
5. - 12. mai 2026.
Warszawa – Treblinka – Łódź – Wrocław – Praha
Bli med historikar og fagguide Guri Hjeltnes på ei lita reise gjennom europeisk historie, i fotefar etter andre verdskrig med jødisk kultur og historie. Turen går frå Warszawas mektige minnesmerke til dei skjøre spora etter jødiske samfunn i Łódź og Wrocław, og endar opp i Praha. Gjennom foredrag og besøk på ulike historiske stader får du eit unikt innblikk i verdskrigen og den jødiske kulturens rikdom og tragedie.
Gjennom heile turen får vi oppleve gripande forteljingar frå andre verdskrigen. Polen var det første landet som vart okkupert av Nazi-Tyskland i september 1939, og vi følgjer nokre av dei mange spora frå krigsåra. Blant anna får vi med oss restane av Warszawa-gettoen og besøkjer den tidlegare nazistiske dødsleiren Treblinka. Vidare vil vi gå i fotspora til jødisk kultur og samfunnsliv som ein gong blømde i Łódź og Wrocław. I Praha utforskar vi korleis jødisk kultur har forma byen gjennom historia. Her blir det besøk både på det moderne Kafka-museet og på den gamle jødiske gravlunden. Med innsikt frå lokale ekspertar og personlege forteljingar, får vi ei unik tilnærming til korleis fortida framleis pregar Europa i dag.
Guri Hjeltnes er historikar, journalist og ein av Noregs fremste formidlarar av krigshistorie, og ho vil på denne turen guide oss gjennom ei reise som kombinerer historie og kultur. I 12 år var ho direktør ved Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret).
Dette er ei reise som gir rom for både kunnskap, refleksjon og inspirasjon – med sterke historiske inntrykk.





















