Barcelona til Istanbul – i spora til Harald Hardråde med Tore Skeie

30. september – 8. oktober 2027.

Velkommen med på ei reise gjennom Middelhavet, og gjennom ei av dei mest dramatiske livsforteljingane i norsk historie. Saman med historikar og forfattar Tore Skeie følgjer vi spora etter Harald Hardråde, som etter nederlaget på Stiklestad drog austover og gjorde karriere som leigesoldat i det mektige bysantinske riket, før han vende heim og vart konge av Noreg.

Med Tore Skeie som fagleg reiseleiar får vi ei levande og engasjerande formidling av historia, slik han er kjend for frå bøker og foredrag. Undervegs knyter han forteljinga tett til stadene vi vitjar – frå, Barcelona til Sicilia og Athen, og så vidare til Dardanellane og Istanbul, det gamle Konstantinopel, kjend for nordbuar som Miklagard.

Reiseruta tek oss gjennom dei same havområda som batt saman Europa og Austen i mellomalderen. Vi opplever både historiske reisemål og rolege dagar til sjøs, der det er tid til fordjuping, refleksjon og gode samtalar. Dette er ikkje berre eit cruise frå vest til aust, men ei reise gjennom ei tid då verda var meir samankopla enn vi ofte tenkjer oss, og der ein ung norsk krigar kunne finne vegen heilt til verdas sentrum.

 

Pris frå:
32 450,-
Dagar: 9
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • 1 overnattingar på 4-stjerners hotell
  • 7 overnattingar på cruiseskipet Queen Elizabeth
  • 8 frukostar
  • 7 middagar
  • 7 lunsjar
  • Kveldsunderhaldning
  • Reiseleiar frå Fotefar

Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo/Bergen/Stavanger/Trondheim – Barcelona (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Flyreise Istanbul – Oslo/Bergen/Stavanger/Trondheim
  • Busstransport flyplass i Barcelona-hotell
  • Busstransport cruisebåt-flyplass i Istanbul

Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg frå kr 19 280,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips

  • Minimum tal deltakarar: 40 personar
  • Maks antal lugarar ombord: 1055 lugarar

Bildegalleri

Om skipet

Queen Elizabeth
Vi seglar med skipet Queen Elizabeth. Det har 980 mannskap og plass til 2081 passasjerar. Skipet vart bygd i 2010, og har 12 gjestedekk. Om bord finn vi noko for ein kvar smak, både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er butikkar, kafear, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.

Ein god del av passasjerane reiser med Fotefar. Vi blir mange som reiser for å sjå denne fantastiske reiseruta og høyre foredraga saman.

Viktig informasjon

På havcruise er vi usett for vêr og andre uforutsette hendingar. Skulle noko oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gjeve refusjon for slike endringar i programmet.

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 30. september: Avreise frå Noreg – ankomst Barcelona

    Vi reiser frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger med fly til Barcelona, med ankomst utpå dagen. Ved framkomst blir det transfer til hotell i sentrum, der vi sjekkar inn og får litt tid til å lande etter reisa.

    Resten av dagen er til fri disposisjon i denne livlege middelhavsbyen. Barcelona eignar seg godt for ein roleg start på turen, og mange vil ha glede av å ta ein spasertur i Barri Gòtic, den historiske gamlebyen med smale gater, små plassar og spor etter fleire hundreår med byliv. Herfrå er det naturleg å vandre vidare ned La Rambla eller til Barcelonetta, der det også er fine strender.

    For dei som ønskjer eit meir kultur, kan eit besøk til den imponerande katedralen, La Sagrada Família vere ei stor oppleving, medan andre kanskje heller vil setje seg ned på ein kafé eller restaurant og nyte dagen i roleg tempo.

    Om kvelden kan vi samlast til ein uformell felles middag for dei som ønskjer det – ein fin måte å bli kjend med reisefølget før cruiset tek til dagen etter.

  • Dag 2: Fredag 1. oktober: Barcelona – vi går om bord

    Vi har ein roleg morgon i Barcelona før vi etter kvart set kursen mot hamna.

    Barcelona har i århundre vore eit knutepunkt for handel og ferdsel i Middelhavet, og det er her vi no tek fatt på reisa austover – gjennom det same havområdet som batt saman vikingar og handelsfolk for tusen år sidan. På Harald Hardråde si tid låg Barcelona i grenselandet mellom kristne og muslimske makter på Den iberiske halvøya. Byen var i praksis sjølvstyrt og voks fram som eit viktig kristent maktsenter nord i det som i dag er Spania.

    Utpå dagen går vi om bord i elegante Queen Elizabeth frå Cunard Cruise Line, som skal vere heimen vår dei neste dagane.  Cunard er den klassiske havreisa i moderne form – elegante skip, britisk luksus, foredrag, afternoon tea og ei atmosfære som tek deg tilbake til gullalderen for sjøfart. Her reiser du ikkje berre til ein destinasjon, sjølve reisa er i høgste grad ein stor del av opplevinga.

    Når skipet legg frå kai, tek vi til på ei ferd som følgjer dei historiske handelsrutene frå vest mot aust. Om kvelden samlast vi til felles middag.

    (F, L, M)

  • Dag 3: Laurdag 2. oktober: Til sjøs – Harald Hardråde si verd opnar seg

    Vi får ein roleg dag til sjøs, der vi kan bli kjende med skipet og reisefølget. Vi seglar nord for Menorca i Ballearane og i løpet av kvelden nærmar vi oss sørspissen av Sardinia. Under Harald Hardråde si tid var Ballearane under muslimsk styre, og muslimane hadde opplevd fleire vikingangrep på det spanske fastlandet. Ordet “madjus” vart brukt av arabiske og muslimske skribentar om nordiske vikingar frå 800- og 900-talet, og skribentane fortel dette om det første angrepet i 844: “Madjus ankom med rundt åtti skip. Man kan si at de så å si fylte havet med mørkerøde fugler (dvs. vikingskipenes mørkerøde seil), på samme måte som de fylte menneskenes hjerter med frykt og beven.”

    Det blir to foredrag frå Tore Skeie denne dagen. Her introduserer han historia om Harald Hardråde – ein av dei mest dramatiske skikkelsane i norrøn historie. Vi følgjer han frå ungdommen i Noreg, via nederlaget på Stiklestad i 1030, og vidare på flukt austover. Dette er starten på ei livsreise som skulle føre han gjennom halve verda – og som vi no skal følgje steg for steg.

    (F, L, M)

  • Dag 4: Søndag 3. oktober: Messinastredet og Messina – porten til Sicilia

    Tidleg om morgonen siglar vi gjennom Messinastredet, det smale sundet mellom Sicilia og det italienske fastlandet. Her har skip passert sidan antikken, og i gresk mytologi heldt både Skylla og Kharybdis til her.

    Når vi kjem til Messina, ligg Sicilia framfor oss – ei øy som gjennom historia har vore ein smeltedigel av kulturar: gresk, romersk, arabisk og normannisk. På Harald Hardråde si tid var dette eit område prega av konflikt og maktkamp, og eit viktig bindeledd mellom aust og vest. Som Tore Skeie skriv i boka si, var det fleire slag her medan Harald Håråde var i den bysantiske hæren.

    På slutten av 1000-talet hadde normannarane bygd opp eit mektig rike i Sør-Italia og på Sicilia. Desse normannarane var etterkomarar av nordiske vikingar som hadde slått seg ned i Normandie i Frankrike rundt år 900. Over generasjonar vart dei fransktalande kristne riddarar, men dei hadde framleis ry som aggressive krigarar og eventyrarar. Mange samtidige i Middelhavet såg på dei som nærast ustanselege erobrarar.

    For dei som ønskjer det, finst det fleire utflukter i land som er arrangerte av cruiserederiet, medan andre kanskje vil oppleve Messina i eige tempo. Byen har fleire gongar blitt øydelagd av jordskjelv, men har alltid reist seg att, eit vitnemål om kor viktig denne hamna har vore.

    (F, L, M)

  • Dag 5: Måndag 4. oktober: Til sjøs – mot Athen og Bysants

    Vi har ein ny dag til sjøs, medan vi siglar vidare austover. Første etappe går mot vest over det joniske havet mot dei joniske øyane på gresk side. For tusen år sidan kom ein stor hær same vegen. I 1081 samla leiaren for normannarane, Robert Guiscard, ein enorm invasjonsstyrke i Sør-Italia. Samtidige kronikørar omtalar fleire hundre skip og kanskje 15–30 000 mann, normanniske riddarar, infanteri, leigesoldatar og sjøfolk. Dette var heilt klart ei av dei største invasjonsstyrkane i Middelhavet på denne tida.

    Første store mål for hærstyrken var Korfu. Øya låg strategisk ved innløpet til Adriaterhavet og var heilt avgjerande for kontrollen over sjøvegen mellom Italia og Balkan. Normannarane tok kontroll over delar av øya og brukte henne som base for vidare operasjonar mot det bysantinske fastlandet.

    I dagens foredrag frå Tore Skeie følgjer vi Harald vidare på reisa hans, og tida hans i Middelhavet.

    (F, L, M)

  • Dag 6: Tysdag 5. oktober: Pireus og Athen – i randsona av det bysantinske riket

    Vi kjem til Pireus, hamnebyen til Athen.

    Her står vi i eit landskap der fleire historiske lag møtest: den antikke greske arven, romartida og det bysantinske riket som Harald Hardråde seinare skulle tene. Pireus og Athen var ein naturleg stopp for mykje av ferdsla austover mot Konstantinopel.

    På ein av marmorløvene som stod ved hamna i Pireus utanfor Athen, vart det rissa inn runer av nordiske væringar på 1000-talet. Denne såkalla “Pireusløva” er eitt av dei mest interessante spora etter nordbuar i Middelhavet. Runene vart truleg rissa av skandinaviske soldatar i bysantinsk teneste omtrent på Harald Hardråde si tid. Nokre forskarar meiner til og med at menn frå Harald sine styrkar kan ha vore involverte. Løva står i dag i Arsenale di Venezia etter at venetianarane tok henne som krigsbytte på 1600-talet.

    Denne dagen kan ein velje sjølv kva ein vil gjere i land. Ein kan bli med på utflukt til Athen og oppleve Akropolis og dei klassiske minnesmerka, eller bli verande i Pireus og ta inn atmosfæren i ein av Middelhavets viktigaste hamnebyar.

    (F, L, M)

  • Dag 7: Onsdag 6. oktober: Dardanellane – vegen til Miklagard

    Vi seglar først nordover i Egearhavet forbi dei greske øyane Skiros, Lesbos og Limnos. Om ettermiddagen kjem vi gjennom Dardanellane, det tronge sundet som bind saman Egearhavet og Marmarahavet. Dette er ei av dei viktigaste strategiske skipsleidene i verda, og har vore det i fleire tusen år. Den som kontrollerte Dardanellane og Bosporos, kontrollerte mykje av trafikken mellom Middelhavet og Svartehavet.

    For mange vikingar var dette den siste etappen før dei nådde Miklagard. Når vi står på dekk og ser landskapet gli forbi, kan vi sjå for oss korleis det føltes for dei første gong dei kom til storbyen.

    (F, L, M)

  • Dag 8: Torsdag 7. oktober: Istanbul – Miklagard

    Tidleg om morgonen kjem vi fram til Istanbul – byen Harald Hardråde kjende som Miklagard.

    Dette var på 1000-talet verdas rikaste og mektigaste by, hovudstad i det bysantinske riket. Her gjekk Harald inn i keisarens livgarde, væringgarden, og gjorde karriere som krigar og leiar.

    Vi får høve til å oppleve byen, anten på eiga hand eller gjennom organiserte utflukter. Her finst nokre av dei mest imponerande bygningane i verda, og eit byliv som framleis ber preg av historia som verdssentrum. Dei som vil, kan melde seg på utflukter til stader som framleis har spor etter vikingane si tid i byen, eller samfunnet på den tida. Meir informasjon om utfluktene kjem seinare. Hagia Sofia, Topkapipalasset, Hippodromen, Bymurane og Basilikasisternen er noko alle bør få med seg som er interesserte i norrøn historie i Istanbul. Det mest kjende norrøne sporet er runene i Hagia Sofia. Oppe i galleriet i den enorme kyrkja finst ei innrissing som truleg vart laga av ein nordisk væring på 1000-talet. Det er tre kjende rune-rissingar her, og den mest kjende teksten er berre eitt namn: “Halfdan”. Det er altså sannsynlegvis ein skandinavisk soldat som har rissa namnet sitt inn i marmoren medan han tente keisaren i Konstantinopel.

    (F, L, M)

  • Dag 9: Fredag 8. oktober: Istanbul – avslutning av historia om Harald

    Dette er dagen der vi rundar av historia om Harald Hardråde. Frå ein ung krigar på flukt til ein mann med rikdom, erfaring og makt , klar til å vende heim og forme norsk historie.

    Bussen hentar oss ved cruisebåten om formiddagen, og tek oss ut til flyplassen. Ei reise full av inntrykk og mykje historie er over, og det er på tide å ta farvel med kvarandre. Fly tilbake til Norge.

    (F)

  • Atterhald om endringar

    Cruiserederiet kan gjere endringar i seglingsrute, tider og hamneanløp. Det blir ikkje gjeve refusjon for slike endringar i programmet. 

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
30/9BergenQueen ElizabethMeir enn 838 450,-BestillMer informasjon
30/9OsloQueen ElizabethMeir enn 836 450,-BestillMer informasjon
30/9StavangerQueen ElizabethMeir enn 838 450,-BestillMer informasjon
30/9TrondheimQueen ElizabethMeir enn 838 450,-BestillMer informasjon
30/9BarcelonaQueen Elizabeth
Utan flyreise
Meir enn 832 450,-BestillMer informasjon