Vi flyr frå Oslo via Paris til Québec City og landar seint om kvelden. Ein lokal representant tek imot oss på flyplassen, og bussen køyrer oss til hotellet i gamlebyen, der vi sjekkar inn. Her byrjar reisa i ein by som i fleire hundre år har vore eit viktig møtepunkt mellom fransk, britisk og nordamerikansk historie.
Etter frukost samlast vi til eit kort informasjonsmøte med reiseleiaren, der vi også blir betre kjende med Eva, Joar og resten av reisefølgjet. Så får vi den første historiske innføringa i landet vi skal utforske: Kanata – fra urfolkslandsby til internasjonal G7-gigant. Namnet Canada har røter i ordet «kanata», som tyder landsby eller busetnad. Då den franske oppdagaren Jacques Cartier kom hit i 1535, brukte han ordet om området ved Stadacona, der Québec ligg i dag. Eva og Joar tek oss gjennom dei lange linjene frå urfolka sine samfunn og europeisk kolonisering til føderasjonen i 1867, og Canada si rolle som ei av dei store økonomiske og politiske maktene i vår tid.
Ein lokal guide tek oss med gjennom gamle Québec, som står på UNESCO si verdsarvliste og er kjend for dei godt bevarte bymurane. Vi vandrar over Place Royale, der Samuel de Champlain grunnla eit fransk handelssete i 1608, og vidare gjennom det stemningsfulle Quartier Petit-Champlain. Vi besøker Musée de la Civilisation før vi et lunsj saman i gamlebyen.
Om ettermiddagen går vi til Abrahamsslettene og Citadellet. Her vann britiske styrkar under James Wolfe eit avgjerande slag mot franskmennene i 1759 under sjuårskrigen. Frankrike avstod Ny-Frankrike til Storbritannia i 1763 – eit historisk vendepunkt som framleis pregar språk og identitet i Québec. Vi tek kabelbana og ruslar langs Dufferin-terrassen med utsikt over St. Lawrence-elva.
Om kvelden samlast vi til velkomstmiddag.
(F, L, M)
Bussen køyrer oss først til Wendake, der vi besøker museet til huron-wendat-folket. Her får vi innblikk i historia, kulturen og arbeidet med å ta vare på identiteten og sjølvstyret til eitt av urfolka i Québec. Besøket gir eit viktig perspektiv på forteljinga om Canada, lenge før europeiske kolonimakter kom til området.
På vegen mot Montréal stoppar vi for lunsj på vingarden Les Côtes du Gavet. Under bussturen tek Eva og Joar oss vidare inn i spørsmålet om kva som eigentleg bind dette store landet saman, med foredraget Canada – et land med ni hoder. Då Canada vart danna i 1867, bestod føderasjonen av fire provinsar. I dag er det ti provinsar og tre territorium, med svært ulike språklege, kulturelle og økonomiske interesser. Særleg i Québec står den franskspråklege arven sterkt, og spørsmålet om sjølvstende har vore oppe i folkerøystingar både i 1980 og 1995. Korleis skaper ein ein felles nasjonal identitet i eit land der regionane på mange vis lever ulike liv?
Vi kjem til Montréal på ettermiddagen. Kvelden er fri til å nyte byen på eiga hand.
(F, L)

Etter frukost får vi ei anna side av Canada-historia, denne gongen gjennom litteratur, film, biletkunst og musikk: Canada – en kulturnasjon i ord og bilde, sang og musikk. Frå stumfilmstjerna Mary Pickford til Margaret Atwood, som skreiv «The Handmaid’s Tale», har canadiske kunstnarar sett spor langt utover eigne grenser. Musikken til Leonard Cohen, Neil Young og Céline Dion viser òg kor mangfaldig det canadiske kulturlivet er. Eva og Joar tek oss med inn i kulturhistoria og drøftar korleis kunst og forteljingar har vore med på å forme ein eigen canadisk identitet blant fransk, britisk og amerikansk påverknad.
Deretter går vi på guida vandring i gamle Montréal. Byen vart grunnlagd som Ville-Marie i 1642 og voks fram som eit viktig sentrum for handel langs St. Lawrence-elva. Vi ser blant anna Bonsecours-marknaden og kapellet Notre-Dame-de-Bon-Secours. Etter lunsj på eiga hand held vi fram til den storslegne Notre-Dame-basilikaen. Resten av dagen er fri.
(F)
30. september markerer Canada den nasjonale dagen for sanning og forsoning. Dagen vart innført i 2021 og heidrar urfolksbarn som vart tekne frå familiane sine og sende til internatskular, dei som aldri kom heim, og dei som overlevde. Historia viser korleis offentleg assimilasjonspolitikk fekk djupe og langvarige følgjer for urfolkssamfunna og kvifor forsoning framleis er eit viktig tema i Canada.
Om formiddagen besøker vi McCord Stewart-museet, som har omfattande samlingar av urfolkskunst, tekstilar og historiske fotografi frå Montréal og Québec. Museet gir eit breiare bilete av både urfolkskulturar og bysamfunnet si utvikling gjennom tidene.
Resten av dagen er fri. Dei som vil, kan gå opp trappene til utsiktspunktet på Mont Royal, som har gitt byen namn, eller utforske RÉSO, den underjordiske byen med over 30 kilometer gangar og passasjar under sentrum.
(F)
Vi forlèt Montréal og køyrer først til Exporail, det canadiske jernbanemuseet i Saint-Constant. Utbygginga av jernbanen var avgjerande for å binde eit enormt land saman. Då den siste skinnespikaren til Canadian Pacific Railway vart slått inn i 1885, var det eit symbol på draumen om ein nasjon frå Atlanterhavet til Stillehavet. Samstundes har historia om jernbanen også mørkare sider, blant anna dei farlege arbeidsvilkåra for mange kinesiske arbeidarar.
På vegen vidare til Ottawa held Eva og Joar foredrag om canadisk utanrikspolitikk: Canada – den snilleste gutten i den storpolitiske klassen. Canada har ofte ønskt å vere ei bru mellom stormaktene, med vekt på diplomati, internasjonalt samarbeid og fredsarbeid. Ei nøkkelhending var Suezkrisa i 1956, då den canadiske diplomaten Lester B. Pearson tok initiativ til ein fredsbevarande FN-styrke. For dette fekk han Nobels fredspris i 1957. Vi ser nærare på korleis Canada har bygd eit omdømme som fredsnasjon, og korleis rolla har utvikla seg i ei verd med nye konfliktar og maktforhold.
Etter innsjekking i Ottawa kan ein rusle langs Rideau-kanalen og slusene. Mot kvelden samlast vi til solnedgangscocktail på terrassen til det historiske Château Laurier, med utsikt mot Parliament Hill. Middag på eiga hand.
(F)

Vi er i den canadiske hovudstaden, og dagen byrjar med foredrag om det kanskje viktigaste forholdet i landets utanrikspolitikk: naboskapet med USA. Foredraget Canada – verdens største lillebror handlar om at Canada og USA deler ei svært lang grense, og historia er full av både samarbeid og konfliktar. Krigen i 1812 sette tidlege spor i forholdet mellom USA og dei britiske koloniane i nord. Seinare voks handel, forsvarssamarbeid og økonomiske band, men også spørsmålet om korleis Canada kan halde på sin eigen identitet ved sida av ei supermakt. Eva og Joar dreg linjer frå 1800-talet til vår tids debattar om handel, tryggleik og Donald Trump.
Etter foredraget går vi på guida vandring på Parliament Hill, sentrum for den føderale politikken. Vi får omvising i Underhuset i West Block. Etter felles lunsj kryssar vi elva til Canadian Museum of History, som gir ei brei innføring i historia frå dei første urfolkssamfunna til kolonisering, nasjonsbygging og det moderne Canada. Kvelden er fri til eigne opplevingar.
(F, L)
Vi køyrer frå Ottawa mot Toronto og stoppar i Kingston, den første hovudstaden i provinsen Canada (1841–1844), og et felles lunsj her. Dei som ønsker det, kan besøke festninga Fort Henry på eiga hand.
Undervegs i bussen rettar Eva og Joar merksemda mot ein viktig del av den canadiske sjølvforståinga, idretten, med foredraget Canada – alltid på pallen, sommer som vinter. Ishockey er meir enn ein sport i Canada – for mange er han ein del av den nasjonale identiteten. Oppgjeret mot Sovjetunionen i Summit Series i 1972 vart ei av dei store idrettshendingane i etterkrigstida. Landet har også markert seg i vinteridrett og internasjonale meisterskap. Vi får dessutan høyre historia om Terry Fox, som i 1980 sprang over 5 300 kilometer gjennom Canada med protesebein for å samle inn pengar til kreftforsking, og som vart eit nasjonalt symbol på mot og fellesskap.
Vi kjem til Toronto på ettermiddagen. Kvelden er fri. Dei som vil, kan ta turen til CN Tower (ikkje inkludert i prisen), som ligg kort veg frå hotellet.
(F, L)
I Toronto byrjar vi med det siste foredraget frå Eva og Joar, der dei norske og canadiske historielinjene møtest. I foredraget Canada og Norge – arktiske naboer fortel dei om banda mellom Norge og Canada. Rundt år 1000 kom norrøne sjøfararar til det som no er Newfoundland, og seinare følgde norsk utvandring til Nord-Amerika. Under andre verdskrigen fekk samarbeidet særleg stor betydning: frå 1940 vart norske flygarar utdanna ved Little Norway i Toronto-området, før verksemda også vart flytta til Muskoka. Eva og Joar ser på dei historiske sambanda og spør kva vi har felles i dag, frå NATO og nordområda til naturressursar, fiskeri og forholdet til urfolk.
Deretter tek bussen og ein lokal guide oss til minnesmerket over Little Norway, der vi kjem tett på denne delen av norsk krigshistorie. Vi held fram til Fort York, som vart etablert i 1793 og seinare fekk ei sentral rolle under krigen mellom USA og Storbritannia i 1812.
Etter felles lunsj tek bussen oss til Distillery District og St. Lawrence Market, der ein kan rusle på eiga hand blant historiske bygningar, butikkar og matboder. Hockey Hall of Fame ligg også innanfor rekkevidd.
Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag og deler inntrykka frå dagane saman.
(F, L, M)

Vi sjekkar ut og køyrer til Niagarafalla, eitt av dei mest imponerande naturfenomena i Nord-Amerika. Her får vi sjå Horseshoe Falls på nært hald og oppleve dei enorme vassmassane som stuper ned mellom Canada og USA.
På Queenston Heights besøker vi Brock’s Monument. Her stod slaget 13. oktober 1812, då amerikanske styrkar kryssa Niagaraelva og møtte britiske og allierte forsvarsstyrkar. Den britiske generalen Isaac Brock fall i slaget og vart seinare ein viktig skikkelse i canadisk historie. Besøket bind saman fleire av trådane frå reisa: kolonihistorie, grensene og forholdet til USA.
Vi rundar av med lunsj på vingarden Peller Estates i Niagara-on-the-Lake, før bussen køyrer oss til flyplassen i Toronto. Vi tek kveldsflyet heim via Paris og landar i Oslo ettermiddagen onsdag 6. oktober.
(F, L)
Flyreisa går over natta, og vi er framme i Norge 6. oktober på ettermiddagen.