Avreise frå Oslo på morgonen. Vel framme på flyplassen i Funchal, tek bussen oss med til Hotel Girassol i bydelen São Martino i Funchal.
Hotellet vårt (4 stjerner) ligg nokså sentralt til, med eit veldig fint uteområde med ein vakker hage og to symjebasseng. Herifrå er det også berre 6 minuttars gange til stranda.
Vi har tid til å sjå oss litt rundt denne ettermiddagen, før vi et felles middag på hotellet.
(M)
Etter frukost skal vi gjere oss kjende med den flotte og sjarmerande hovudstaden på Madeira, Funchal. Der tek reiseleiaren oss med på ei byvandring til fots. Denne utflukta vil gi eit godt grunnlag for å utforske byen på eiga hand seinare.
Vi startar med å gå gjennom ein svært vakker park og får elles med oss eit besøk i den flotte katedralen frå 1514 med namnet Sé. Arkitekturen er ei blanding av hispano-arabisk og gotisk-romanske linjer.
I den fargerike marknadshallen kan vi beundre mangfaldet av blomster, frukt og grønsaker som er plasserte rundt ein sentral gardsplass. Her er det også smaksprøver på frukter vi aldri har visst om. I same bygning finn vi fiskehallen med dei mange artene som er fanga i denne delen av Atlanterhavet. For oss nordmenn er den svarte, spesielle Espada-fisken den mest eksotiske. Denne fisken bør du absolutt ete under opphaldet.
Til slutt på vandreturen besøkjer vi eit madeiravinhus, der vi får lære om historia til denne vinen og korleis han blir produsert og lagra. Her er det mogeleg å få ei smaksprøve.
Lunsj på eiga hand, men reiseleiar bestiller bord til heile gruppa på ein koseleg restaurant.
Resten av dagen til eigen disposisjon, men vi kan anbefale besøk i dei to frodige byhagane med eksotiske blomster, plantar og tre.
Middag på hotellet om kvelden.
(F, M)
Denne morgonen startar vi med tur på ein levada. Desse vatningsvegane er eit særpreg for Madeira. Frå gammalt av har ein gjennom dette kanalsystemet ført vatn rundt om på øya.
Bussen køyrer oss oppover fjellsida over Funchal. Vandreturen denne dagen går gjennom den grøne Paradisdalen med utsikt over sjarmerande og isolerte landsbyar. Langs turen vil vi oppleve forskjellige lukter som av eukalyptus, gyvel, eiketre, fennikel, kamelia og mange andre. Det er flott å vandre i denne rike floraen i det vakre og spesielle landskapet. Vandreturen denne dagen er nokså lett, på ca. 7 km. Vi dreg med bussen til Monte, fjellet som ligg rett over for Funchal. Her tek vi ein velfortent pause med litt mat og forfrisking på ein lokal kafé.
Frå Monte nyt vi ei førsteklasses panoramautsikt over Funchal og den storslegne naturen på Madeira. Vi kikkar på den vakre katedralen der Karl I, den siste keisaren av Austerrike/Ungarn, ligg i jarnkiste. På nedturen frå Monte er det ei stor og populær oppleving å setje seg i ein av dei mange berømte sledane for å skli ned igjen dei bratte vegane. Desse såkalla Monte-sledane var opphavleg eit transportmiddel for å komme raskt ned fjellsidene til sentrum. Desse fletta korgsledane er forma som sparkstyttingar, og dei blir styrde av to menn – carreiros – som er kledde i kvite kler og stråhattar. For dei som ikkje vågar seg ut på denne attraksjonen, kan ein ta bussen ned til endestasjonen for sledekøyringa. Bussen går til slutt til sentrum av Funchal og tilbake til hotellet.
Middag på hotellet om kvelden.
(F, M)
Vi tek buss frå hotellet for å nå utgangspunktet til dagens vandring. Turen går langs den lengste vatningskanalen på øya med vakker utsikt over sørvestkysten. Dette er ein moderat tur på ca. 10 km i roleg gonge på flat sti.
Bussen hentar oss i endepunktet av vandreturen og køyrer oss til Camara de Lobos, i det landskapet som Winston Churchill måla under opphaldet sitt på øya. Her er det mange fargerike, små fiskebåtar. Om natta legg fiskarane ut for å fange den populære Espada-fisken og andre fiskeslag. Vi organiserer ein stor og velsmakande lunsj.
Middag på hotellet om kvelden.
(F, M)
Denne dagen skal vi utforske den ville, vakre og vestre delen av Madeira. Bussen køyrer frå Funchal og først søraustover på øya, der vi får sjå eit fantastisk klippelandskap. Turen går vidare langs nordkysten, der vi verkeleg kan oppleve kva for naturlandskap Madeira har å by på. Vi besøkjer landsbyar med dei karakteristiske husa på øya, før vi endar opp i São Vicente ved nordkysten og ut til Ponto.
Vi tek ein liten vandretur i byen og får med oss eit besøk i den vakre kyrkja. Vidare følgjer vi kystlinja med ei praktfull utsikt over Atlanterhavet til vi når Porto Moniz. Denne byen er kjend for det naturlege havbassenget, som er forma av stivna lava. Her skal vi nyte ein god felleslunsj. Det blir så tid til å utforske byen litt på eiga hand.
På turen tilbake til Funchal køyrer vi om Paul da Serra, eit 1400 meter høgt platå med fantastisk utsikt. Bussen tek oss nedover mot kysten til Ponta do Sol og Ribeira Brava før vi er tilbake på hotellet vårt.
På turen vil guiden fortelje litt om historia til Madeira i tillegg til alt det spennande vi ser undervegs.
Tilbake på hotellet slappar vi av og kosar oss før vi møtest til middag der.
(F, L, M)
Vi startar dagen som vanleg med buss frå hotellet etter frukost. Denne turen langs levadaen er særleg sjarmerande og inneheld ei blanding av lokal flora og fauna og vakker utsikt som vi kan sjå mellom dalar og opne marker. Vi får med oss nistepakke frå hotellet som vi nyt medan vi er ute og går. Etter fotturen på ca. 4-5 timar køyrer bussen oss til ein kjend sukkerrøyrfabrikk, og vi besøkjer den vesle byen Calheta.
Denne kvelden skal vi oppleve den genuine atmosfæren på Madeira med typisk lokal mat og drikke! Bussen tek oss til ein lokal restaurant der vi får servert ein tre-rettars middag der hovudretten er dei berømte grillspyda på ca. ein meter! Under middagen underheld ei lokal folkloregruppe med tradisjonelle songar og lokale dansar. Dei dyktige dansarane er i alle aldrar og vil gjerne at vi blir med i dansen.
Bussen køyrer oss tilbake til hotellet om kvelden.
(F, L, M)
I dag går vi ein tur på om lag 3-4 timar i roleg tempo med gode pausar og piknik, på levadaen do Maroços, som også vert kalla Mimosa-dalen. Turen er på om lag 6,5 km, og går gjennom ein av dei mest frodige dalane på øya. Undervegs på turen kan vi sjå mykje dyrka mark og avlingar, med dei typiske «Poios Madeirenses», altså landbruksterassar. Vi får sjå folk i aksjon på gardane sine, medan dei utførar sine vanlege arbeidsoppgåver der. Turen går også gjennom frodig skog, og vi får til og med fin utsikt over byen Machico.
Vi har med oss nistepakke frå hotellet denne dagen. Tilbake til hotellet er det tid for avslapping og kanskje ein tur inn til sentrum av Funchal.
Avslutningsmiddag på hotellet.
(F, L, M)
Etter frukost har vi litt tid på eiga hand, før bussen køyreross til flyplassen på føremiddagen. Fly til Oslo der vi er framme utpå kvelden. Tilknyting til andre byar ved førespurnad.
(F)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
28/3 | Oslo | Madeira | Fullbooka, venteliste | 15 950,- | Book på ventelisteMer informasjon |