Skip to main content

Vandretur på paradisøya Madeira

7. -  14. mars 2022.

Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Same kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ein enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store busker og tre. Madeira er ei ”dramatisk” øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer.

Vandreturane langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Gåturane varierer mellom 7 til 11 km, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Alle dagsturane fell innunder DNT si gradering med grøn farge og karakterisert som relativt lette på nokså flate stiar. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar.

Funchal står i dag fram som ein svært moderne og spennande by, medan jordbruket for ein god del framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er vanlege reiskapar, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 7. Mars - Frå Norge til Madeira

    Avreise frå Oslo med mogeleg tilknyting frå Bergen, Trondheim eller Stavanger.

    På flyplassen på Madeira ventar bussen og kontaktpersonen vår, Marco, på oss. På køyreturen til hotellet i Funchal får vi guiding av reiseleiaren frå Fotefar temareiser. Han/ho har hatt ansvaret for grupper til Madeira mange gonger tidlegare og er guiden vår på heile turen. Vel framme i vakre Funchal, sjekkar inn på hotellet vårt (4 stjerner), som ligg nokså sentralt til med ein vakker hage og to symjebasseng. Etter litt avslapping på rommet eller ute i hagen, møtest vi på konferanserommet for å bli kjende med kvarandre og få orientering om turopplegget.

    Om kvelden fellesmiddag på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 8. Mars - Besøk i Funchal

    Etter frukost skal vi gjere oss kjende med den flotte og sjarmerande hovudstaden på Madeira, Funchal. Der tek reiseleiaren oss med på ei byvandring til fots. Denne utflukta vil gi eit godt grunnlag for å utforske byen på eiga hand seinare.

    Vi startar med å gå gjennom ein svært vakker park og får elles med oss eit besøk i den flotte katedralen frå 1514 med namnet Sé. Arkitekturen er ei blanding av hispano-arabisk og gotisk-romanske linjer.

    I den fargerike marknadshallen kan vi beundre mangfaldet av blomster, frukt og grønsaker som er plasserte rundt ein sentral gardsplass. Her er det også smaksprøver på frukter vi aldri har visst om. I same bygning finn vi fiskehallen med dei mange artene som er fanga i denne delen av Atlanterhavet. For oss nordmenn er den svarte, spesielle Espada-fisken den mest eksotiske. Denne fisken bør du absolutt ete under opphaldet.

    Vi går vidare til ein broderifabrikk, der vi får omvising og ser på kva utruleg arbeid som ligg bak dei vakre broderia som byen er berømt for. Her får vi sjanse til å kjøpe flott handverk.

    Til slutt på vandreturen besøkjer vi eit madeiravinhus, der vi får lære om historia til denne vinen og korleis han blir produsert og lagra. Her er det mogeleg å få ei smaksprøve.

    Lunsj på eiga hand, men reiseleiar bestiller bord til heile gruppa på ein koseleg restaurant.
    Resten av dagen til eigen disposisjon, men vi kan anbefale besøk i dei to frodige byhagane med eksotiske blomster, plantar og tre.

    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 3: Onsdag 9. Mars - Vandring på levadaen frå Vale Paraiso til Camacha med utflukt til Monte.

    Denne morgonen startar vi med tur på ein levada. Desse vatningsvegane er eit særpreg for Madeira. Frå gammalt av har ein gjennom dette kanalsystemet ført vatn rundt om på øya.

    Bussen køyrer oss oppover fjellsida over Funchal. Vandreturen denne dagen går gjennom den grøne Paradisdalen med utsikt over sjarmerande og isolerte landsbyar. Langs turen vil vi oppleve forskjellige lukter som av eukalyptus, gyvel, eiketre, fennikel, kamelia og mange andre. Det er flott å vandre i denne rike floraen i det vakre og spesielle landskapet. Vandreturen denne dagen er nokså lett på ca. 7 km. Etter ein velfortent pause med litt mat og forfrisking på ein lokal kafe i Hortensia Garden eller i Camacha, dreg vi med bussen til Monte, fjellet som ligg rett over for Funchal.

    Frå Monte nyt vi ei førsteklasses panoramautsikt over Funchal og den storslegne naturen på Madeira. Vi kikkar på den vakre katedralen der Karl I, den siste keisaren av Austerrike/Ungarn, ligg i jarnkiste. På nedturen frå Monte er det ei stor og populær oppleving å setje seg i ein av dei mange berømte sledane for å skli ned igjen dei bratte vegane. Desse såkalla Monte-sledane var opphavleg eit transportmiddel for å komme raskt ned fjellsidene til sentrum. Desse fletta korgsledane er forma som sparkstyttingar, og dei blir styrde av to menn – carreiros – som er kledde i kvite kler og stråhattar. For dei som ikkje vågar seg ut på denne attraksjonen, kan ein ta bussen ned til endestasjonen for sledekøyringa. Bussen går til slutt til sentrum av Funchal og tilbake til hotellet.

    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 4: Torsdag 10.Mars - Levada Do Norte og Camara de Lobos

    Vi tek buss frå hotellet for å nå utgangspunktet til dagens vandring. Turen går langs den lengste vatningskanalen på øya med vakker utsikt over sørvest kysten. Dette er ein moderat tur på ca. 10 km i roleg gonge på flat sti.

    Bussen hentar oss i endepunktet av vandreturen og køyrer oss til Camara de Lobos, i det landskapet som Winston Churchill måla under opphaldet sitt på øya. Her er det mange fargerike, små fiskebåtar. Om natta legg fiskarane ut for å fange den populære Espada-fisken og andre fiskeslag. Vi organiserer ein stor og velsmakande lunsj.

    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 5: Fredag 11. Mars - Busstur til ville, vakre, vestre Madeira

    Denne dagen skal vi utforske den ville, vakre og vestre delen av Madeira. Vi køyrer langs bananplantasjane og vingardane på sørkysten fram til den berømte klippa, Cabo Girão. Klippa har eit loddrett stup på 580 meter rett ned i havet og er med dette verdas tredje høgste! Vi ser på utsikta før vi held fram utflukta vår til Ribeira Brava, ein pittoresk kystby. Her får vi tid til ein spasertur, kikke på fiskebåtane og ta ein kopp kaffi eller eit glas vin. Deretter tek bussen oss oppover mot fjellområdet Encumeada med vakker og skiftande natur og med flott panorama mot Atlanterhavet.

    Gjennom grøne skogar går turen til São Vicente ved nordkysten ut til Ponto. Vi tek ein liten gåtur i byen og får med oss eit besøk i den vakre kyrkja. Vidare følgjer vi kystlinja med ei praktfull utsikt over Atlanterhavet til vi når Porto Moniz. Denne byen er kjend for det naturlege havbassenget, som er forma av stivna lava. Her skal vi nyte ein god felleslunsj. Det blir så tid til å utforske byen litt på eiga hand.

    På turen tilbake til Funchal køyrer vi om Paul da Serra, eit 1400 m høgt platå med fantastisk utsikt. Bussen tek oss nedover mot kysten til Ponta do Sol og Ribeira Brava før vi er tilbake på hotellet vårt.

    På turen vil guiden fortelje litt om historia til Madeira i tillegg til alt det spennande vi ser undervegs.
    Tilbake til hotellet slappar vi av og kosar oss før vi møtest til middag der.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Laurdag 12. Mars - Levadaen Lombo dos Marinheiros

    Vi startar dagen som vanleg med buss frå hotellet etter frukost. Denne turen langs levadaen er særleg sjarmerande og inneheld ei blanding av lokal flora og fauna og vakker utsikt som vi kan sjå mellom dalar og opne marker. Vi kjøper med oss nistepakke frå hotellet som vi nyt medan vi er ute og går. Etter fotturen på ca. 4-5 timar køyrer bussen oss til ein kjend sukkerrøyrfabrikk, og vi besøkjer den vesle byen Calheta.

    Denne kvelden skal vi oppleve den genuine atmosfæren på Madeira med typisk lokal mat og drikke! Bussen tek oss til ein lokal restaurant der vi får servert ein tre-rettars middag der hovudretten er dei berømte grillspyda på ca. ein meter! Under middagen underheld ei lokal folkloregruppe med tradisjonelle songar og lokale dansar. Dei dyktige dansarane er i alle aldrar og vil gjerne at vi blir med i dansen!

    Bussen køyrer oss tilbake til hotellet om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Søndag 13. Mars - Levadaen do Rei (Kongens Levada)

    I dag går vi ein heildagstur på ca. 4-5 timar i roleg tempo med gode pausar og piknik. Vi vandrar gjennom dei vakre dalane i São Jorge i dei mest grøderike områda på heile øya. Dette skuldast regnskogen, og vi opplever ei mengd med urter og plantar som blir nytta innan medisinen. Det mest spektakulære er når vi går bak eit fossefall og kjem fram til ein nærmast paradisisk stad som er så vakker at den mest tek pusten frå folk flest. Tilbake til hotellet er det tid for avslapping og kanskje ein tur inn til sentrum av Funchal.

    Avslutningsmiddag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 8: Måndag 14. Mars - Heimreise

    Etter frukost har vi nokre timar før bussen køyrer oss til flyplassen. Vi vil foreslå at vi nyttar denne tida til dei flotte fasilitetane på hotellet og kanskje ein lett lunsj. Fly til Oslo og tilknyting til andre byar som til Bergen ved førespurnad.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/3OsloMadeiraMeir enn 814 950,-Bestill
Kontakt oss
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo