Burgund med Merete Bø

18.-21. november 2026.

Fotefar er stolte og glade over å fortsetje dei opplevingsrike vinturane saman med vinjournalist og sommeliar Merete Bø. Denne gongen går reisa til eit område som mange vininteresserte drøymer om: Burgund i Frankrike. Dette legendariske vinområdet, kjend for sine elegante og komplekse vinar, har fascinert vinelskarar over heile verda i århundre.

Merete er ein av Norges fremste vinekspertar og ein av programleiarane i podkasten «Jeg kan ingenting om vin». Ho har også skrive ei rekke bøker om vin, anna drikke og mat.

På denne turen skal vi besøke nokre av hennar utvalde favorittprodusentar i dette klassiske vindistrikta. Nokre av namna er store og verdskjende, andre mindre og meir skjulte perler – men alle med den karakteristiske lidenskapen som kjenneteiknar Burgund. Vi får lære om terroir, tradisjonar, historie og druesortar. Vi skal inn i både vinmarkene og kjellarane, og vi får smake dei vinar som gjer Burgund til eit av dei mest ettertrakta vinområda i verda. Dette er ein tur for deg som er likar vin, men du treng absolutt ikkje vere spesialist.

 

Pris frå:
32 150,-
Dagar: 4
Inkludert for alle:
  • Busstransport som vist i programmet
  • 3 overnattingar på hotell
  • 3 frukostar
  • 1 middagar
  • 1 kveldsmåltid
  • 3 lunsj
  • Vinsmakingar og besøk som skissert i program
  • Reiseleiar frå Fotefar
  • Merete Bø med på turen


Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo – DESTINASJON t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg kr 1840,-
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke utover det som står i programmet
  • Tips


  • Minimum tal deltakarar: 14 personar


Bildegalleri

Viktig informasjon

Viktig informasjon

  • Dersom du har rørslehemmingar, avklar med Fotefar om denne turen er egna for deg.
  • Vi skal vitje minimum fem vinprodusentar. Informasjon blir lagt ut når dette er klart.
  • Når vi er samla til måltida, vil Merete informere om vinane og velje spennande kombinasjonar. 

Vinprodusentar

Vi skal vitje minimum fem vinprodusentar. Informasjon blir lagt ut når dette er klart. Kjenner vi Merete rett, dukkar det alltid opp ei overrasking undervegs.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 18. november – Stopp i Chablis på veg til Burgund

    Burgund er eit av verdas mest respekterte vinområde, og heimstaden til nokre av dei mest ettertrakta vinane som finst. Historia går tilbake til romartida, men det var klostera på 1000–1200-talet som verkeleg utvikla vinmarkene og delte dei inn i dei små parsellane - som gjer Burgund unik i dag. Utforminga av landskapet med kalksteinsryggar, gamle murar og dei små landsbyane, gjer området unikt på sin måte.

    Flyet går frå Oslo til Paris. Det er også mogleg å kjøpe turen utan fly og møte gruppa på flyplassen denne morgonen. På flyplassen i Paris ventar bussen på oss, og tek oss med inn i hjartet av Burgund, til byen Beune der vi skal bu desse dagane. Heile byen ligg vakkert plassert omkransa av vinmarker.

    På vegen passerer vi Chablis – der vi legg opp til ein stopp for lunsj og noko godt i glaset.

    Framme i Beune, sjekkar vi inn på hotellet vårt og vi skal sjølvsagt avslutte dagen saman med noko spennande vin i glaset.
    (L, kveldsmåltid)

  • Dag 2: Torsdag 19. november - Historiske vinmarker og store smakopplevingar

    Etter ein god frukost er det klart for dagens første vinbesøk. Merete legg opp til to besøk denne dagen, eitt før og eitt etter lunsj.

    I Burgund dyrkar ein i hovudsak druene Pinot Noir og Chardonnay, og det mykje små parseller med heilt særegne eigenskapar. Kvar vinmark har ei historie som er tett knytt til menneska og familiane som har dyrka den. Dette er familieeigde vinmarker som har vore i same slekt i generasjonar. Dette skal vi høyre meir om når vi står midt i vinmarkene.

    Denne kvelden vil det vere mogleg å ete på eiga hand, eller du kan bli med Merete og reiseleiar på ein lokal restaurant (ikkje inkludert i turprisen). Merete vil sjølvsagt gje råd om val av vin til maten.
    (F, L)

  • Dag 3: Fredag 20. november - Pinot Noir og Chardonnay på sitt mest elegante

    Etter frukost er vi klar for nytt vinbesøk. Merete plukkar sjølvsagt ut blant sine favorittprodusentar. Det blir smaking både før og etter lunsj.

    Om kvelden legg vi opp til felles middag på lokal restaurant.  
    (F, L, M)

  • Dag 4: Laurdag 14. november - Heimreise

    Etter frukost er vi klar for nytt vinbesøk. Merete plukkar sjølvsagt ut blant sine favorittprodusentar. Det blir smaking både før og etter lunsj.

    Om kvelden legg vi opp til felles middag på lokal restaurant.  
    (F, L, M)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
18/11OsloBurgundMeir enn 835 350,-BestillMer informasjon
18/11Paris, Charles de GaulleBurgund
Utan fly
Meir enn 832 150,-BestillMer informasjon