
15. - 19. oktober 2026.
Bli med på ei unik reise til Berlin – ein by som stadig skifter uttrykk, men som aldri slepper taket i historia si. Berlin er ein stad der gamle sår og nye impulsar lever side om side, der gatekunsten møter verdspolitikken, og der kvar bydel har sin heilt eigen identitet. Dei fleste kjenner til Brandenburger Tor og restane av Berlinmuren, men kva er det som eigentleg har forma denne frie, liberale og mangfaldige storbyen slik vi kjenner han i dag? Og korleis merkar ein historia i kvardagslivet, i arkitekturen og i kulturen?
Forfattar og journalist Erle Marie Sørheim, som har budd 17 år i Berlin og skreve fleire bøker om byen, er den perfekte guiden inn i dette mylderet. Ho tek oss med til bydelar, kulturinstitusjonar og små gater fulle av historier – nokre kjende, andre skjulte og overraskande. Med sitt sterke engasjement, eit vell av anekdotar og ein imponerande lokalkunnskap, opnar ho dørene til eitt Berlin dei fleste aldri får sjå.










