Transport på eiga hand til Balestrand.
Vi kjem til Balestrand til ulike tider og møter reiseleiaren frå Fotefar i resepsjonen på Kviknes Hotel frå kl. 15.00. Historia til hotellet går heilt tilbake til 1752 og står i sin praktfulle sveitserstil sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar. Berre ein tur i salongane for å sjå på dei flotte måleria, er som å gå på kunstmuseum.
Kl. 17.00 møtest vi i eit eige lokale og får informasjon om turopplegget og hotellet. Sjølvaste hotelldirektøren, Sigurd Kvikne eller ein anna tilsett ved Kviknes, vil fortelje om den spennande historia til denne ærverdige bygningen. Dei syner oss både gamle foto og videoar. Deretter blir det tre-rettars middag i spisesalen som har utsikt over Sognefjorden. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar. Etter middagen møtest gruppa for å bli meir kjende med kvarandre.
(M)
Denne dagen nyttar vi i Balestrand.
Etter bufféfrukost er vi klare for ei historisk vandring langs sjøkanten i idylliske Balestrand. På slutten av 1800-tallet vart bygda populær blant kunstnarar frå heile Europa, og keisar Wilhelm II oppheldt seg her fleire somrar frå slutten av 1880-åra og like fram til 1914. Vi får sjå dei mange sveitservillaene med drakestil og den såkalla Engelske kyrkja, som var modell for kyrkja i Disney-filmen Frost. På rusleturen vil reiseleiaren vår også fortelje om korleis Balestrand voks fram som turiststad.
Etter guidinga tilrår vi ei utflukt med omvising, sidersmaking og lunsj på Ciderhuset. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar sider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver av ulike typar sider. Lunsjen blir servert i restauranten Glashuset, som har ei vid og vakker utsikt over landskapet. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Denne aktiviteten med lunsj krev påmelding mot tillegg i pris. (Tittel: Lunsj, omvising og sidersmaking på Ciderhuset.)
Som alternativ til opplegget på Ciderhuset, kan ein velje å ete lunsj på Kviknes Hotel eller på ein av fleire kaféar i sentrum av bygda. Etterpå er det god tid til å sjå seg meir om i Balestrand. Vi kan anbefale Reiselivsmuseet som ligg rett ved hotellet. Der er det også ein koseleg kafé, så ein kan avslutte museumsbesøket med ein god kopp kaffi.
Etter lunsj får vi det første foredraget frå Terje Tvedt. Tittel og emne på foredraga blir bestemt seinare. Dette første foredrag blir ein introduksjon til verdshistoria og foredragsrekkja vi får dei neste dagane. Vi tek og ein pause der vi kan vandre i salongane eller nyte utsikta frå terrassen på hotellet med noko godt i glaset.
I sjutida riggar vi oss godt til i Kviknessalen til foredraget «En reise i historien og oppover verdens mest berømte elv». Her viser Terje Tvedt delar av dokumentarfilmen «Kampen om Nilen» som har gått på NRK. Med utgangspunkt i filmen vil han forelese om Nilens historie og aktuelle rolle.
Om kvelden blir det tre-rettars middag for heile turgruppa i spisesalen på Kviknes. Etter ein lang og god middag møtest vi i salongen for ein kopp kaffi eller noko anna godt i glaset.
(F, M)
Etter ein god frukost startar vi med det tredje foredraget av Terje Tvedt. Vi tek ein kort pause før det er klart for neste foredrag.
Resten av dagen har vi fleire spennande aktivitetar ein kan melde seg på. Vi tilbyr guida vandretur til fjelltoppen Raudmelen 972 moh: Frå stien vil vi få ei storslegen utsikt over Sognefjorden, Esefjorden, Fjærlandsfjorden og dei mektige fjellpartia som omkransar fjorden. På klåre dagar kan ein sjå toppane i Horrungane i Jotunheimen. For dei som vil vere med på vandring, men ikkje vil gå heile vegen opp, har turen mange fine utkikkspunkt på vegen, der kan ein setje seg ned og ete liste og vende tilbake til hotellet. (Pris og moglegheit for påmelding kjem).
Eit anna alternativ er ein halvdagstur til Dragsvik. Her besøkjer vi eit eksotisk arboret og den spennande Emaljeverkstaden. Vi går først langs sjøkanten til arboret på Lunde der vi finn rundt 130 ulike artar av tre og buskar frå heile verda. Fire ulike tre er målt til å vere dei største i verda på denne breiddegraden. Grunnen er Golfstraumen som fører med seg mild og fuktig havluft. Trea vart planta av sokneprest Sverdrup i 1850-åra. Lunde var prestegarden i Balestrand prestegjeld, og Sverdrup var mykje interessert i hagebruk. Han bygde opp ein mønsterhage. Gjennom åra har det og vorte planta mange utanlandske tresortar på Lunde. I dag er den gamle prestehagen arboret.
Deretter vandrar vi litt oppover i høgda til Emaljeverkstaden som blir drive av kunstnarekteparet Solveig og Rolf Haukaas. Dei lagar bilete, brosjer, fat, mansjettknappar, skåler og meir. Alt dei lagar er i koppar og emalje. Vi får demonstrert korleis dei lagar produkta, og det er mogeleg å kjøpe med seg noko.
Vi avsluttar denne utflukta på Dragsvik Fjordhotell og får transport tilbake til Kviknes. (Pris og moglegheit for påmelding kjem).
Eit siste alternativ for aktivitet denne dagen er å leige seg el-syklar hjå Balestrand Adventure. Då kan du ta pedalane fatt og nyte ein tur i eige tempo attmed fjorden mot Dragsvik eller andre vegen utover fjorden langs pilegrimsleia. (Pris og moglegheit for påmelding kjem).
Etterpå møtest vi til tre-rettars middag i spisesalen. Resten av kvelden kosar vi oss i dei vakre salongane.
(F, M)
Etter frukost i spisesalen er det klart for det femte og siste foredraget til Terje Tvedt. Deretter vil deltakarane komme til ordet med innlegg og synspunkt på emna som Terje har teke opp desse dagane på Kviknes Hotel.
Vi reknar med å avslutte programmet ca. kl. 11.30. Deretter blir det utsjekking og lunsj på eiga hand før heimreise til ulike tider.
(F)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
26/5 | Balestrand | Meir enn 8 | 9 950,- | BestillMer informasjon | |