Avreise frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger til Manchester. Vi blir fleire grupper frå ulike avreisebyar på dette cruiset. Bussen vår tek oss frå flyplassen i Manchester til hotellet i Liverpool sentrum (for dei som kjøper reisa med fly). Om kvelden anbefaler vi eit besøk på Cavern Club der ein kan oppleve live Beatles-musikk frå gode coverband.
Etter ein god frukost på hotellet har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord om ettermiddagen. Skipet vårt, Borealis, har 702 lugarar og tilbyr ei cruiseoppleving med ein varm og innbydande atmosfære. Dei fleste av dei andre passasjerane er engelske turistar.
Frå Liverpool seglar vi sakte ut frå Mersey-elva og inn i Irskesjøen, og vi møtest i restauranten til den første middagen om bord. Vi har vår eigen del av hovudrestauranten, og kan nyte maten medan skipet tek fatt på den første etappen. Resten av kvelden og natta går med til å segle nordover forbi Isle of Man og Hebridane.
(F, M)
Denne dagen er vi på sjøen heile tida på veg nordover mot Færøyane, Island og Grønland, og vi legg opp til foredrag av Harald Stanghelle. Tema for foredraga kjem!
Elles blir det god tid til å slappe av og nytte seg av alle fasilitetar om bord på skipet (nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det butikkar, bibliotek, treningsrom, utandørs joggeløype og rom for kortspel. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltida på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Borealis med sauna, symjebasseng og badestampar.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Norge og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. Tidleg om morgonen kjem vi fram til hovudstaden, Tórshavn. Frå frukostrestauranten følgjer vi med på innseglinga til den grøne, dramatiske kysten.
I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Tórshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen. Skipet ligg til kai heile dagen, og vi anbefaler at ein bruker tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. Her kan ein også melde seg på ein av dei mange utflukter arrangert av reiarlaget (mot tillegg i pris). Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825. Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, og i tillegg ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.
Etter at vi har ete middag i restauranten, set skipet kurs vidare nordover mot Island.
(F, L, M)
Gjennom dagen seglar vi på open sjø i retning sagaøya, og kanskje ser vi konturane av kysten til vulkanøya før det mørknar. Undervegs blir det foredrag av Harald Stanghelle med tema om Island.
Om kvelden samlast vi i delen vår i hovudrestauranten. Ein kan også ete middag på ein av dei andre restaurantane, viss ein ønskjer det. Er vi heldige, får vi oppleve ein nydeleg solnedgang ute på det opne havet.
(F, L, M)
Denne dagen har vi god tid til å oppleve bykjernen i Reykjavik. Vi kan for eksempel anbefale eit besøk i den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Nokre dagar har dei også gratis orgelkonsertar der. Framfor kyrkja står ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Derifrå er det kort veg til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Frå statuen kan vi sjå det imponerande konserthuset Harpa.
Landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2 er også verdt å få med seg. Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar.
Eit anna alternativ for dei som er historieinteresserte, er Islands nasjonalmuseum. Ein kan også besøkje Sagamuseet som viser landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte.
Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum for å oppleve folkelivet. Ein kan også melde seg på utflukter arrangert av cruiseselskapet mot tillegg i turprisen.
Om kvelden blir det middag i hovudrestauranten medan vi startar på turen vestover mot Grønland.
(F, L, M)
Det blir heil dag til sjøs mot Grønland, og ruta vi følgjer har nok blitt brukt heilt frå vikingtida og vidare i mellomalderen. Vi legg opp til foredrag av Harald Stanghelle også denne dagen. Tema kjem.
Elles er det mange ting å gjere om bord. Vi satsar på fint vêr denne sommardagen og anbefaler å bruke dagen ute på dekk. Viss ein treng ei forfrisking, er det mange tilbod om bord, inkludert cocktail- og vinbar og fleire pubar. Utvalet av restaurantar er også stort, med alt frå gourmetrestaurantar med kvite dukar, til enklare bistroar.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Tidleg denne morgonen seglar vi inn i Prins Christians sund som strekkjer seg heile 100 kilometer inn i landet. Eirik Raude tok truleg denne ruta då han kom til Grønland for første gong for å unngå røffare sjø rundt Kapp Farvel. Sundet er berre 500 meter på det smalaste og er omkransa av vakre fjell, granittblokker og isbrear. Det lange sundet eller fjorden er berre open for sjøfart om sommaren, då store ismassar stengjer sundet gjennom den lange vinteren.
Er vi heldige, får vi sjå mykje av det varierte dyrelivet. Her finst både skjeggselar, svarte lomviar i tillegg til våg- og blåkvalar.
I dag blir foredraget til Harald Stanghelle omhandlande Grønland.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Neste morgon vaknar vi medan skipet er på veg inn til Narsarsuaq. Denne koselege bygda har berre ca. 200 innbyggjarar. I dette området er det eit utruleg dyreliv og fantastiske brear med glasklår, blå farge.
Her finn vi også ein statue av Eirik Raude. Omkring år 985 slo han seg ned på Brattalid inst i fjorden, og som seinare vart kalla opp etter han. Garden vart graven ut på 1920-talet av dei danske arkeologane Poul Nørlund og Aage Roussell. På 1960-talet vart også Tjodhildkyrkja, som høyrde til garden, grave ut. Kyrkja målte berre 2 x 3,5 meter, og er no bygd opp att ikkje langt frå den opphavlege staden. Garden og kyrkja var ein del av det som vart kalla Austbygda på Grønland. Cruiseselskapet arrangerer også utflukter her (mot tillegg i pris.)
Avgang om kvelden. Etter middag i restauranten set skipet kurs mot aust i retning Qaqortoq.
(F, L, M)
Qaqortoq er den største byen i Søraust-Grønland, og den vart grunnlagd av norske handelsmenn i 1775. Bynamnet tyder “Den kvite” etter den kvitkalka Hvalsey kyrkje frå norrøn tid. Dette var ein av dei viktigaste norrøne busetnadene på øya og var ein del av Austerbygda. På 1400-talet forsvann dei siste norrøne folka frå området, og årsaka til forsvinninga er omstridd. Den siste skriftlege kjelda om busetjinga er frå 1408, men det vert hevda at oppdagaren Didrik Pining besøkte busetnadene på Grønland så seint som i 1480-åra. Ruinane er no på UNESCO si verdsarvliste.
Den vesle byen på vel 3000 innbyggjarar ligg fint til mellom åsar med sine sterkt farga hus. Her har vi tida frå tidleg morgon til sein ettermiddag i byen og området rundt. Vi kan anbefale ein spasertur til sentrum av bygda med sine mange butikkar og eit par kaféar. Rundt torget finn ein skulpturar frå kjende skandinaviske kunstnarar og Grønlands eldste fontene frå 1928. Dei 40 skulpturane kom til gjennom engasjementet til den lokale kunstnaren, Aka Høegh.
Rett sør for Qaqortoq ligg det varme kjelder som ein kan bade i, og det er lett å ta seg ein fjelltur rundt byen. Cruiseselskapet arrangerer også utflukter (mot tillegg i prisen).
Om kvelden samlast vi i delen vår av hovudrestauranten. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Om natta har skipet teke oss ein ny etappe på eventyrreisa vår, og vi ankrar opp i Nanortalik som har om lag 1500 innbyggjarar. Bygda ligg ved innfarten til den imponerande Tasermiutfjorden og dei bratte fjella rundt.
Dette er eitt av områda der det er ein del isbjørnar. Dei lever og jagar på sjøisen nær byen, og det er mykje kval og sel i sjøen.
Vi har god tid i land, og vi anbefaler ein tur til den gamle hamna i sentrum av bygda, som delvis er gjort om til eit museum. Dette er Grønlands mest omfattande lokalmuseum, og det tek for seg fiske- og fangsthistoria til bygda og landsdelen. Ein kan også velje å melde seg på ekskursjonar i regi av cruiseskipet til attraksjonar i nærleiken (mot tillegg i pris).
Avreise seint om ettermiddagen. Denne kvelden seglar skipet forbi Grønlands sørlegaste punkt, Kapp Farvel, og vi legg øya bak oss og set kursen mot nordvestkysten av Island. Viss vi er heldige, får vi med oss ein fin solnedgang denne julinatta.
(F, L, M)
Skipet tek oss sørover mot Island. Vi legg opp til foredrag av Harald Stanghelle også denne dagen.
Vi har møtepunkt i stamkaféen vår, så ein kan slå av ein prat med kvarandre der utover dagen. Her vil ein også finne reiseleiarane til faste tidspunkt både på for- og ettermiddagen. Vi anbefaler elles å nytte seg av dei mange tilboda og aktivitetane om bord, eller nyte livet ved symjebassenget viss vêret tillèt det. Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Etter ein god frukost får vi det første av to foredrag frå Harald Stanghelle denne dagen. Før middag rekk vi det andre. Fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår.
Før vi legg oss om kvelden, kan det hende at vi skimtar kysten av Island i det fjerne. Det var det same synet som møtte dei islandske oppdagarane som vende heim frå Grønland i norrøn tid.
(F, L, M)
Reisa nærmar seg slutten, og vi har fått oppleve mektig natur, og kanskje sett noko av det særeigne plante- og dyrelivet på Grønland og Island. Øyane har fantastisk varierte, storslegne landskap noko som kan bli temaet i det siste foredraget til Stanghelle.
Etter lunsj kan ein slappe av og nytte dei mange fasilitetane om bord. Dersom sola skin denne julidagen, anbefaler vi ein dukkert i symjebassenget. Elles finst det både trimrom og joggeløype (walking track) på skipet, viss ein ønskjer å trene.
(F, L, M)
Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auge på to store, gulmåla kraner kalla Samson og Goliath. Desse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irland sin hovudstad på kartet. Vi legg til kai i Belfast.
Ei utflukt som er verdt å få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (mot tillegg i prisen, informasjon om påmelding kjem når turen nærma seg). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi går også gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og får elles sjå mange gjenstandar frå skipet.
Ein kan også utforske byen på eiga hand, og då kan ein ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen.
Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første omgang var ein politisk strid om nasjonalitet, også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, vart det oppretta sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleria frå denne tida både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål.
Vi møtest i hovudrestauranten til den siste middagen saman før avreisedagen. Om natta passerer vi Isle of Man som låg under kongen av Norge heilt til 1266, og set kursen mot munninga av Mersey-elva og Liverpool.
(F, L, M)
Om morgonen seglar vi roleg inn mot Liverpool. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassen i Manchester for heimreisa tilbake til Norge.
(F)