Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 13. november - Velkommen til Roma

    Avreise frå Oslo og Bergen tidleg om føremiddagen med direktefly til Roma. På vegen til hotellet stoppar vi for ein god lunsj før vi sjekkar inn. Hotellet ligg sentralt til like ved Piazza Cavour med gåavstand til det som er verdt å sjå i sentrum.

    Om ettermiddagen får vi ei guida byvandring med Kirsten Jakobsen. Ho er ein av få nordmenn som er autorisert som guide i Roma og er ein sjeldan dyktig formidlar. På turen vil ho blant anna vise oss og fortelje om den imponerande Engleborga, vakre Piazza Navona, den kjende Trevi-fontena, Spansketrappa og det storslegne tempelet Pantheon, som vert rekna som eitt av verdas store underverk. Om kvelden kosar vi oss med ein stor fellesmiddag på ein restaurant i nærleiken av hotellet.
    (L, M)

  • Dag 2: Torsdag 14. november - San Miniato

    Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet og startar på ein kombinert gå- og busstur saman med Kirsten. Her vil vi oppleve dei aller største attraksjonane som Piazza Venezia, Kapitolhøgda, Teatro del Marcello og området langs med Tiberen. Vi får også med oss Castel Sant’Angelo og Petersplassen der Kirsten fortel om plassen og Peterskyrkja frå utsida. Guidinga blir avslutta ved Colosseum, og deretter er det lunsj på eiga hand.

    Etter lunsj køyrer bussen oss nordover mot Toscana, i eit variert landskap med korte stopp undervegs. Vi kjem fram til den idylliske byen San Miniato i Toscana på ettermiddagen. Her skal vi fordele oss på to 4-stjerners hotell med same eigar, Hotel Miravalle og Hotel San Miniato. Om kvelden blir det felles middagen på Hotel San Miniato, og dei på Miravalle møter resten av gruppa der.
    (F, M)

  • Dag 3: Fredag 15. november - Dag på eiga hand eller utflukt til Firenze

    Vi startar morgonen med ein god frukost. Denne dagen kan du velje å nytte tida til det du sjølv måtte ønske i San Miniato. Ei anna alternativ er å bli med reiseleiar på ei utflukt til Firenze (mogleg val, mot tillegg i pris).

    Firenze er den største renessanse- og kunstbyen i Italia. Her vert vi møtt av ein autorisert guide som viser oss rundt i byen med mange vakre bygningar. På vandreturen skal vi blant anna frå utsida kikke på den praktfulle katedralen Santa Maria del Fiore, lokalt kalla Il Duomo. Vi skal elles innom den unike Basilica di Santa Croce, der blant anna Michelangelo ligg gravlagd. Firenze er ein koseleg by å spasere rundt i, og vi skal sjølvsagt gå over brua Ponte Vecchio ved elva Arno. Vi avsluttar vandreturen med lunsj på ein hyggeleg restaurant.

    Etter lunsj er det tid på eiga hand. Då er det mogeleg å besøke Uffizi, eit av dei eldste og største kunstgalleria i verda. Her er det måleri og skulpturar frå mange store kunstnarar, blant anna frå Raffaello, Michelangelo og Caravaggio.

    Dei som ikkje er med til Firenze, kan nytte tida til det dei sjølve måtte ønske. Reiseleiar kjem gjerne med tips til aktivitetar her.

    Om ein vil oppleve andre tettstadar rundt San Miniato, er både småbyen Vinci og den større byen Pisa innanfor rekkevidde med offentleg transport. Vinci er fødestaden til renessansegeniet Leonardo da Vinci, og her kan ein besøke museet om han og dei utrulege oppfinningane hans. Det er mogeleg å gå tur frå sentrum og opp til gardshuset der han vart fødd. Huset ligg om lag 3 km frå sentrum, oppe i åsen, og heile turen går på fin grusveg. Vinci har også fleire små koselege restaurantar og serveringsstader.

    Handelsbyen Pisa er verdskjend for Det skeive tårnet og ligg ved elva Arno. I Pisa kan du vandre i gamlebyen, besøke ei rekke museum, i tillegg til å kikke på Det skeive tårnet. Den vakre katedralen Duomo di Pisa bør også nemnast.

    Middag denne kvelden er på eiga hand. Reiseleiar kjem gjerne med gode forslag.
    (F)

  • Dag 4: Laurdag 16. november - San Miniato og trøffel festival

    Etter frukost legg vi opp til ein vandretur i San Miniato med reiseleiar. Mellomalderbyen kan by på Catedrale di Santa Maria Assunta e di San Genesio, ein vakker utsmykka katedral med interiør inspirert frå nyrenessanse og barokk. Oppe frå tårnet Federico kan ein nyte ein av dei flottaste utsyna over området.

    Fram til lunsjtid får vi ein introduksjon til trøffelfestivalen, der vi har moglegheit til å nyte resten av dagen til utforsking og oppleving på eiga hand. Festivalen er travel med yrande folkeliv, og ein kan anten vandre rundt saman med reiseleiar eller få tips til aktivitetar. Dette er eit flott høve til å fordjupe seg i lokal kultur og smake på dei nydelege godbitane med vin som festivalen har å by på.
    (F)

  • Dag 5: Søndag 17. november - Vingardsbesøk og Fiumicino

    Fulle av inntrykk etter opplevingane dagen før, har vi sett av litt ekstra tid til frukosten denne morgonen. Vi blir så henta med buss og set kursen mot ein lokal vingard. I vakkert toskansk landskap blir vi møtte av vertskapet for omvising og lunsj med vinsmaking. Deretter køyrer vi til den vesle, idylliske byen Fiumicino som ligg ved kysten.

    Vi sjekkar inn på hotellet der vi skal bu den siste natta på turen. Her blir det felles avslutningsmiddag med drikke inkludert.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Måndag 18. november - Heimreise

    Etter frukost køyrer bussen oss til flyplassen for turen heim. Fly til både Oslo og Bergen på morgonen.
    (F)