Cruise til Shetland, Orknøyane og Hebridane med Linda Eide og Gunnstein Akselberg

26. august - 2. september 2026.

Liverpool – Shetland – Orknøyane – Ytre Hebridane – Liverpool

I 2025 tok dei showet sitt med på elvecruise. No stikk dei til havs! Vi er glade for å kunne invitere til eit heilt spesielt cruise til dei skotske øyane med språkkveldar med Linda Eide og Gunnstein Akselberg undervegs. I tillegg blir det spennande kåseri om språk, historie og kultur frå Akselberg om bord på båten.

Vi startar med fly til Liverpool, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Bolette. Her kan ein få med seg coverband som spelar Beatles-musikk på berømte Cavern Club. Derifrå går ferda til Lerwick, hovudstaden på Shetlandsøyane og til Kirkwall på Orknøyane. Skipet set så kurs vestover mot den vesle fiskelandsbyen Stornoway på Hebridane før vi segler via landemerka Bac Mòr og Fingal’s Cave tilbake til Liverpool.

Linda Eide er journalist og programskapar og har vunne mange prisar for arbeidet sitt, blant anna Gullruten to gonger. Frå 2017 til 2023 var ho programleiar for Eides Språksjov på NRK. Språkprofessor Gunnstein Akselberg har vore forelesar på fleire turar til dei skotske øyane, og har stor interesse for dette vakre området.

Shetland, Orknøyane og Hebridane har ei historie som heng tett saman med vår eiga, og dei har alle tre interessante kulturelle særtrekk. Det mest talte språket på øyane er skotsk, men fleire, spesielt på Hebridane snakkar gælisk. Det er heller ikkje lenge sidan det norrøne språket døydde ut her, og ein finn det spesielt igjen i dialektord og stadnamn. Mykje stoff å lage språkmoro med altså! Det blir tre språkkveldar med ulike tema om bord, så dette blir ei veldig kjekk oppleving for alle oss som saknar Linda Eide og Gunnstein Akselberg frå TV-skjermen.

Pris frå:
26 950,-
Dagar: 8
Inkludert for alle:
  • 1 overnatting på 3 til 4-stjerners hotell
  • Busstransport hotell-hamn
  • 6 overnattingar på cruiseskipet Bolette
  • 7 frukostar
  • 6 middagar
  • 5 lunsjar
  • Kveldsunderhaldning på cruiset
  • Reiseleiar frå Fotefar med på heile turen
  • Språkkveldar med Linda Eide og Gunnstein Akselberg

Inkludert for dei som kjøper turen med fly:
  • Flyreise Oslo, Trondheim, Stavanger eller Bergen – Liverpool t/r (tilknyting frå andre byar mot tillegg ved førespurnad)
  • Busstransport flyplass-hotell første dag
  • Busstransport hamn-flyplass siste dag

Ikkje inkludert:
  • Flytilknyting frå/til andre byar i Norge
  • Enkeltromstillegg
  • Måltid utover det som står i programmet
  • Drikke
  • Tips, 7 pund per natt på cruiset
  • Utflukter arrangerte av cruiseselskapet

  • Minimum tal deltakarar: 60 personar

Om skipet

Bolette

Vi seglar med skipet Bolette, som er oppkalla etter oldemora til Fred Olsen. Det har 690 gjestelugarar. Om bord finn vi noko for kvar ein smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er teater, butikkar, handverksrom, treningssenter og spa-avdeling.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 26. august - Vi reiser til Liverpool

    Avreise frå Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim til Manchester. Flytider kjem seinare. Vi blir fleire grupper frå ulike avreisebyar på dette cruiset. Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet vårt i Liverpool sentrum (for dei som kjøper reisa med fly). Om kvelden anbefaler vi eit besøk på Cavern Club der ein kan oppleve live Beatles-musikk frå gode coverband.

    Onsdag 26. august - Vi reiser til Liverpool
  • Dag 2: Torsdag 27. august - Liverpool og om bord på cruiseskipet Bolette

    Etter ein god frukost på hotellet har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn på båten. Den går frå kaia i Liverpool seint på ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Bolette, har 690 lugarar og tilbyr ei cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.

    Frå Liverpool seglar vi sakte ut frå Mersey-elva og inn i Irskesjøen, og vi møtest i restauranten til den første middagen om bord. Vi har vår eigen del av hovudrestauranten, og kan nyte maten medan skipet tek fatt på den første etappen. Resten av kvelden og natta går med til å segle nordover forbi Isle of Man mot Shetland.
    (F, M)

    Torsdag 27. august - Liverpool og om bord på cruiseskipet Bolette
  • Dag 3: Fredag 28. august – Til sjøs mot Shetland

    Etter ein god frukost får vi den første språkkvelden med Linda Eide og Gunnstein Akselberg. I kjend stil blir det mykje språkmoro og mykje nytt å lære frå dei to. Sidan vi seglar frå England mot Skottland denne dagen, blir det kanskje noko om desse språkområda.

    Elles blir det god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar (nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det butikkar, bibliotek, treningsrom, utandørs løype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Bolette med sauna, symjebasseng og badestampar.

    Før middag får vi det første kåseriet frå Gunnstein. Tema kjem seinare. Det blir som i går fellesmiddag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

    Fredag 28. august – Til sjøs mot Shetland
  • Dag 4: Laurdag 29. august – Lerwick på Shetland

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Her har vi tid i land til å bli kjend i den vesle bykjernen. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (ikkje inkludert i turprisen), eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt handling. 

    Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base, dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.

    Etter ein dag på land lettar vi anker og seglar sørvestover. Fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

    Laurdag 29. august – Lerwick på Shetland
  • Dag 5: Søndag 30. august – Kirkwall på Orknøyane

    Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.

    Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til tidleg kveld i byen. Her er det lagt opp til at vi kan delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget (mot tillegg i prisen). Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans, Magnus Orknøyjarl. Byggjearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie.

    Vi kan også anbefale to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria.

    Når vi er tilbake på skipet er det klart for ny språkkveld med Linda Eide og Gunnstein. Sidan vi nettopp har vore på Shetland og Orknøyane, kjem det kanskje noko frå desse øyane. Vi gler oss! Spesielt Shetland har mange stadnamn og ord og uttrykk frå norrønt, og den siste som snakka det gamle språket norn, døydde midt på attenhundretalet.

    Etter middag i restauranten set skipet kurs sørvest i retning Hebridane. Vi sit som vanleg saman i hjørnet “vårt” i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

    Søndag 30. august – Kirkwall på Orknøyane
  • Dag 6: Måndag 31. august – Stornoway på Ytre Hebridane

    Mot kvelden og natta segler skipet vestover og sørover mot Hebridane og vestkysten av Skottland. Tidleg om morgonen ankrar vi opp i Stornoway, den største byen og hovudstaden på Ytre Hebridane. Byen ligg fint til med ei naturleg hamn i le for vind med landemerket Lewis Castle. På desse øyane snakkar mange skotsk-gælisk, og dei er veldig stolte av kulturen og språket sitt.

    I Stornoway kan vi anbefale den kjende tweed-produsenten Harris Tweed, der ein kan kjøpe med seg dei klassiske plagga. Destilleriet Abhainn Dearg produserer whisky og gin av høg kvalitet, og desse kan kjøpast frå utsalet deira i Stornoway.

    Om kvelden går båten frå Stornoway, og reisa vår fortset austover. Det blir som vanleg fellesmiddag i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Tysdag 1. september – Til sjøs forbi Bac Mòr og Fingals’s Cave

    Nytt kåseri frå Gunnstein Akselberg etter frukost. Tema kjem seinare.

    Denne dagen går med til å segle sørover langs austkysten av Skottland På vegen passerer vi to landemerke som vikingane også må ha styrt etter for over tusen år sidan.

    Bac Mòr, også kalla Dutchman’s Cap på grunn av den soppforma silhuetten sin, er ei av dei mest kjende av Treshnish-øyane i dei indre Hebridane. I sommarmånadene kan ein sjå frodige grasmarker og eit mangfald av villblomar på øya. Bac Mòr er eit naturvernområde, så her er både hekkande lundefuglar, alker, havhestar og polarlomvi.

    Litt lenger søraust ligg Fingal’s Cave kjend for dei symmetriske søylene av basaltstein som stig rett opp frå havet. Sjølve grotta har eit naturleg bogeforma tak som skaper ei trolsk stemning når bølgjene slår mot veggane og lagar ekko. Det blir sagt at denne grotta inspirerte Mendelssohn til å komponere Hebridane-ouverturen. Det vart rapportert at komponisten straks skreiv ned opningstemaet til komposisjonen etter å ha sett øya på ein båttur i 1829. Først kalla han verket Zur einsamen Insel (Til den einsame øya), men han bestemte seg seinare for den noverande tittelen.

    I følgje legenden bygde kjempa Finn McCool Fingal’s Cave som eit tilfluktsstad frå erkefienden Benandonner, og staden skal ha strekt seg heilt til Giant’s Causeway i Nord-Irland som har liknande steinformasjonar. I august badar mange i det klare vatnet i grotta, og frå dekk på skipet kan vi sjå folk symje og snorkle mellom dei sekskanta søylene.

    Før middag er vi klare for den siste språkkvelden med Linda Eide og Gunnstein Akselberg. Vi kan kanskje forvente oss språkmoro med skotsk-gæliske ord og dialektord frå Hebridane, når Linda og Gunnstein for første gang tek showet sitt til desse øyane.

    Etterpå møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

    Tysdag 1. september – Til sjøs forbi Bac Mòr og Fingals’s Cave
  • Dag 8: Onsdag 2. september – Liverpool og heimreise

    Om morgonen seglar vi roleg inn mot Liverpool. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassen i Manchester for heimreisa tilbake til Norge.
    (F)

  • Viktig informasjon:

    Informasjon om ETA (Storbritannia): 
    Norske borgarar må ha ein godkjend ETA-søknad (Electronic Travel Authorization), innreiseløyve, for innreise til Storbritannia. Søknaden fyllast ut av den reisande sjølv, på nettet (Apply for an electronic travel authorisation (ETA) - GOV.UK) eller i ein app (UK ETA). Løyvet er gyldig i to år, eller kortare om passet sin gyldigheitstid er kortare enn to år. 

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
26/8BergenBoletteMeir enn 830 950,-BestillMer informasjon
26/8OsloBoletteMeir enn 829 950,-BestillMer informasjon
26/8StavangerBoletteMeir enn 831 950,-BestillMer informasjon
26/8TrondheimBoletteMeir enn 831 950,-BestillMer informasjon
26/8LiverpoolBolette
Utan flyreise
Meir enn 826 950,-BestillMer informasjon