Vi kjem til Berlin om morgonen og dreg inn i byen for ei kulturvandring saman med Erle. Turen startar ved Brandenburger Tor, der Sørheim formidlar personlege og sterke forteljingar. Herifrå går vi vidare til Minnesmerket for Europas drepne jødar, midt i det som ein gong var maktsenteret i Det tredje riket. Vi ser blant anna staden der Hitlers bunker låg, restane av Reichskanzlei og Görings luftministerium, som framleis står.
Vidare går vi til Checkpoint Charlie, før vi spaserer mot vakre Gendarmenmarkt, med dei to tvillingkyrkjene og konserthuset. Deretter besøker vi Bebelplatz, med det gripande minnesmerket over bokbrenninga i 1933.
Vi køyrer til hotellet og sjekkar inn. Lunsj på eiga hand.
På ettermiddagen dreg vi til Hackescher Markt, tidlegare prega av husokkupantar, i dag eit livleg område fullt av kafear og butikkar. Vi besøker det vakre Hackesche Höfe, følgjer den pittoreske Sophienstraße og går vidare inn i det som var kjernen av det jødiske Berlin. Her finn vi gamle jødiske skular, sjukehus og fleire minnesmerke. Turen held fram til Neue Synagoge, som stod att etter Krystallnatta på grunn av ein modig politisjef. Deretter går vi inn i kunst- og galleristrøket rundt Auguststraße.
På kvelden samlast vi til ein felles middag.
(M)
Etter ein god frukost startar vi dagen med ei byvandring. Vi utforskar det legendariske Kreuzberg, bydelen som på 70- og 80-talet var ein stad for punkarar, kunstnarar og tyrkiske immigrantar. Dette var på grunn av at bydelen var omkransa av muren på alle kantar, og var difor lenge lite attraktiv for rike berlinarar og dermed perfekt for motkultur.
Vi går gjennom Oranienstraße, som i dag er eit pulserande sentrum for uteliv, kultur og butikkar, før vi kjem til vakre Paul-Lincke-Ufer, der det er tyrkisk marknad på fredagar. Her budde òg forfattar Dag Solstad ei tid.
Turen held fram til Lohmühlenbrücke, tidlegare ei av grenseovergangane mellom aust og vest. Like ved ligg Markthalle Neun, ei av dei få gamle marknadshallene som har overlevd. Her kan ein kjøpe mat, drikke eller berre nyte stemninga. Lunsj på eiga hand.
Vidare går turen til Bergmannkiez, den litt meir elegante delen av Kreuzberg.
Middag på eiga hand.
(F)
Vi startar dagen med eit føredrag med Erle om morgonen. Etterpå går vi til Prenzlauer Berg, som ligg på ei høgd i det tidlegare Aust-Berlin og er kjend for ei av dei mest markante gentrifiseringane i Europa etter murens fall. Dei flotte bygardane frå 1800-talet gjorde området svært ettertrakta, og i løpet av få tiår vart nesten 80 % av befolkninga bytt ut. No er dette ei høgborg for kafékultur, småbutikkar, barnefamiliar og kunstnarar.
Lunsj på eiga hand.
Vi besøker det arkitektonisk særprega Tschoban Foundation, eit museum for arkitekturteikning, før vi går til Bernauer Straße, der ein austtysk soldats spektakulære flukt over piggtråden fann stad. Deretter avsluttar vi ved Mauer Museum, som gir sterke inntrykk av kvardagsliv, flukt og delingstida.
Middag på eiga hand.
(F)
Etter ein god frukost startar vi dagen ved Nollendorfplatz, eit viktig sentrum for det homofile Berlin både før og no. Her står òg minnesmerket over dei homofile ofra for nazismen. Sørheim fortel om kvifor Berlin så lenge har vore ein friby for LGHBT+-personar.
Vi går forbi bustaden til nobelprisvinnar i litteratur, Nelly Sachs. Vi får høyre om den levande forfattarscena i området før Hitler kom til makta.
Deretter tar vi turen gjennom vakre stader i byen og vidare til Akazienkiez, hjartet i det gamle «raude Schöneberg», bydelen der David Bowie og Iggy Pop budde frå 1976 til 1978.
Vi rundar av dagen i det som var sentrum av Vest-Berlin, rundt Zoologischer Garten, med Gedächtniskirche og det ikoniske KaDeWe.
Felles avslutningsmiddag på kvelden.
(F, M)
Etter frukost hentar bussen oss ved hotellet, og vi vendar heim.
(F)