Skip to main content

Sagaøya Island med Kirsti MacDonald Jareg

15. - 20. august 2024.

Vi har med oss forfattar Kirsti MacDonald Jareg når vi besøker Island for å lære meir om livet på sagaøya.

Det blir seks spennande dagar med historie, kultur og sagaer i tillegg til fantastiske naturattraksjonar. Turen startar i Reykjavik der vi ser oss om og vert betre kjend med byen. Det blir utflukter til blant anna ein av heimane til Snorre Sturlason på Røykholt. Sjølvsagt skal vi kike på dei verdskjende attraksjonane Thingvellir, Geysir og Gullfoss. Bli gjerne med til Heimaey i Vestmannaeyjar der vulkanutbrotet til Eldfjell skaka øysamfunnet i 1973.

Kirsti MacDonald Jareg er vår dyktige guide på øya. Reiseskildringa hennar frå Island er den tredje boka ho skreiv om atlantiske øyar. I boka svingar ho lett mellom sagaene, skildringar av ver og landskap og portrett av islendingar ho møtte på reisa si. No kan du bli med henne på ny oppdagingsferd til dette spennande landet.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 15. august – Velkommen til Island

    Utreise frå Oslo. Vi kjem fram til Island på ettermiddagen. Vi ser mosekledde lavaskulturar i merkelege positurar på var side av vegen medan bussen køyrer oss frå Keflavik til Reykjavik og hotellet vårt.

    Om kvelden møtest vi til velkomstmiddag i restauranten på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Verdas minste metropol og Den blå lagune

    Etter frukost vi er klare for ei byvandring med Kirsti som guide. Vi startar med kort tur opp til den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leiv Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Derifrå går vi til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Frå statuen kan vi sjå det imponerande konserthuset Harpa. Vi dreg vidare til landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2; Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar. I Reykjavik 871 +/- 2 finst det spor av busetjingar frå både før og etter utbrotet. Vi går rundt på museet i vårt eiga tempo, les, lyttar og ser illustrasjonane som viser korleis tilhøva var for dei først som slo seg ned på øya.

    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenke seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum og i hamna for å sjå på folkelivet.

    Mange vil nok også melde seg på utflukt til den populære turistattraksjonen Den blå lagune. Dei som ønsker det, kan nyte det varme vatnet der. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra med tid her. Dette er eit val du kan legge til ved bestilling, mot eit tillegg i pris.

    I kveld et vi middag på eiga hand. Reiseleiaren kjem med råd om gode restaurantar, og fleire kan gjerne gå saman.
    (F)

  • Dag 3: Laurdag 17. august – Reykholt og Reykjavik

    I dag kan ein velje å utforske Reykjavik på eiga hand eller vere med bussen på ei utflukt eit stykke nordafor hovudstaden (må forhandsbestillast mot tillegg i pris, blir tilgjengleg etter jul) nordover frå Reykjavik.

    Utflukta denne morgonen startar med buss frå hotellet. Den tek oss langs kysten til vi kjem til Borgarnes, der vi følgjer Reykholtdalen til Reykholt, den gjævaste av Snorre Sturlason sine mange gardar. Der skreiv han Heimskringla, soga om dei norske kongane. I dag kan vi sjå omrisset av kvar av bygningane låg, og framleis stig det damp frå Snorres varme bad, Snorralaug. Det var også her han blei myrda i 1241, og familiegrava ligg berre eit steinkast unna. Vi besøker det interessante museet Snorrastofa, som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held Geir Waage eit interessant kåseri for gruppa vår. Han har vore prest på Reykholt sidan 1978 og er ein svært kunnskapsrik formidlar av Snorres liv og historia til staden. Dei som har lese reiseskildringa til Kirsti frå Island, vil hugse eit intervju ho hadde med Geir Waage.

    Vi dreg vidare nordover til ein av Island sine vakre naturattraksjonar og segnomtalte stader. På Hraunfossar ser vi korleis vatn har funne vegen mellom laga av lava frå forskjellige utbrot. Kirsti fortel oss soga om Barnafossar medan vi et lunsj (inkludert i prisen for utflukta).

    Etter besøket til fossane, tek bussen oss tilbake til Reykjavik.
    (F)

  • Dag 4: Fredag 18. august – Geysir, Gullfoss, Skálholt og Kerið

    Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Þingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til det imponerande fossefallet Gullfoss. Turen går så til dei eventyrlege, sprutande kjeldene ved Geysir. Vi tek oss god tid her, slik at vi får sjå dei imponerande vassøylene sprute høgt over bakken. Her kjøper vi oss lunsj på eiga hand.

    Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skálholt, som har ei spennande historie og ei vakker kyrkje. Vi gå igjennom det vesle museet under kyrkja og lærer vi om historia om biskopane og om kyrkjene som har stått på Skálholt. Siste stopp denne dagen er den vulkanske kratersjøen Kerið. Krateret er ca. 3000 år gamalt, og vart til da vulkanen kollapsa ned i sitt eige magmakammer. I ettertid har grunnvatn funne vegen inn i krateret og dannar no eit lite rundt vatn.

    Vi endar dagen i Hveragerdi og sjekkar inn på hotellet vårt. Hveragerdi er ein spennande liten by på Sør-Island. Her er det mykje seismisk aktivitet, og med jamne mellomrom kan ein kjenne jordskjelv. Byen er også heimen til gartnarskulen på Island. Det er mange drivhus for både blomster, hagevekstar og grønsaker rundt om i byen. Her finst det ikkje sesong-grønsaker, då varmt grunnvatn blir pumpa i røyr rundt om i drivhusa slik at temperaturen blir halden oppe heile året. At det er varme i bakken her, er ikkje vanskeleg å sjå, kvit røyk frå varme kjelder stig opp rundt heile byen.
    (F)

  • Dag 5: Laurdag 19. august – Vestmannaeyjar, «Nordens Pompeii»

    Etter frukost kan ein vere med på ein valfri dagsutflukt til Vestmannaeyar eller bli att i Hveragerdi. Dei som er med på utflukta blir med bussen i retning ferjeleiet til Vestmannaeyjar. Er vi heldige med vêret, får vi ei storslagen utsikt mot fastlandet og Sør-Islands jøklar (Isbrear) frå ferjedekket. På båten er det gode høve til å kjøpe seg kaffi eller noko å ete.

    Innseglinga til Heimaey, som er den einaste busette øya på Vestmanneyjar, går gjennom eit trongt sund. På eine sida er det svarte lavarestar, og på andre sida er det loddrette havklipper som ruver over ferga. På hamna møter vi vår lokale guide som vil syne oss den spesielle heimplassen sin. Dei tek oss først til Skansinn, eit fort som vart bygd i 1586 for å verne om den Danske handelen frå Engelske fiskarar og handelsmenn. Det var framleis behov for vern på øya på 1600-talet, då var Dansk militær utplassert på fortet for å verne øya etter at dei hadde vore offer for nord-afrikanske piratar, kalla «tyrkarar». Piratane hadde kidnappa 242 innbyggarar og selt dei som slavar. Her står det også ein ganske ny stavkyrkje som Norge har gjeve øya i gåve.

    Vidare går turen langs lavaen frå utbrotet i 1973 opp til toppen av Eldfjell, sjølve vulkanen. Er vi heldig med vêret er utsikta til fastlandet med alle isbreane heilt nydeleg. Vi avsluttar vandringa på museet Eldheimar. På museet ser vi eit av husa, som er grave ut av det tjukke oskelaget. Du ser bildar og forteljingar om natta med utbrotet og får forståing kvifor øyar har fått kallenamnet Nordens Pompeii. Her får vi audioguidar på norsk.

    Etterpå får vi fritid. Mange vil nok gå til sentrum for å finne ein stad å ete lunsj  eller i retning dei mange klippene som er heimen til lundefuglane om sumaren.

    Tidleg kveld tek vi ferga tilbake på fastlandet. Bussen hentar oss på andre sida og tek oss tilbake til hotellet.

    Dei som har blir att i Hveragerdi har mykje spennande å utforske. Dette er ein spennande liten by på Sør-Island. Her er det mykje seismisk aktivitet, og med jamne mellomrom kan ein kjenne jordskjelv. Byen er også heimen til gartnarskulen på Island. Det er mange drivhus for både blomster, hagevekstar og grønsaker rundt om i byen. Her finst det ikkje sesong-grønsaker, då varmt grunnvatn blir pumpa i røyr rundt om i drivhusa slik at temperaturen blir halden oppe heile året. At det er varme i bakken her, er ikkje vanskeleg å sjå, kvit røyk frå varme kjelder stig opp rundt heile byen. Det er også mogleg å gå på tur her, og eit populært turmål er den varme elva i Reykjadalur der ein kan bade ute i den frienaturen.

    Vi samlar oss på hotell restauranten for ein god avslutningsmiddag.
    (F, M)

  • Dag 6: Laurdag 20. august – Reykjanes

    Vi et frukost saman før bussen tek oss til flyplassen. Bussturen startar på sørsida Reykjanes før vi køyrer over på nordsida. Her passerer vi mosekledd landskap, fuglefjell og okergule geotermiske områder. Vi stoppar ved Krysuvik for å sjå på boblande og fresande små geysirar. Vi køyrer vidare i den naturskjønne dalen, køyrer langs Kleifarvatn og tar mot Keflavik på andre sida av neset.

    Framme på Keflavik går flyet til Oslo.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
15/8OsloIslandMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
15/8StavangerIsland226 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
10/4Champagne med Merete BøFrå 24 950,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 23 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo