
22. - 26. juli 2026.
Grøne åssider, vakre landsbyar og gode smakar kjenneteiknar Toscana. Kvart år inviterer den verdskjende tenoren og operasongaren Andrea Bocelli til utandørs operakonsert i heimbyen sin Lajatico. Vi har sikra oss billettar til denne store hendinga. Fotefar gjentek suksessen nok ein gong, og inviterer deg til å dele denne fantastiske flotte musikalske opplevinga med oss.
På turen skal vi bu i byen Montecatini Terme, som ligg midt mellom Firenze og Pisa. Byen har eit spennande sentrum med mange kaféar og butikkar. I tillegg er Montecatini Terme berømt for kurbad og er rekna som den mest kjende av spa-byane i Toscana. I tillegg er byen eit senter for art nouveau-arkitektur, ein stil vi kjenner som Jugendstil. Som elles i Toscana er det kort veg til dei som dyrkar mat, og vi vil på denne turen få smake på ekte toskanske matrettar med lang historie i regionen.
I tillegg til konserten med Bocelli får du høve til å oppleve antikkens Lucca, magiske Pisa, ta kabelbanen til Montecatini Alto, og besøke ein spennande vingard som ligg vakkert til i det toscanske landskapet.











