Avreise frå Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim til Manchester. Flytider kjem seinare. Vi blir fleire grupper frå ulike avreisebyar på dette cruiset. Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet vårt i Liverpool sentrum (for dei som kjøper reisa med fly). Om kvelden anbefaler vi eit besøk på Cavern Club der ein kan oppleve live Beatles-musikk frå gode coverband.
Etter ein god frukost på hotellet har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn på båten. Den går frå kaia i Liverpool seint på ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Bolette, har 690 lugarar og tilbyr ei cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.
Frå Liverpool seglar vi sakte ut frå Mersey-elva og inn i Irskesjøen, og vi møtest i restauranten til den første middagen om bord. Vi har vår eigen del av hovudrestauranten, og kan nyte maten medan skipet tek fatt på den første etappen. Resten av kvelden og natta går med til å segle nordover forbi Isle of Man mot Shetland.
(F, M)
Etter ein god frukost får vi den første språkkvelden med Linda Eide og Gunnstein Akselberg. I kjend stil blir det mykje språkmoro og mykje nytt å lære frå dei to. Sidan vi seglar frå England mot Skottland denne dagen, blir det kanskje noko om desse språkområda.
Elles blir det god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar (nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det butikkar, bibliotek, treningsrom, utandørs løype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Bolette med sauna, symjebasseng og badestampar.
Før middag får vi det første kåseriet frå Gunnstein. Tema kjem seinare. Det blir som i går fellesmiddag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Her har vi tid i land til å bli kjend i den vesle bykjernen. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (ikkje inkludert i turprisen), eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt handling.
Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base, dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.
Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.
Etter ein dag på land lettar vi anker og seglar sørvestover. Fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.
Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til tidleg kveld i byen. Her er det lagt opp til at vi kan delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget (mot tillegg i prisen). Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans, Magnus Orknøyjarl. Byggjearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie.
Vi kan også anbefale to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria.
Når vi er tilbake på skipet er det klart for ny språkkveld med Linda Eide og Gunnstein. Sidan vi nettopp har vore på Shetland og Orknøyane, kjem det kanskje noko frå desse øyane. Vi gler oss! Spesielt Shetland har mange stadnamn og ord og uttrykk frå norrønt, og den siste som snakka det gamle språket norn, døydde midt på attenhundretalet.
Etter middag i restauranten set skipet kurs sørvest i retning Hebridane. Vi sit som vanleg saman i hjørnet “vårt” i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Mot kvelden og natta segler skipet vestover og sørover mot Hebridane og vestkysten av Skottland. Tidleg om morgonen ankrar vi opp i Stornoway, den største byen og hovudstaden på Ytre Hebridane. Byen ligg fint til med ei naturleg hamn i le for vind med landemerket Lewis Castle. På desse øyane snakkar mange skotsk-gælisk, og dei er veldig stolte av kulturen og språket sitt.
I Stornoway kan vi anbefale den kjende tweed-produsenten Harris Tweed, der ein kan kjøpe med seg dei klassiske plagga. Destilleriet Abhainn Dearg produserer whisky og gin av høg kvalitet, og desse kan kjøpast frå utsalet deira i Stornoway.
Om kvelden går båten frå Stornoway, og reisa vår fortset austover. Det blir som vanleg fellesmiddag i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Nytt kåseri frå Gunnstein Akselberg etter frukost. Tema kjem seinare.
Denne dagen går med til å segle sørover langs austkysten av Skottland På vegen passerer vi to landemerke som vikingane også må ha styrt etter for over tusen år sidan.
Bac Mòr, også kalla Dutchman’s Cap på grunn av den soppforma silhuetten sin, er ei av dei mest kjende av Treshnish-øyane i dei indre Hebridane. I sommarmånadene kan ein sjå frodige grasmarker og eit mangfald av villblomar på øya. Bac Mòr er eit naturvernområde, så her er både hekkande lundefuglar, alker, havhestar og polarlomvi.
Litt lenger søraust ligg Fingal’s Cave kjend for dei symmetriske søylene av basaltstein som stig rett opp frå havet. Sjølve grotta har eit naturleg bogeforma tak som skaper ei trolsk stemning når bølgjene slår mot veggane og lagar ekko. Det blir sagt at denne grotta inspirerte Mendelssohn til å komponere Hebridane-ouverturen. Det vart rapportert at komponisten straks skreiv ned opningstemaet til komposisjonen etter å ha sett øya på ein båttur i 1829. Først kalla han verket Zur einsamen Insel (Til den einsame øya), men han bestemte seg seinare for den noverande tittelen.
I følgje legenden bygde kjempa Finn McCool Fingal’s Cave som eit tilfluktsstad frå erkefienden Benandonner, og staden skal ha strekt seg heilt til Giant’s Causeway i Nord-Irland som har liknande steinformasjonar. I august badar mange i det klare vatnet i grotta, og frå dekk på skipet kan vi sjå folk symje og snorkle mellom dei sekskanta søylene.
Før middag er vi klare for den siste språkkvelden med Linda Eide og Gunnstein Akselberg. Vi kan kanskje forvente oss språkmoro med skotsk-gæliske ord og dialektord frå Hebridane, når Linda og Gunnstein for første gang tek showet sitt til desse øyane.
Etterpå møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Om morgonen seglar vi roleg inn mot Liverpool. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassen i Manchester for heimreisa tilbake til Norge.
(F)
Informasjon om ETA (Storbritannia):
Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år.