Viktig informasjon kring koronasituasjonen

Viktig informasjon til påmelde på turane våre

Utanriksdepartementet kom fredag 3. april med eit nytt tidsubestemt reiseråd for hele verden.

"Utenriksdepartementet fraråder reiser som ikke er strengt nødvendige til alle land." Det settes ingen sluttdato, men reiserådet gjelder «inntil videre».

15. mai offentleggjorde UD at dette globale reiserådet oppretthaldast til 20. august. I mellomtida vil unntak av reiser til dei nordiske landa vurderast 15. juni og for nærliggjande europeiske enkeltland 20. juli.

Dette betyr at vi fortsett praktiserer 14 dagars-regelen for heile verda. Det betyr at alle som har kjøpt en pakkereise som skal gjennomførast dei neste 14 dagane kan avbestille den og få pengane igjen, jf pakkereiselovens paragraf 22. For reiser lengre frem i tid enn 14 dagar gjelder ordinære avbestillingsreglar.

Dersom du har booka ei reise med avreise dei neste 14 dagane er den avlyst jamfør reiseråda til utanriksdepartementet. Då kontaktar vi deg med informasjon om det.

Reise i lengre fram enn 14 dagar
Vi fylgjer situasjonen nøye og oppdaterer dei kundane som vert ramma av utanriksdepartementet sitt reiseråd. Dersom du ikkje har høyrt frå oss, går reisa di som planlagt. Dersom det skulle vere andre forhold som gjer at reisa ikkje let seg gjennomføre, tek vi også kontakt med deg.

Fleire av dykk tek kontakt med spørsmål knytt til om de skal betale inn restbeløpet eller ikkje. Du som kunde har fylgjande moglegheiter:

1. Du kan betale inn restbeløpet. Då kan du delta på reisa dersom den vert gjennomført. Dersom det ikkje er mogleg vil du få heile det innbetalte beløpet refundert. Då tek me også kontakt med deg. 

2. Du kan avbestille bestillinga di. I dette tilfellet gjelder vanlege reisevilkår som du har fått tilsendt ved bestilling. Det vil sei at det kan hende du mister noko av det innbetalte beløpet. Det avheng av når du avbestiller. Dersom du ynskjer å avbestille, held det at du sender oss ein e-post om det. Legg også ved kontonummeret ditt dersom du har krav på noko refundert. Send det til post@fotefartemareiser.no

Regjeringa har vedtatt at fristen for å refundere kundar er 3 månader etter kansellering av reisa.

Ein kan halde seg oppdatert sjølve også på UD sine sider for reiseråd: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/pm_reiserad/id2696416/

 

Vi har full forståing for at situasjonen kan virke uoversiktleg. Dette er ein ekstraordinær situasjon både for deg som reisande og oss som turoperatør.

Telefonlinjene våre er opne kvardagar mellom 9:00-11:00. 

Vi oppfordrar alle til å skrive e-post til post@fotefartemareiser.no Alle henvendingar vil få svar, men det kan ta noko lenger tid enn vanleg.