerer elles tida sjølve med å rusle rundt i gamlebyen eller gå på shopping.

    Det er kort veg frå byen til flyplassen. Avreise med bussen frå Las Palmas midt på dagen og deretter fly til Oslo og Bergen, og eventuelt til andre byar på førespurnad.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
16/2OsloGran CanariaMeir enn 817 950,-BestillMer informasjon
16/2BergenGran CanariaMeir enn 817 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo