
4. – 19. juli 2027.
Liverpool – Tórshavn – Reykjavík – Narsarsuaq – Qaqortoq – Nanortalik – Belfast – Liverpool.
Velkommen med på det store cruiset til Grønland og Island! På denne draumeruta får vi oppleve den eksotiske naturen og dyrelivet på desse store øyane vest i havet. Gjennom forelesingar av Harald Stanghelle får vi lære meir om historia og samtida til folka som lever her.
Vi startar med fly til Manchester, der bussen køyrer oss til Liverpool, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet, Borealis. Derifrå går ferda til Færøyane og nordover til Reykjavik på Island, før vi set kursen mot Grønland og dei gamle norrøne bygdene sørvest på øya. Vi seglar først inn Prins Christians sund før vi kjem til Narsarsuaq med ruinane etter Eirik Raude sin gard. Vidare går skipet til Sør-Grønlands største by, Qaqortoq og så til Nanortalik, der det er størst sjanse til å sjå isbjørn. Turen held så fram til Belfast, før vi returnerer til Liverpool.
Undervegs på turen blir det spennande foredrag av Harald Stanghelle om tema heilt frå norrøn tid til samfunn og kultur på dei to øyane i moderne tid. Stanghelle budde på Grønland i unge år, og har blant mykje anna vore sjefredaktør i Dagbladet, nyheitsredaktør og politisk redaktør i Aftenposten, i tillegg til leiar i Norsk Redaktørforening. Frå 2019 har han leia hovudprogramkomiteen for Arendalsuka.




















