
14. - 18. oktober 2027.
Berlin er ein by der historia ligg i gatene du går i – frå maktsenteret i Det tredje riket og muren som delte byen, til bydelar som har skifta karakter fleire gonger sidan 1989. På denne turen kjem vi bak fasaden til dei kjende attraksjonane. Vi vandrar gjennom Kreuzberg, Prenzlauer Berg og Schöneberg, besøker Mauer Museum ved Checkpoint Charlie og minnestaden ved Bernauer Straße, og ser byen gjennom historiene om motkultur, flukt, fridom og kunst – frå Nelly Sachs til David Bowie.
Med oss har vi forfattar og journalist Erle Marie Sørheim, som har budd 17 år i Berlin og skrive fleire bøker om byen. Ho kjenner bydelane og forteljingane bak fasadane, og med anekdotar og lokalkunnskap viser ho oss eit Berlin som er vanskeleg å finne på eiga hand. Gjennom eit eige føredrag og byvandringar undervegs får vi samanhengen bak det vi ser.
Fotefar tek seg av det praktiske. Ein norsk reiseleiar er med heile vegen, vi har eigen buss dei dagane avstandane er lange, og inngangsbillettane er ordna på førehand. Slik kan du bruke tida på opplevingane og samtalane, ikkje på kart og billettkøar.
Sjå alle våre turar med Erle Marie Sørheim her!













