Burgund er eit av verdas mest respekterte vinområde, og heimstaden til nokre av dei mest ettertrakta vinane som finst. Historia går tilbake til romartida, men det var klostera på 1000–1200-talet som verkeleg utvikla vinmarkene og delte dei inn i dei små parsellane - som gjer Burgund unik i dag. Utforminga av landskapet med kalksteinsryggar, gamle murar og dei små landsbyane, gjer området unikt på sin måte.
Flyet går frå Oslo til Paris. Det er også mogleg å kjøpe turen utan fly og møte gruppa på flyplassen denne morgonen. På flyplassen i Paris ventar bussen på oss, og tek oss med inn i hjartet av Burgund, til byen Beune der vi skal bu desse dagane. Heile byen ligg vakkert plassert omkransa av vinmarker.
På vegen passerer vi Chablis – der vi legg opp til ein stopp for lunsj og noko godt i glaset.
Framme i Beune, sjekkar vi inn på hotellet vårt og vi skal sjølvsagt avslutte dagen saman med noko spennande vin i glaset.
(L, kveldsmåltid)
Etter ein god frukost er det klart for dagens første vinbesøk. Merete legg opp til to besøk denne dagen, eitt før og eitt etter lunsj.
I Burgund dyrkar ein i hovudsak druene Pinot Noir og Chardonnay, og det mykje små parseller med heilt særegne eigenskapar. Kvar vinmark har ei historie som er tett knytt til menneska og familiane som har dyrka den. Dette er familieeigde vinmarker som har vore i same slekt i generasjonar. Dette skal vi høyre meir om når vi står midt i vinmarkene.
Denne kvelden vil det vere mogleg å ete på eiga hand, eller du kan bli med Merete og reiseleiar på ein lokal restaurant (ikkje inkludert i turprisen). Merete vil sjølvsagt gje råd om val av vin til maten.
(F, L)
Etter frukost er vi klar for nytt vinbesøk. Merete plukkar sjølvsagt ut blant sine favorittprodusentar. Det blir smaking både før og etter lunsj.
Om kvelden legg vi opp til felles middag på lokal restaurant.
(F, L, M)
Etter frukost er vi klar for nytt vinbesøk. Merete plukkar sjølvsagt ut blant sine favorittprodusentar. Det blir smaking både før og etter lunsj.
Om kvelden legg vi opp til felles middag på lokal restaurant.
(F, L, M)