Skip to main content

Vulkanøya Island med Kirsti MacDonald Jareg

foto Anna-Julia GranbergBlunderbuss

13. - 20. september 2023.

Island er ei øy i stadig rørsle og utvikling med ei tiltrekkingskraft nesten utan sidestykke. Når ein besøker øya og høyrer om vulkanutbrot, sandstormar og jordskjelv, kan ein fort spørje seg: Korleis kan folk bu her? Vi tek med oss forfattar Kirsti MacDonald Jareg når vi besøker Island for å lære meir om livet på vulkanøya.

Det blir åtte spennande dagar med historie, kultur og sagaer i tillegg til fantastiske naturattraksjonar. Turen startar i Reykjavik der vi ser oss om i byen før vi tek nokre utflukter til blant anna ein av heimane til Snorre Sturlason på Røykholt. Sjølvsagt skal vi kikke på dei verdskjende attraksjonane Thingvellir, Geysir og Gullfoss. Bli gjerne med til Heimaey i Vestmannaeyjar der vulkanutbrotet til Eldfjell skaka øysamfunnet i 1973. Du får også med deg dei store sandørkenane og lavafelta til vulkanen Katla i aust medan vi besøker Vik og brearmen Solheimsjøkulln. Siste dagen på turen går vi til lavarestane frå Island sine nyaste utbrot i 2021 og 2022.

Kirsti MacDonald Jareg er vår dyktige guide på øya. Reiseskildringa hennar frå Island er den tredje boka ho skreiv om atlantiske øyar. I boka svingar ho lett mellom sagaene, skildringar av ver og landskap og portrett av islendingar ho møtte på reisa si. No kan du bli med henne på ny oppdagingsferd til dette spennande landet.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 13. september – Velkommen til Island

    Utreise frå Bergen og Oslo. Vi kjem fram til Island tidleg på føremiddagen. Frå flyplassen og på veg til Reykjavik besøker vi den populære turistattraksjonen Den blå lagune. Dei som ønsker det, kan nyte det varme vatnet der. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra tid her. For dei som ikkje badar, er det både restaurant, bar og butikk ved bassenget. Dette er eit val du kan gjere ved bestillinga, mot eit tillegg i pris.

    Bussen køyrer oss vidare til Reykjavik og hotellet vårt. Om kvelden møtest vi til velkomstmiddag i restauranten på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Torsdag 14. september – Guida vandring og besøk på landnåmsmuseet

    Denne morgonen køyrer bussen vår oss til den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Derifrå går vi til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Frå statuen kan vi sjå det imponerande konserthuset Harpa. Vi dreg vidare til landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2; Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar. I Reykjavik 871 +/- 2 finst det spor av busetjingar frå både før og etter utbrotet. Vi går rundt på museet i vårt eiga tempo, les, lyttar og ser illustrasjonane som viser korleis tilhøva var for dei først som slo seg ned på øya.

    Etter denne føremiddagen er det tid for lunsj på eiga hand på ein av dei mange koselege restaurantane i sentrum. Ein kan også velje å besøke eit av Reykjavik sine offentlege bad. Då er Vesturbæjarlaug ein favoritt for mange.

    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenke seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum og på hamna for å sjå på folkelivet.

    I kveld et vi middag på eiga hand. Reiseleiaren kjem med råd om gode restaurantar, og fleire kan gjerne gå saman.
    (F)

  • Dag 3: Fredag 15. september – Reykholt og Thingvellir

    Om morgonen startar vi på ein spennande rundtur nordover. Bussen tek oss langs kysten til vi kjem til Borgarnes, der vi følgjer Reykholtdalen til Reykholt, den gjævaste av Snorre Sturlason sine mange gardar. Der skreiv han Heimskringla, soga om dei norske kongane. I dag kan vi sjå omrisset av kvar av bygningane låg, og framleis stig det damp frå Snorres varme bad, Snorralaug. Det var også her han blei myrda i 1241, og familiegrava ligg berre eit steinkast unna. Vi besøker det interessante museet Snorrastofa, som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held Geir Waage eit interessant kåseri for gruppa vår. Han har vore prest på Reykholt sidan 1978 og er ein svært kunnskapsrik formidlar av Snorres liv og historia til staden. Dei som har lese reiseskildringa til Kirsti frå Island, vil hugse eit intervju ho hadde med Geir Waage.

    Vi dreg vidare nordover til ein av Island sine vakre naturattraksjonar og segnomtalte stader. På Hraunfossar ser vi korleis vatn har funne vegen mellom laga av lava frå forskjellige utbrot. Kirsti fortel oss soga om Barnafossar medan vi et lunsj.

    Etter besøket til fossane, dreg vi austover. Her køyrer vi på ein av dei meir typiske vegane på Island. Det er grusveg som til tider er både svingete og humpete. På køyreturen får vi  utsikt til eit vakkert  jordbrukslandskap med fine gardar. Med jamne mellomrom stig det også opp kvit røyk frå varme kjelder.

    Neste stopp er Thingvellir. Namnet kan omsetjast til «Tingvollane». Det var her det første Alltinget blei halde i 930. Folk kom frå alle kantar av Island for å møtast i to veker om sommaren. Nokre kom for å høyre lovene lese opp frå Lovberget, andre kom for underhaldninga eller for å reise sak mot fiendar. Under Thingvellir er kontinentalplatene på veg frå kvarandre, og det har gjennom tidene skapt store kløfter i landskapet her.

    Om kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar. Ein kan også ete på hotellet.
    (F, L)

  • Dag 4: Laurdag 16. september – Geysir, Gullfoss, Skálholt og Kerið

    Etter frukost køyrer vi austover langs ringvegen. På høgdedraget, som markerer grensa mellom Reykjavik og Sør-Island, gjer vi ein stopp på ein av dei mange geotermiske områda på øya. Typiske teikn på geotermiske område er ventilar med varm damp og boblande leirehol, spesielt stader som dette der grunnvatnet ligg høgt. Området kan også bli svært fargerikt på grunn av mineralane som blir danna av oppvarma vatn og stein, som blir avkjølt på overflata.

    Vi dreg vidare til det imponerande fossefallet Gullfoss. Turen går så til dei eventyrlege, sprutande kjeldene ved Geysir. Vi tek oss god tid her, slik at vi får sjå dei imponerande vasssøylene sprute høgt over bakken. Her kjøper vi oss lunsj på eiga hand.

    Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skálholt, som har ei spennande historie og ei vakker kyrkje. Vi gå igjennom det vesle museet under kyrkja og lærer vi om historia om biskopane og om  kyrkjene som har stått på Skálholt. Siste stopp denne dagen er den vulkanske kratersjøen Kerið. Krateret er ca. 3000 år gamalt, og vart til da vulkanen kollapsa ned i sitt eige magmakammer. I ettertid har grunnvatn funne vegen inn i krateret og dannar no ein liten innsjø.

    Vi endar dagen i Selfoss og sjekkar inn på hotellet vårt. Selfoss er ein tettstad i stor vekst, spesielt etter pandemien då fleire bestemde seg for å flytte ut av Reykjavik. Rundt hotellet finn vi fleire trivelege restaurantar med god mat. Eit godt alternativ er å ta turen til mathallen Mjólkurbúið.
    (F)

  • Dag 5: Søndag 17. september – Vestmannaeyjar, «Nordens Pompeii» eller varme kjelder i Hveragerdi

    Dette blir ein dag med mykje fleksibilitet. Vel mellom ei utflukt til Vestmannaeyjar eller vandretur i Reykjadalur eller hesteriding i Hveragerdi.

    Program for utflukt til Vestmannaeyjar
    Etter frukost køyrer bussen oss i retning ferjeleiet til Vestmannaeyjar. Er vi heldige med vêret, får vi ei storslagen utsikt mot fastlandet og Sør-Islands jøklar frå ferjedekket.

    Innseglinga til Heimaey, som er den einaste busette øya på Vestmanneyjar, går gjennom eit trongt sund. På eine sida er det svarte lavarestar, og på andre sida er det loddrette havklipper som ruver over ferga. Vi går til hotellet, set frå oss bagasjen og vandrar opp til museet Eldheimar. Dette er eit godt namn på museet for vulkanutbrotet til Eldfell i 1973, som dekte fleire heimar i oske og lava. På museet ser vi eit av husa, som er grave ut av det tjukke oskelaget.

    Etterpå får vi fritid. Mange vil nok ete lunsj på museet før dei går ein tur på lavamassane eller i retning dei mange klippane som er heimen til lundefuglane om sumaren.

    I kveld blir det felles middag på hotellet. Vi får selskap av den førre eigaren av hotellet, Magnus Bragason, som Kirsti har skrive om i boka si. Han var 6 år då Eldfell braut ut og hugsar den grufulle natta, men også sumarferien i Norge medan dei var evakuerte frå øya. Han fortel også om livet med lundefuglane. (Utflukta til Vestmannaeyjar inkluderer buss til ferjeleiet, ferje t/r Vestmannaeyjar, inngang til Eldheimar museum, middag på hotellet med Magnus Bragason og hotellovernatting).

    Dei som vel å bli att på fastlandet, vil kunne kose seg med ein lang frukost denne dagen. Bussen hentar dei på hotellet og køyrer dei  til Hveragerdi som er nabobyen til Selfoss. På vegen dit kan ein gå av hjå Eldhestar, og her blir det ridetur (aktiviteten kjem mot tillegg i pris). Dei som er med bussen vidare, kan melde seg på vandretur i Reykjadalur (aktiviteten kjem mot tillegg), mest kjend for den varme elva. Varme kjelder varmar opp vatnet og gjev det ein behageleg badetemperatur. Kor varmt du ønsker at det skal vere, bestemmer du sjølv, ettersom det blir varmare til lengre opp du kjem. Turen tek ca. 1 time kvar veg i roleg tempo med tidvise bratte bakkar, både opp og ned.

    Bussen hentar oss igjen etter begge aktivitetane og køyrer oss til hotellet vårt for dei neste to nettene. Hveragerdi er ein spennande liten by på Sør-Island. Her er det mykje seismisk aktivitet, og med jamne mellomrom kan ein kjenne jordskjelv. Byen er også heimen til gartnarskulen på Island. Det er mange drivhus for både blomster, hagevekstar og grønsaker rundt om i byen. Her finst det ikkje sesong-grønsaker, då varmt grunnvatn blir pumpa i røyr rundt om i drivhusa slik at temperaturen blir halden oppe heile året. At det er varme i bakken her, er ikkje vanskeleg å sjå, kvit røyk frå varme kjelder stig opp rundt heile byen.
    (F)

  • Dag 6: Måndag 18. september – Brear, lavafelt og Katla

    Det blir tidleg morgon både for dei på fastlandet og på Vestmannaeyjar. Vi møtest att på ferjeleiet når ferja frå Vestmannaeyjar kjem i land, og vi får ein lang dag med fantastiske naturopplevingar. Det første vi ser er Skogafoss, eit kolossalt fossefall som ein nærmast kan gå inn i. Bak fossen ligger Eyjafjallajökull som lamma Europa med det spektakulære vulkanutbrotet i 2010. 

    Bussen tek oss til Dyrhólaey og Vik. Den svarte lavastranda i Vík er like lunefull som ho er mektig. Ute i havet stikk Reynisdrangar opp frå det urolege havet. Dei er svarte og forvridde pilarar som ein gong var ein del av landet, men som havet har erodert til einslege stabbar ute i bølgjene. Soga meiner at sjøklippene var gamle troll som vart til stein då lyset tok dei. I det vi passerer gjennom sandørkenar, eller sandur som islendingane kallar dei, viser Island sin dramatiske natur seg frå si beste side. No ventar innbyggarane her i området på neste store utbrot frå vulkanen Katla som ligger under den mektige breen Mýrdalsjökull. Under førre store utbrot i 1918 vart kystlinja utvida med fem kilometer.

    Vegen plogar seg vidare gjennom eit av verdas største lavafelt, eller hraun som det heiter på islandsk. Ein størkna lavaflod, dekka av dunete heigråmose vitnar om vulkanen Lakis utbrot i 1783. Vi stoppar i Kirkjubæjaklaustur, eller Klaustur som staden blir kalla lokalt. Her et vi felles lunsj medan Kirsti fortel meir om Laki-utbrotet. Klaustur blir siste stoppen mot aust før vi snur, og bussen køyer oss vestover igjen.

    På returen besøker vi Solheimsjøkulln. Her ser vi den kolossale isveggen smelte inn i eit lite vatn. På breen kan vi skimte mange fargerike, turkledde turistar vandre i rekke med isbroddar på føtene på ein av brearmane til Myrdalsjøkulln.

    Vi tek turen innom Eyjafjallajökull Info stop, som den siste stoppen før vi er framme på hotellet. På den andre sida av vegen ligg garden Thorvaldseyri som blei verdskjend då Eyjafjallas vulkanutbrot flimra over TV-skjermar i 2010. Bak garden velta svarte skyer seg opp mot himmelen og regna oske ned over husa og jordbrukslandet til alt var dekt av eit tjukt okselag.

    Framme i Hveragerdi sjekkar dei som kjem frå Vestmannaeyjar inn på hotellet, og vi kjøper oss middag på eiga hand. Mange vil nok nytte restauranten på hotellet denne kvelden.
    (F, L)

  • Dag 7: Tysdag 19. september – Reykjaneshalvøya og Island sine nyaste vulkanar.

    Det er god tid til frukost denne dagen før vi legg ut på vår siste dag med eventyr på sagaøya. Bussen tek oss sørover langs kysten på Reykjaneshalvøya. Ha på gode sko, for den første stoppen vår er på  lavamassane til Fagradalsfjall-utbrotet i 2021 og 2022. Her kan vi gå ein lett tur i flatt terreng til utkanten av lavamassane, som var nær med å ta bilvegen, eller vi kan ta oss opp i bratta på fin sti. Går vi i høgda, får vi sjå utover til lavaen som framleis ligg og ryk etter Stórhóll sitt utbrot våren og sumaren i 2021. Sjølve vulkanen er godt synleg frå der vi står, og vi kan undre oss over at all lavaen rundt oss vart pressa opp gjennom “ventilen”vi ser fram føre oss. På det høgaste var strålen med glødande lava 300 meter høg og var lenge synleg frå Reykjavik.

    Etter turen dreg vi til Grindavik der det blir mogleg å kjøpe seg lunsj på eiga hand. I tida mellom utbrota i Fagradalsjall var vulkanologane redde for at neste utbrot kunne kome til å skje nærmare tettstaden. Dei registrerte landhevingar mellom Grindavik og Den blå lagune.

    Bussen tek oss vidare ut langs kysten etter lunsj, og vi ser at landskapet endrar seg. Vegetasjonen forsvinn og forvridde lavaskulpturar i svart tek over. Ein kan lure på om det er slik det ser ut på Mars. Landskapet er svart og taggete så langt ein kan sjå.

    Vi stoppar ved Gunnuhver, ein fresande geysir som seiest å vere gjenferdet til ei kvinne som levde her. Det neste på programmet er havklippene og rullesteinstranda. Det sto lenge eit fyr på den ytste klippa her, men når havet eroderte ho, bestemte lokalbefolkninga seg for å flytte fyret lengre inn på land. I dag er det mykje sjøfugl som hekkar her. Havet står hardt på og har finpussa store steinar til runde egg, som ligg i fjøra. Vi går og ser oss rundt i området før vi finn tilbake til bussen.

    Når bussen rundar neset, tek vi siste stopp for dagen. Her finn vi ei kløft i terrenget som det er bygd ei bru over. Kløfta er skapt på grunn av at kontinentalplatene sakte driv i frå kvarandre, på same måte som i Thingvellir. Dette er ein fin plass å ta gruppebilde etter ein spennande tur.

    Denne siste natta bur vi på eit hotell i nærleiken av flyplassen. Det blir ein god avslutningsmiddag, og vi kosar oss saman og deler minner frå reisa.
    (F, M)

  • Dag 8: Onsdag 20. september – Heimreise

    Vi et frukost saman før bussen tek oss til flyplassen. Flyet går til Oslo og vidare til Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
13/9BergenIslandMeir enn 827 950,-BestillMer informasjon
13/9OsloIslandMeir enn 827 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo