Vandretur på Shetland

29. juli - 5. august 2023.

Velkommen med på vandreturar i vikingane sine fotefar til Shetland. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi bur fint til i den vesle bygda Brae. Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi besøkjer dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss dei viktigaste minnesmerka knytte til Shetlandsgjengen under krigen.

Vi legg opp til relativt korte vandreturar (ca. 2-3 timar) i lett terreng dei fleste dagane, og med sjanse til ekstraturar for dei sprekaste. Vandreturane kan klassifiserast som relativt lette, men nokre få av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.

 

 

Pris frå:
19 950,-
Dagar: 8
Inkludert:
  • Direktefly frå Bergen - Shetland t/r
  • Busstransport på heile turen som vist i programmet
  • 7 overnattingar med frukost på Busta House Hotell
  • 7 middagar
  • Utflukter og guiding på Shetland
  • Inngangsbillettar til Jarlshof og dei andre attraksjonane i programmet
  • Turar med lokal vandreguide
  • Reiseleiar frå Fotefar er med på heile turen
Ikkje inkludert:
  • Utflukt til Mousa
  • Enkeltromstillegg kr 3490,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Tips
  • Drikke
  • Minimum tal deltakarar er 18 personar
  • Maksimum tal deltakarar er 35 personar

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

    *Gje beskjed ved bestilling dersom du ikkje kan ha rom med badekar

  • Dag 1: Laurdag 29. juli - Velkommen til Shetland

    Direktefly frå Bergen til Sumburgh på Shetland. I Sumburgh ventar bussen på oss og køyrer gjennom eit vakkert og skiftande landskap til den vesle bygda Brae, der vi sjekkar inn på hotellet vi skal bu på under heile opphaldet på Shetland.

    Gjennom dei neste dagane skal vi bli betre kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Noregsveldet. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Norge til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringsferder mot Skottland og Norge. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ei stor flåte, og rundt år 875 kom skipa hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst, og Harald annekterte både Orknøyane og Hjaltland. Framleis er spora etter vikingane mange på Shetland, og dette skal vi utforske både til fots og med buss dei neste dagane.

    Denne dagen kan det vere lurt å ete lunsj på Flesland, eller ta med seg litt snacks i sekken, då ein ikkje er framme på hotellet på Shetland før tidleg ettermiddag.

    Fellesmiddag på hotellet om kvelden.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 30. juli - Eshaness og vandring i Brae

    Etter ein god frukost tek bussen oss ein liten halvtime nordvestover til Eshaness. Her skal vi gå ein 2-timars tur med utgangspunkt frå fyret der. Dette er ein av dei vakraste kyststrekningane på Shetland med høge klipper og imponerande steinformasjonar danna av havet som står hardt på her. Etter turen køyrer bussen oss til ein stad der vi kan ete lunsj på eiga hand.

    Like etterpå legg vi opp til ein vandretur i Brae, for å sjå på Mavis Grind, som ligg rett overfor bygda. Dette er ei lita landstripe der ein på eine sida har Atlanterhavet, og på den andre sida Nordsjøen.

    Fellesmiddag om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 3: Måndag 31. juli - Unst

    Heildagstur til Unst som er den nordlegaste av øyane som utgjer Shetland. For å komme dit skal vi ta to ferjer, så det blir tidleg frukost før vi dreg frå hotellet. Bussen tek oss heilt til nordspissen av Unst der det blir ein ca. 3 timars vandretur til det nordlegaste punktet i Storbritannia. Turen til Unst er skildra av tidlegare reisande som den finaste på heile reisa.

    Hotellet tilbyr oss å kjøpe med oss matpakkar frå frukostbufféen, og denne dagen er det ikkje mange kaféar undervegs, så her må ein ha med seg matpakke (ikkje inkludert). Reiseleiar informerer om andre dagar det er nødvendig med matpakke.

    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 4: Tysdag 1. august - Lerwick og Shetland Museum

    Etter frukost køyrer bussen oss til Lerwick, der vi skal vere store delar av denne dagen. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi startar med ei kort guiding i sentrumsgatene og endar opp på Shetland Museum and Archives, som tek for seg heile historia til Shetland frå den geologiske danninga fram til i dag.

    Lunsj på ein av dei mange koselege kaféane og tid etterpå til å utforske byen på eiga hand. Det er triveleg å vandre langs gatene og i hamneområdet, og her kan ein også finne gater der scener frå påskekrimen «Shetland» vart spelte inn. Byen er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også sjanse til litt shopping. Lokale ølsortar og ginen Shetland Reel er også verd å prøve.

    Buss tilbake til hotellet i Brae om ettermiddagen. Fellesmiddag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 5: Onsdag 2. august - Thingwall Valley og Scalloway

    Etter ein god frukost er vi klare for dagens vandretur. Bussen tek oss først til hjarta av Shetland, til Thingwall Valley, som var ein viktig stad for dei første nordmennene. Her låg tingplassen deira. På vandreturen startar vi ved Thingwall Church, og etter kvart passerer vi også sjølve tingstaden, Law Taing Holm. Turen går først i svak unnabakke i den grøne dalen før vi vandrar opp i litt meir ulendte lyngheier. Til slutt endar vi opp i byen Scalloway som var hovudbasen for Shetlandsgjengen.

    Her finn vi også Scalloway castle frå 1600-talet. Vi gir oss tid i byen og stoppar ved monumentet som er sett opp til minne over nordmenn som miste livet på Shetlandsfarten. I tillegg får vi med oss Scalloway museum som har ei avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.

    Lunsj på eiga hand i Scalloway.

    Buss tilbake til Brae om ettermiddagen og fellesmiddag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 6: Torsdag 3. august - Mousa og Crofthouse Museum

    Denne dagen er det utflukt til øya Mousa (tillegg i pris). Etter frukost køyrer bussen oss søraustover til Leebitton i Sandwick, og derifrå tek vi ferja til øya Mousa, der det er ingen som bur i dag.

    Mousa (Mosøy) og Mousa Broch (Mosøyborga) er nemnde både i Egilssoga og Orknøyingsoga. I Egilssoga står det om Bjørn Brynjolvsson frå Aurland som ville gifte seg med Tora Ladhand, systera til Tore Roaldsson i Fjordane. Korkje bror hennar eller far til Bjørn ville late han gifte seg med henne, og han tok henne difor med seg og rømde frå Norge. Dei kom ut for uroleg sjø og fekk skipet skadd ved øya Mousa, men fekk berga skipet i land. Der flytte dei inn i borga (Mousa Broch).

    Om hausten kom det eit skip frå Orknøyane. Folka på skipet fortalde at kong Harald hadde sendt bod om at Bjørn skulle drepast. Bjørn og Tora gifte seg på Shetland og overvintra i Mousa Broch. Så snart våren kom og det var råd å segle, for dei nordover. Dei kom til Island og gjekk i land i Borgarfjord, der dei fekk bu på garden til Skallagrim. Med tida vart det forlik mellom Bjørn og Tore, og Bjørn og huslyden hans kunne dra heim att til Sogn.

    Vi skal vere på øya i 2-3 timar, så vi har god tid til å vandre rundt og sjå oss om. Tårnet der Bjørn og Tora overnatta står enno, og vandreturen vår på øya går sjølvsagt innom denne attraksjonen.

    Transport tilbake til hotellet. Vi besøkjer Crofthouse Museum på veg tilbake. Framme på hotellet kan ein kjøpe seg ein sein lunsj eller Afternoon Tea. Dei som ikkje blir med på denne utflukta, kan velje å slappe av på hotellet, ta ein vandretur langs stranda eller rusle rundt i den koselege bygda Brae.

    Fellesmiddag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 7: Fredag 4. august - Jarlshof og St. Ninian’s Isle

    Etter frukost køyrer bussen oss sørover til berømte Jarlshof. I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein stor busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard. Vi gir oss god tid inne på området, og i besøkssenteret er det utstilt fleire av gjenstandar som er funne rundt ruinane. Vi går også opp til fyrtårnet Sumburgh Head, som ligg på sørspissen av Shetland.

    Etter besøket på Jarlshof går vi til det historiske Sumburgh Hotel, der vi kan kjøpe oss lunsj. Deretter køyrer bussen oss til St. Ninian’s Isle, ei lita øy som er knytt til Mainland med ein sandbanke, ein såkalla tombolo. Øya er spesielt kjend for sølvskatten som vart funnen her i 1958. Her går vi ein rundtur på ca. 2 timar i eit opent grønt landskap langs vakre sandstrender.

    Buss tilbake til hotellet vårt i Brae, der det blir avslutningsmiddag.
    (F, M)

  • Dag 8: Laurdag 5. august - Heimreise

    Dagen for heimreisa. Etter ein tidleg frukost, tek bussen oss til flyplassen. Direktefly til Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
29/7BergenShetlandMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon