Tyskland består av 13 vindistrikt, og saman med Merete Bø skal vi desse dagane vitje områda Rheingau og Nahe. Begge distrikta produserer nokre av Tysklands beste vinar, men Rheingau er det mest kjende av dei to.
Elva Rhinen, som renn vakkert gjennom regionen, er sentral for vindyrkinga. Nærleiken til elva gjer at sollyset vert reflektert opp i skråningane og påverkar modninga positivt. Jordsmonnet inneheld mykje skifer, kvart, stein og sand. Dette er jordsmonn som magasinerer varmen, noko som også hjelper druene i modningsprosessen. Fuktigheita frå elva legg også tilhøva til rette for utvikling av soppen Edelråte, også kalla «Botrytis cinerea». Denne soppen angriper druene og lager små hol i skalet. Dette gjer at vatnet i drua fordampar, og ein sit att med ein svært konsentrert druemost. Det gjev søte vinar i verdsklasse.
Tidleg avreise frå Oslo Lufthavn Gardermoen med direktefly til Frankfurt. Der blir vi plukka opp av ein buss som tek oss med innover i vinregionen. Første mål for dagen er Schloss Johannisberg. Vinhuset har med lidenskap og stoltheit dyrka vin i 1200 år, og har sidan 1720 utelukkande laga vinar på drua, Riesling. Her får vi servert ein lunsj kombinert med vinsmaking for å lære kva mat som passar med vinane deira.
Etter lunsj køyrer vi tilbake langs Rhinen før vi svingar av opp til Kloster Eberbach. Her skal vi overnatte på det vakre og ærverdige klosteret, blant vinrankar. Klosteret vart grunnlagd i 1136 av Cisterciensar-munkane, og på slutten av 1400-talet vart dei første vinkjellarane laga til. I dag er Kloster Eberbach ei stifting, som skal ivareta historia til klosteret. Bygningane rommar fleirbruk med overnatting, vinproduksjon, utstillingar og servering. Dei har vingardar både i Rheingau og Hessian Bergstrasse, og dyrkar derfor ikkje berre Riesling, men også Spätburgunder (Pinot Noir). Weissburgunder (Pinot Blanc) og Grauburgunder (Pinot Gris). Merete Bø skal dele raust av sin kunnskap med oss desse dagane . Det blir både omvising, middag og vinsmaking.
(L, M)
Vindistriktet Nahe ligg vest for Rheingau og sør for Rhinen, langs sideelva med namnet Nahe. Området har mykje bratte åssider med terrassar, og mange av vinmarkene ligg på over 300 moh. Jordsmonnet varierer, med blant anna skifer, sandstein og leire.
Denne dagen begynner roleg i vakre omgjevnader på Kloster Eberbach. Deretter sjekkar vi ut av romma våre og reiser først for å besøke vinhuset, Georg Breuer. Dette er i dag eigd og drive av Theresa Breuer. Breuer-familien er av dei som har bana veg og vore sentrale i Tyskland si utvikling av tørre vinar med høg kvalitet. Therese sin far, Bernhard Breuer, var ein forkjempar for fokuset på at vinen vert forma av området den veks i (terroir), og at det dette er noko ein må tenke på når ein bestemmer seg for kva drue ein skal plante.
Vi skal ha omvising, lunsj og vinsmaking hjå Breuer, og Merete blir med og gir sine vinanbefalingar.
Om ettermiddagen skal vi over til vindistriktet Nahe og besøke produsenten, Kruger-Rumpf. Sidan 1708 har denne familien produsert vin, men lenge selde dei druene til andre. Frå 1984 har dei tappa vinen sin på eigne flasker og lagar i dag nokre av dei beste tørre rieslingane i Nahe. Familien har vinrankar både i Rheinhessen, Rheingau og Nahe. Det er Georg Rumpf som driv vingarden no.
Besøket hos Kruger-Rumpf får ei flott avslutning, då mor til Georg vil servere oss noko lite å ete ute blant vinrankene.
Seint om ettermiddagen reiser vi tilbake til flyplassen i Frankfurt for kveldsflyet heim til Norge. Dette blir to proppfulle dagar med vinsmakingar og anbefalingar frå Merete Bø. Velkomen til ei smakfull og lærerik reise!
(F, L og kveldssnack blant vinrankene)